Spesialisering i generell indremedisin ved Volda sjukehus

Medisinsk avdeling er ei felles indremedisinsk avdeling med behandlingstilbod til innbyggjarane på Søre Sunnmøre som utgjer om lag 50 000. Vi har behandlingstilbod innan generell indremedisin, fordøyelsessjukdommar, hjartesjukdommar, blodsjukdommar, lungesjukdommar og endokrinologi. Avdelinga har til saman 30 sengeplassar. Avdelinga er useksjonert, men er inndelt i tre einingar etter fagfelt. Det er og mykje generell indremedisin ved alle einingane. Ved avdelinga er vi no 10 overlegar og 10 legar i spesialisering. Det er felles indremedisinsk vaktordning med tre vaktsjikt. Primærvakt dekkast av LIS1. LIS2/3 går i tilstadevakt med vaktdøgnet delt i to. Overlegane dekker bakvaktsjiktet og har og heimevaktordning. Vi har organisert vaktene i eigne vaktveker slik at du får stabile veker med samanhengande postteneste. 

I og med organiseringa vår får du ei svært brei erfaring med i praksis heile fagfeltet indremedisin under heile spesialiseringa, frå akutte indremedisinske problemstillingar (som apoplexia cerebri og STEMI) til palliative pasientar.

Avdelinga kan dekke alle læringsmål i del 2 felles indremedisin og du roterer på avdelinga for å kunne få oppfylt desse.

Hos oss får du utdanning som gjer det mogleg å få oppfylt alle læringsmåla i del 2 felles indremedisin. Vanlegvis startar du med teneste som er tilpassa del 2 av spesialiseringa dersom du har lite erfaring frå tidlegare. Etter kvart som du får meir erfaring får du meir krevande oppgåver slik at du også kan få oppfylt læringsmål for del 3 indremedisin. Vi reknar med at du treng om lag 5,5 år på å oppnå samla kompetanse i del 2 og del 3 indremedisin.  Sidan vi manglar spesialistar i fagområdene infeksjonsmedisin, geriatri og nyremedisin og også har litt lite volum av enkelte diagnosegrupper, vil du trenge 1,5 år teneste ved sjukehuset i Ålesund for å få oppfylt alle læringsmåla i spesialiteten.

Når du startar hos oss får du introduksjonskurs og opplæringsperiode med fokus på rutinar, prosedyrer, vaktarbeid og dataprogram før du startar i sjølvstendig vakt. Du får og tilbod om basale kurs innanfor ultralyd og enkel ultralyd cor på vakt.

Den teoretiske undervisninga skjer i samband med morgonmøtet to dagar per veke og varer i 45 minutt kvar gong. I tillegg har dei ulike fagområda eigen undervisning med andre sjukehus i foretaket eller webbasert regionalt eller nasjonalt som du deltek på når du er i rotasjon til de ulike fagområda. Kvart halvår set vi av tid til gjennomgang av viktige vaktprosedyrer og medisinsk-teknisk utstyr. Over ei periode på tre år blir alle større fagfelt innanfor indremedisin dekt.

Som LIS får du fri til å delta på nasjonalt anbefalte kurs for spesialiteten.

Kvar andre månad er trening i MET-team og slagteam. Vi har årleg AHLR-trening. Kvart halvår er det kurs i praktisk ultralyd på vakt (kardiologi, gastro, lunge).

Avdelinga vår er ikkje stor og du vil jobbe tett ilag med alle spesialistane. Det er dermed god tilgang på råd og hjelp etter behov, og tilgangen på både formell og uformell supervisjon og rettleiing er god.

Du vil dagleg få supervisjon av ansvarleg overlege ved sengepost, spesialist på poliklinikken og av bakvakt.

Rettleiing og fagleg utviklig:
Du får tildelt rettleiar når du startar hos oss og både du og rettleiar har eit felles ansvar for at rettleiing blir gjennomført. Det er lagt opp til rettleiing kvar månad. I tillegg kan det av og til bli arrangert grupperettleiing.

Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.​

Ved avdelinga har vi ein spesialist som er PhD-stipendiat. Vedkommande tar del i eit klinisk forskningsprosjekt utgåande frå St. Olavs hospital.

Foretaket har ei eiga forskingssavdeling som er tverrgåande i foretaket med aktivitet ved alle fire sjukehusa, og frå forskingsavdelinga får ein både hjelp og rettleiing i samband med forskingsprosjekt. 

For å dekke læringsmål knytt til forsking og kunnskapshandtering i felles kompetansemål er det sett opp kurs over 2,5 dagar med undervisning i tema innan både forsking og forbetringsarbeid og i samband med dette vil du som LIS også gjennomføre eit forbetringsprosjekt lokalt. Det er ansatte i forskingsavdelinga og seksjon for helsetenesteutvikling som deltek i undervisninga ved desse interne kursa. 

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.

Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.

Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus. ​

Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.​

Utdanningsutvalet utgjerast av ein overlege og ein LIS-lege. Det er overlege som er leiar av utdanningsutvalet. Utvalet planlegg gjennomføring av internundervisning, ser til at nye LIS-legar får tildelt rettleiar og arbeider for god kvalitet i utdanninga.

Det er tillitsvalgte på både avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå. Samarbeidet mellom dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa.

For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med:
Anders G. Grønsleth, konstituert overlege, medisinsk avdeling Volda sjukehus. Tlf:  70 05 82 00




Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Sist oppdatert 23.05.2023