Spesialisering i generell indremedisin ved Molde sjukehus

Frå medisinsk sengepost A i Molde.

Frå medisinsk sengepost A i Molde.

Molde sjukehus er eit mellomstort lokalsjukehus for innbyggarane i Romsdal, med ei befolkning  på ca. 70 000 innbyggarar. For enkelte fagområde har Molde sjukehus også ansvar for innbyggarar på Nordmøre. Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, SNR, er under bygging på Hjelset, om lag 20 km utanfor Molde sentrum, og blir klar for innflytting våren 2025. Befolkningsgrunnlaget for SNR er venta  å være 120 000 innbyggarar, og vil erstatte dei to sjukehusa i Molde og Kristiansund. 

Medisinsk avdeling Molde har i dag spesialister innafor lungesjukdomar, kardiologi, gastroenterologi, endokrinologi, infeksjonsmedisin og hematologi, og forsøker aktivt å rekruttere også nefrolog og geriater. Avdelinga er seksjonert og har til saman 46 senger,  6 av desse er overvakingssenger samlokalisert i felles medisinsk og kirurgisk intensiv. 

Avdelinga har 15 overlegar og 3-4 LIS-legar i konstituert overlegestilling, i tillegg 14 LIS 2/3 og 10 LIS 1.  Frå hausten 2022 blir det 11 LIS 1. Overlegane går i generell (ikkje-seksjonert) 14-delt bakvakt, aktiv vakt  til kl. 21 på kvardagar og til kl. 16 i helgane. LIS 2/3 går i 12-delt vaktturnus, med to-delt døgn, dvs. dagvakt frå kl. 08-16 og nattevakt frå kl. 16 til kl. 09 med rapportering på morgonmøtet. LIS 1 går i 10-delt turnus  med dagvakt, ettermiddagsvakt (på kvardagar) og nattevakt. Vaktarbeidet som LIS 2/3 er variert med arbeid i akuttmottak, på sengepostar, tilsyn og intensiv, og vurdering av både polikliniske og innlagte pasientar. LIS 2/3 leder medisinsk akutt-team (MET) og har høve  til å delta i slagteam, men ansvaret for diagnostikk og behandling av hjerneslag ligg hos nevrologisk avdeling. Det er likevel lagt til rette for at også indremedisinske læringsmål innafor nevrologi vert oppfylt  ved å delta  i slagteam og ved 1 veke planlagt hospitering ved nevrologisk avdeling for alle LIS 2/3. I vaktarbeidet inngår også vurdering av prehospitale EKG, elektrokonvertering og bruk av orienterande  ultralyd. 
Medisinsk avdeling har  morgonmøte med internundervisning fire dagar i veka. Arbeidet består ellers i postarbeid og poliklinikk, organisert ut frå kvart enkelt fagområde. I  tenesteplanen til LIS 2/3  inngår både vaktarbeid, postarbeid, faste dagar til poliklinikk og til fordjuping. 


Del 2 indremedisin​​

Ved medisinsk avdeling  får LIS 2/3 utdanning som gjer det mogleg å få oppfylt alle læringsmåla i del 2 felles indremedisin. For å oppfylle læringsmåla innafor slagbehandling og akutt nevrologi (FIM-015, FIM-016, FIM-017, FIM-018, FIM-138, FIM-139) med tilhøyrande  prosedyrekrav har vår avdeling  ein etablert avtale med nevrologisk avdeling her på sjukehuset om at alle våre LIS2/3 får hospitere 1 veke på nevrologen ila. spesialiseringa, og våre LIS 2/3 vert varsla også om slagteam, med moglegheit  for deltaking. Når det gjeld læringsmål som handlar om  ultralyd (FIM-059, FIM-078) er det lett tilgjengeleg hospitering etter avtale på fordjupingsdagar ved radiologisk avdeling på sjukehuset som har eit stort volum prosedyrar. Læringsmåla i del 2 indremedisin i geriatri og nefrologi vert oppfylt  også hos oss. Vi har i dag ikkje spesialister innanfor fagområda, men pasientgrunnlaget er til stades, og også desse pasientane  vert behandla her.  Læringsmåla vert oppnådd   av andre læringsaktivitetar (som kurs), og det er spesielt fokus på at desse læringsmåla er godt dekka  av internundervisning i avdelinga. Vanlegvis startar ein med teneste som er tilpassa del 2 av spesialiseringa dersom legen  har lite erfaring frå tidlegare. Etter kvart som ein får meir erfaring,  får legen meir krevjande oppgåver slik at ein også kan få oppfylt læringsmål for del 3 indremedisin. 

Del 3 indremedisin

Også for del 3 får LIS-legen  oppfylt dei fleste læringsmåla i vår avdeling. Læringsmål som ikkje vert dekt i Molde er dei som handlar om  nyresjukdommar og geriatri, sidan vi per i dag ikkje har desse spesialitetane  i Molde (gjeld MED-026-037 og MED-081-084). Desse læringsmåla får ein oppnådd  enten ved  Kristiansund sjukehus eller ved Ålesund sjukehus Det vil derfor vere behov for teneste ved eit av dei andre sjukehusa i helseforetaket. For enkelte vil det vere eit ønske om 2 hovudspesialitetar innanfor indremedisinen.  Då vil det også kunne vere behov for teneste ved eit anna helseforetak (for eksempel dersom ein ønsker spesialitet i både generell indremedisin og lungemedisin, med teneste ved St Olavs hospital). Då kan ein eventuelt også få oppnå dei læringsmåla i del 3 indremedisin ved eit anna helseforetak. Varigheit på den aktuelle tenesta  og praktisk organisering vert utarbeidd  individuelt. 



Når LIS startar hos oss,  får legen eit tilpassa introduksjonsprogram avhengig av tidlegare erfaring. Dette inkluderer innføring i daglege rutinar, prosedyrar, vaktarbeid og IT-opplæring. Legen får tildelt rettleiar og vil og få ein «mentor» i LIS-gruppa som kan kontaktast etter behov for alle moglege praktiske spørsmål ein måtte ha den første tida. Legen får følgevakter etter eigen plan før ein  startar i sjølvstendige vakter. Legen får opplæring i orienterande ultralyd av hjerte og lunger, opplæring i NIV/high-flow oksygen, thoraxdrenasje og AHLR-kurs ved oppstart. 

Internundervisninga ved medisinsk avdeling  vert gjennomført i  tilslutning til morgonmøtet tysdag til torsdag. Tysdagar er det artikkelreferat med  avsett tid 20 min.  Onsdagar undervisning i 40 minutt basert på kasuistikk. Torsdagar er det oppgitt  tema i tråd med  læringsmåla for del 2/3 indremedisin med avsett tid  40 min. Undervisninga vert  gjennomført 42 veker i året, noko som svarer til  70 undervisningstimer per år. I tillegg kjem undervisning på fredagar i 30 min for alle legane ved sjukehuset, der medisinsk avdeling har ansvar for  fire foredrag i året, og der det er mange andre relevante tema som også dekker læringsmål for indremedisin. Overlegar og LIS 2/3 har like mange  foredrag i året. 

Avdelinga har også seksjonsvis undervisning i lungesjukdomar, hjertesjukdomar, infeksjonsmedisin, endokrinologi, gastroenterologi og hematologi, dels som nettbasert undervisning regionalt eller nasjonalt. 
Legar i utdanning får delta på nasjonalt anbefalte kurs for spesialiteten, minst 10 dagar per år.

Medisinsk avdeling  har MET-simulering i akuttmottaket ein gong i månaden og arrangerer MET-kveld for LIS-gruppa kvart halvår  med gjennomgang av  fleire simuleringar. Det er regelmessig trening i AHLR for alle leger.

Avdelinga  er ikkje stor og legen  vil jobbe tett ilag med alle spesialistane. Det er dermed god tilgang på råd og hjelp etter behov, og tilgangen på både formell og uformell supervisjon og rettleiing er god. Ein vil dagleg få supervisjon av ansvarleg overlege ved sengepost, spesialist på poliklinikken og av bakvakt.

Rettleiing og fagleg utvikling

LIS får tildelt rettleiar når ein  startar hos oss og både LIS og rettleiar har eit felles ansvar for at rettleiing blir gjennomført. Det er lagt opp til rettleiing første onsdag kvar månad. Ved fråver av rettleiar eller LIS finn ein andre tidspunkt. Saman med rettleiar har LIS ansvar for å oppdatere og følgje individuell utdanningsplan.
Det er sett av tid til fagleg fordjuping tilsvarande 4 timer per veke i arbeidsplanen.


Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.​

Avdelinga  har inga eiga forskingsavdeling ved sjukehuset, men nyttar forskingsavdelinga ved  Ålesund sjukehus ved behov. Vi har likevel eit aktivt forskingsmiljø ved sjukehuset i ei eiga lita forskingseining som har tilsett ein post-doc som konsulent. Fleire av legane har delte stillingar mellom helseføretaket og NTNU. To av overlegane ved avdelinga er i gang med eit PhD-løp.

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.

Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.

Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus. ​

Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.​

Utdanningsutvalet er sett saman av  ein overlege og ein LIS. Det er overlegen som er leiar av utdanningsutvalet. Utvalet planlegg gjennomføring av internundervisning, ser til at nye LIS får tildelt rettleiar og arbeider for god kvalitet i utdanninga.

Det er tillitsvalgte på både avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå. Samarbeidet mellom dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa.

For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med:

Anja Helgaker, spesialist i lungemedisin og indremedisin. Utdanningsansvarleg overlege ved medisinsk avdeling Molde.



Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Sist oppdatert 23.05.2023