Spesialisering i generell kirurgi ved SNR
Sjukehuset vårt er eit godt differensiert lokalsjukehus. Kirurgisk avdeling ved SNR er ei felles kirurgisk avdeling med seksjonering innan gastrokirurgi, generell kirurgi, urologi og plastikkirurgi og sørger for kirurgisk behandlingstilbod til befolkninga i Nordmøre og Romsdal som utgjer om lag 110 000 innbyggjarar. Ved avdelinga har vi blautkirurgiske senger fordelt på to sengepostar i tillegg til pasienthotell, dei øvrige sengene ved dei to sengepostane er til andre kirurgiske fagfelt som ortopedi, ØNH, auge og gynekologi. Vi er 6-7 overlegar og minst 8 LIS ved avdelinga. Det er felles kirurgisk vaktordning der LIS går i eige vaktsjikt med todelt vaktdøgn heile veka. Primærsjiktet dekkast opp av LIS1. Overlegane dekker bakvakt med heimevaktordning. I tillegg til sengeposten har vi eigen kirurgisk poliklinikk, samt operasjonsavdeling og dagkirurgisk eining.
Avdelinga vår er ein ypperleg arena for ei brei, generellkirurgisk erfaring. Når du startar hos oss vil du vanlegvis, avhengig av tidlegare arbeidserfaring, starte med generell rotasjon for å kunne oppfylle læringsmåla knytt til del 2 felles kirurgi og vi estimerer at du treng om lag 2 år på å oppfylle desse læringsmåla. Dei fleste kan du gjere ved alle sjukehusa, men fordi vi har noko funksjonsdeling og det er litt variasjon i behandlingstilbodet ved dei ulike sjukehusa kan du trenge nokre hospiteringsdagar ved eit av dei andre sjukehusa. Etter kvart som du får meir erfaring og aukar kompetansen din, får du meir krevande oppgåver for å kunne oppfylle læringsmål i del 3 generell kirurgi. For læringsmål i del 3 vil du trenge om lag 3 år hos oss for å få oppfylt dei læringsmåla vi tilbyr. Du må i tillegg pårekne om lag 1 år i Ålesund for å oppfylle læringsmåla vi ikkje tilbyr før du er klar for teneste ved universitetssjukehus. Dette er for å oppfylle læringsmål knytt til karkirurgi, bryst-/endokrinkirurgi og noko kreftbehandling du treng denne tenesta. Med unntak av thoracotomiinngrep og frilegging og anastomosering av arterie, kan operasjonslista for sjølvstendig utførde innrep fullførast ved sjukehusa i foretaket, og dei fleste ved alle sjukehusa.
Det er behov for 18 månader spesialiseringsperiode ved universitetssjukehus. Vi har avtale med St. Olavs hospital i Trondheim for slik teneste. I løpet av denne tenesta må du og gjere nokre læringsmål knytt til thorakskirurgi.
Når du startar hos oss blir du tatt godt imot og introdusert i avdelinga! Du får omvisning og nødvendig opplæring i rutiner, prosedyrer og dataprogram du skal bruke. Deretter blir du raskt sett i arbeid etter erfaringsnivå, der overlege alltid er tilgjengelig for spørsmål. Dei som ikkje er kjent på sjukehuset frå før vil bli introdusert til vaktarbeid med å ha dagvakter den første tida.
Internundervisninga er tilpassa læringsmåla og vi følger eit undervisningsopplegg over om lag 2 år. Det blir satt opp undervisningslister for haust- og vårhalvår. Både overlegar og LIS held undervisning. Det er undervisning 45 minutt kvar måndag og 90 minutt kvar torsdag. Undervisninga er både forelesningsbasert og gjennomgang av aktuelle kasuistikkar og artiklar. I tillegg er det felles internundervisning for alle legar på sjukehuset ein gong kvar veke.
Vi forventar at du deltek på nasjonale kurs som er obligatoriske for spesialiteten og frå avdelinga får du fem dagar kvar halvår til slik permisjon. Det blir og gitt ytterlegere permisjon dersom det passar med dei andre arbeidsoppgåvene du har.
Vi har regelmessig simulering med traumeteamet. Katastrofeøving i føretaket rullerer mellom dei fire sjukehusa, altså kvart 4. år på dei ulike sjukehusa. Her deltek m.a. alle tilknytta kirurgisk avdeling.
Ved avdelinga har vi D-box og det er høve til dagleg trening på denne.
I heile føretaket arbeider vi med å strukturere inngrep og utstyr. Mellom anna vil vi definere kvart inngrep som ein serie av etappar, der du kan gjere ulike etappar av eit inngrep ut i frå erfaring og kompetanse. Dette trur vi gir betre og raskare operasjonstrening.
Du får tildelt rettleiar når du startar og det er sett opp regelmessige møte med rettleiar. Ved behov er det tilgang på både formelle og uformelle møte med rettleiar. Vi forventar at du deltek på faglege møte. Saman med rettleiar skal du lage ein plan for å få oppfylt alle nasjonale kurs og deltaking på regionale/nasjonale møte.
Det er sett av tid til fordjuping tilsvarande 4 timar kvar veke.
Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er LIS si oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.
Det er legar i avdelinga med PhD-grad. Føretaket har ei forskingsavdeling i Ålesund og vi bruker denne ved behov. Det er god tilgang på elektroniske tidsskrift i føretaket. Vi har ikkje noko pågåande forskingsprosjekt i avdelinga no. LIS hos oss blir oppmoda til å drive enkle registreringsarbeid, skrive artiklar og ha innlegg på kirurgisk haustmøte.
Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.
Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus.
Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.
Utdanningsutvalet er sett saman av 1 overlege og 1-2 LIS. Det er overlege som leiar utvalet.
Det er tillitsvalgte på både avdelings-, sjukehus- og føretaksnivå. Samarbeidet mellom dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa.
For meir informasjon, ta kontakt med:
Kenneth Klemetzen, overlege gastrokirurgi og seksjonsleiar.
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.