Spesialisering i geriatri ved Ålesund sjukehus

Seksjon for slag og alderdomssjukdommar (geriatri) består av ein sengepost med 22 senger. Denne er delt inn i slageining, ortogeriatrisk eining og geriatrisk eining.  Geriatrisk seksjon er det største seksjonen i Medisinsk avdeling.  I 2021 var det vel 2000 innlagde pasientar hos oss og vi hadde om lag 1000 polikliniske pasientar. Vi har utover dette også oppretta tilbod i onkogeriatri og eit ambulerande team

Ved sengeposten får vi innlagt ei brei og uselektert pasientgruppe, også generell indremedisin. Vi er i dag 5,6 overlegar tilknytt seksjonen. Vi har og til ei kvar tid til saman 3-4 LIS i generell rotasjon og i spesialisering til geriatri. I tillegg har vi tid til anna og LIS 1 på seksjonen.

Overlegane har ein fast dag til poliklinikk kvar veke, medan LIS-legane våre har ein fast ettermiddag kvar veke med poliklinikk der ein får slagkontrollar samt kognitiv utgreiing og kontroll. Elles består arbeidet hos oss av sengepostarbeid. Både LIS-legane og overlegane deltek i avdelinga si generelle indremedisinske vaktordning. LIS går 14-delt vakt med vaktdøgnet delt i to. Det er to LIS tilstade ettermiddag/tidleg kveld. Dagvakta har arbeidstid til kl 20 på kvardagar og 19 i helgene. Nattevakta startar kl 15 på kvardagar og kl 18 i helgene. Bakvaktsordninga er dels seksjonert med hjertevakt og nyrevakt, medan øvrige spesialiteter inngår i felles bakvaktsjikt. Overlegane som ikkje går i seksjonert bakvakt har ei beredskapsordning innan eige fagfelt.

Hos oss blir du tilsett i medisinsk avdeling og får rotere mellom dei ulike seksjonane slik at læringsmåla knytt til del 2 felles indremedisin kan oppfyllast. Det er eit stort volum av  pasientar og god bredde slik at du får god erfaring med dei fleste pasientgruppene. Kvart halvår roterer alle LIS-legane mellom seksjonane og ein har dermed minimum 6 måneder samanhengande på kvar seksjon. Når du roterer til vår seksjon for spesialisering i geriatri vil alle læringsmåla kunne oppfyllast ved teneste hos oss, forutan læringsmål innan endovaskulær behandling ved hjerneslag. Vi meiner og at nokre læringsmål knytt til geriatriske problemstillingar blir best oppfylt med noko teneste sentralt for å få eit noko større volum og perspektiv frå ei større avdeling.

Arbeidet ved seksjonen er sterkt forankra i geriatrisk arbeidsmetode med stor grad av teambasert tilnærming til pasientane. I sengepostarbeidet går du alltid previsitt, og oftast også visitt, saman med ein spesialist. Det er daglege teammøter om pasientane. Det er høg aktivitet på sengeposten og stor bredde i pasientpopulasjonen, som bidreg til bredde i læringa. Ved poliklinikken får du møte pasientar med ulike problemstillingar, i starten oftast pasientar som kjem til kontroll etter hjerneslag og etterkvart også pasientar som kjem til kognitive kontrollar og vurderingar.

Det er derfor behov for totalt 6 vekers hospiteringsteneste ved universitetssjukehus. Vi har avtale med St. Olavs Hospital i Trondheim om slik teneste. Du vil då  ha 3 veker med slagbehandling og 3 veker med geriatri ved universitetssjukehus. Dersom du ynskjer kan rotasjonsteneste også gjennomførast ved Oslo universitetssjukehus, avtalen om slik rotasjon er for eit år og du vil då trenge tilsvarande kortare tid ved avdelinga vår.

LIS som startar ved Medisinsk avdeling følgjer opplæringsprogrammet for avdelinga. Dette skal bidra til å gjere deg kjent på sjukehuset, med avdelinga og med våre rutiner. Ved behov får du og nødvendig dataopplæring. Før du startar med sjølvstendige vakter får du opplæringsvakter både på dagtid og natt. Mengda vakter vert tilpassa ditt tidlegere erfaringsnivå. Opplæring i rutiner ved seksjonen skjer ved supervisjon og skriftlege prosedyrer.

Vi har utarbeida ei rotasjonsliste over geriatriske tema som skal dekkast av undervisning. Temaene blir fordelt til LIS-legar og overlegar ved seksjonen. Du vil fortrinnsvis få sentrale kliniske emner for å få relevant fordjuping. Kvar veke har vi ved seksjonen enten intern undervisning eller nasjonalt opplegg (GerIT). Kvar veke har vi og artikkelgjennomgang. Det er felles internundervisning på avdelinga 4 dagar pr veke i samband med morgonmøtet der vi og deltek, og der geriatriske emner blir gjennomgått. Ein dag kvar måned er det felles internundervisning for heile skukehuset.

Du vil få fri til to nasjonalt anbefalte kurs per år, dette kan fravikast etter individuell vurdering ved spesielle kurs.

Mykje av dei kliniske ferdighetene får du i det praktiske arbeidet. Vi har ei dukke for å øve på spinalpunksjon. Vi gjer også eit stort antall spinalpunksjonar, samt ultralyd halskar/transkraniell doppler ved seksjonen, og det der gode moglegheiter for opplæring i begge. Seksjonens overleger har beredskap ved trombolysebehandling av hjerneinfarkt og du kan følge med ved desse vurderingane for å få trening.

Når du går vakt ved medisinsk avdeling er du ein del av mellom anna hjertestansteam og MET-team. Det er regelmessig simulering med MET-team og årleg simulering/trening med hjertestansteamet. Det er og årleg trening i bruk av medisinsk-teknisk utstyr for heile avdelinga.

Mykje av dei kliniske ferdighetene får du i det praktiske arbeidet. Vi har ei dukke for å øve på spinalpunksjon. Vi gjer også eit stort antall spinalpunksjonar, samt ultralyd halskar/transkraniell doppler ved seksjonen, og det der gode moglegheiter for opplæring i begge. Seksjonens overleger har beredskap ved trombolysebehandling av hjerneinfarkt og du kan følge med ved desse vurderingane for å få trening.

Når du går vakt ved medisinsk avdeling er du ein del av mellom anna hjertestansteam og MET-team. Det er regelmessig simulering med MET-team og årleg simulering/trening med hjertestansteamet. Det er og årleg trening i bruk av medisinsk-teknisk utstyr for heile avdelinga.

Vi er eit lite og oversiktelig miljø, arbeider tett saman og blir godt kjent med kvarandre. Det er dermed god tilgang på formelle og uformelle samtaler med både supervisører og rettleiar etter behov.

Ved seksjonen har vi eit tett samarbeid i eit godt fungerende tverrfagleg team som utgjerast av av overlege og/eller LIS-lege, sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut, logoped og klinisk farmasøyt. Det er previsitt med overlege kvar dag, samt felles visitt til alle nye pasientar og andre utvalde kvar dag. I samband med dette er det diskusjon om utgreiing, behandlingsval. Utover dette er overlegen lett tilgjengeleg for spørsmål og konferering gjennom dagen. Midt på dagen har vi felles møte på avdelinga for å gå gjennom dei innlagde og oppklare eventuelle spørsmål etter visittrunden. Når du har poliklinikk er det og god tilgang på hjelp og råd frå spesialist.

Seksjonen har eit etablert samarbeid om utredning, undersøking og opplæring i ultralyddiagnostikk av pre- og cerebrale kar som du vil få vere ein del av. Det er stor tilgang til slike prosedyrer og opplæring i dette, samt også andre indremedisinske prosedyrer som spinalpunksjon.

I vaktsamanheng er det god tilgang på hjelp og råd frå bakvakt når du treng det.
Du får tildelt rettleiar når du startar hos oss, som er spesialist i geriatri. Det er sett av tid fast kvar måned til rettleiing. I tillegg er det kort veg for å ta kontakt med rettleiar utanom oppsette møtetider. Den daglege supervisjonen av arbeidet ved sengepost og poliklinikk er ein viktig del av bakgrunnen for evaluering og tilbakemeldingar i rettleiingssamtalen. Elles vil rettleiinga handle om faglig progresjon, vidare planar for utdanning, hendingar/opplevelsar i arbeidskvardagen i forhold til pasientbehandling og rolle som lege.

Seksjonensoverlegen hos oss er og leiar av spesialitetskomiteen i geriatri.

Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.​

Seksjonen har ingen legar med PhD, men medisinsk avdeling har 5 legar med PhD. Vi deltek i multisenterstudier og har vore aktivt med i styringa av fleire multisenterstudier på hjerneslag og kognitiv svikt. LIS hos oss vert inkludert i slikt arbeid. 

Foretaket har ein eigen forskingsseksjon som er tverrgåande i føretaket med aktivitet ved alle fire sjukehusa, og frå forskingsavdelinga får ein både hjelp og rettleiing i samband med forskingsprosjekt. 

For å dekke læringsmål knytt til forsking og kunnskapshandtering i felles kompetansemål er det sett opp kurs over 2,5 dagar med undervisning i tema innan både forsking og forbetringsarbeid og i samband med dette vil du som LIS også gjennomføre eit forbetringsprosjekt lokalt. Det er ansatte i forskingsseksjonen og seksjon for helsetenesteutvikling som deltek i undervisninga ved desse interne kursa. ​

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.

Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.

Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus. ​

Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.​

Utdanningsutvalet ved seksjonen består av seksjonsoverlege og LIS i spesialisering til geriatri. Det blir utarbeida ein undervisningsplan kvart halvår. Andre forhold som handlar om utdanninga blir tatt fortløpande.

Medisinsk avdeling har og eit utdanningsutval som utgjerast av ein overlege og ein LIS-lege. Utdanningsutvalet planlegger mellom anna felles internundervising for heile avdelinga. I tillegg har dei ansvar for opplæringsprogram for nye LIS, tildeling av rettleiar ved oppstart og den kontinuerlige forbetringa av LIS-utdanninga ved avdelinga.

Medisinsk avdeling har eigen YLF-tillitsvalgt som arbeider for å ivareta interessene til LIS-legane. Tillitsvalt deltek og i felles samarbeidsråd ved avdelinga. Det er lav terskel for kontakt med tillitsvalt for små og store spørmål. Det er elles eigen YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.

For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med:
Seksjonsoverlege Yngve Seljeseth, tlf 70 10 59 03. Alternativt via Medisinsk ekspedisjon, tlf 70 10 56 50.
 

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Sist oppdatert 23.05.2023