Spesialisering i geriatri ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal
Medisinsk avdeling er seksjonert, med eigen seksjon for alle indremedisinske fagområde. Avdelinga består av tre medisinske sengepostar, i tillegg til korttidsposten Akutt24. Samla har vi 70 senger, i tillegg til eit varierande tal pasientar på intensiv. Kvart år tek vi imot ca 4800 innleggingar, gir ca 7500 dagbehandlingar og har omtrent 27.000 polikliniske konsultasjonar, inkludert stort poliklinisk tilbod ved SNR Kristiansund. Blant dei 30 overlegane våre er alle indremedisinske spesialitetar representerte, inkludert akutt- og mottaksmedisin. Vi har 25 LIS3 og 19 LIS1 hos oss. Vi tek imot legestudentar frå NTNU til praksisteneste kvart halvår. Vi har ei felles indremedisinsk vaktordning. LIS3 er delt i eit juniorsjikt og eit seniorsjikt, der juniorsjiktet har todelt døgnvakt, og seniorsjiktet går nattevakter. LIS i juniorsjikt er teamleiar i stansteam og medical emergency team (MET). Ein har høve til å delta i slagteam, men ansvaret for diagnostikk og behandling av hjerneslag ligg hos nevrologen. LIS i seniorsjikt har kompetanse i ultralyd på vakt, og har som hovudregel minst to års erfaring. I seniorsjiktet har ein mindre vakt, og meir dagarbeid, som legg godt til rette for fagspesialisering. Overlegane går døgnvakter, med aktiv vakt til kl 21 på kvardagar og til kl 16 på helg. Det er eiga beredskapsordning for gastroenterologer og kardiologar.
Det er fokus på godt arbeidsmiljø ved avdelinga, og vi er eit sosialt kollegium både i og utanfor arbeidstid. Det blir jobba kontinuerleg med å skape ein god arbeidskvardag med moglegheit for fleksible løysingar for kvar enkelt.
Seksjon for geriatri har ansvaret for det geriatriske behandlingstilbodet til befolkninga i Nordmøre og Romsdal. Vi har tre overlegar og to LIS ved seksjonen. Sengeposten er samlokalisert med hjarte og infeksjon, og geriatrisk seksjon har ni sengeplassar. Pasientgruppa har typisk både geriatriske og meir generelle indremedisinske problemstillingar, og innleggingsårsaka er ofte falltendens, delir eller akutt funksjonssvikt. Vi arbeider etter geriatrisk arbeidsmetode med tverrfagleg tilnærming til pasientane. I dette teamet inngår lege, sjukepleiar, ergoteraput, fysioterapeut, ernæringsfysiolog og nokre gonger sosionom. Tre gonger i veka er det tverrfaglege møte. Slagpasientane på SNR ligg på nevrologisk avdeling, men vi ønsker at ein geriatar går dagleg previsitt saman med nevrolog på vekedagane. Per hausten 2025 er vi ikkje tilknytte ortogeriatrisk seksjon pga manglande kapasitet. Det er planar for å få på plass ortogeriatrisk tilbod når vi får kapasitet til det. Vi har også eit samarbeid med onkologane for å få på plass eit onkogeriatrisk tilbod.
Ved geriatrisk poliklinikk jobbar vi også i tverrfaglege team. Vi greier ut kognitiv svikt og falltendens, greier ut og behandlar osteoporose hos skrøpelege pasientar, funksjonskartlegging av pasientar som er aktuelle for TAVI, områdegeriatri der vi reiser ut til kommunane, og har slagkontrollar for pasientar som tilhøyrer Nordmøre. Vi er i stadig utvikling og jobbar for å tilby utgreiing for pasientar med subakutt funksjonssvikt.
Vanlegvis startar du med teneste som er tilpassa den felles indremedisinske delen (del to) av spesialiseringa. LIS roterer mellom seksjonar to gonger i året, og saman med kurs i dei ulike fagområda dekker tenesta alle dei felles indremedisinske læringsmåla (FIM) bortsett frå dei som omhandlar nevrologi. Vi har avtale om hospitering på nevrologisk avdeling for å dekke desse, og dessutan at ein i vaktsamanheng skal kunne delta i slagteamet. Som LIS3 i geriatri vil du, etter kvart som du får meir erfaring, blir nærare tilknytt seksjonen vår, og får fordjupe deg i det geriatriske faget. Du vil bli tett supervisert ved sengepost og poliklinikk, og får ei gradvis aukande og tilpassa eksponering for dei ulike sidene til faget. Du vil delta i det tverrfaglege teamarbeidet og delta i previsitt på slagavdeling saman med nevrologane. Det tek vanlegvis fire år å oppfylle læringsmåla vi tilbyr hos oss.
Dei læringsmåla som ikkje blir dekte hos oss vil du trenge anna teneste for å oppnå. Dette vil vere anten 12 månader teneste ved St. Olavs hospital / anna universitetssjukehus, eller 12 månader ved seksjon for slag og alderssjukdommar ved Ålesund sjukehus med seks veker hospitering ved St. Olavs hospital / anna universitetssjukehus. Kva alternativ du ønskjer kan du velje sjølv.
Nye LIS3 får eit introduksjonsprogram der ein får tid til å sette seg inn i prosedyrar, gjere seg kjend på sjukehuset, gjennomføre e-læringskurs, få delt ut Puls-kort og nøkkelkort. Vi bruker journalsystemet Helseplattforma, og det er viktig å lære seg dette om ein ikkje har kjennskap til det frå før. Du får utlevert ein Iphone som fungerer som arbeidstelefon. Informasjon om postarbeid, vaktarbeid og annan praktisk informasjon er samanfatta i eit velkomsthefte. Alle får ein annan LIS3 som fadder, og ein overlege som rettleiar. Alle får fast kontorplass og eiga posthylle. Første arbeidsdag blir du møtt av opplæringsansvarleg overlege, og får ei omvising på sjukehuset. Dei første to vekene skal ein gå gjennom eit kort, praktisk kurs med lungelege om NIV, og med kardiolog om orienterande ultralyd. Dei første to vekene går ein følgevakter.
Medisinsk avdeling har internundervisning tre dagar i veka (80 timar per år). Geriatrisk avdeling har i tillegg undervisning kva veke, der annakvar veke er i samarbeid med andre geriatriske avdelingar (GerIT). Det er og felles undervisning for heile sjukehuset ein halvtime kvar veke. Alle legar bidreg med foredrag til internundervisning. Det blir lagt til rette for at LIS får vere med på kurs kvart halvår. I tillegg søker vi å legge til rette for LIS-deltaking på møte og kongressar. Innanfor geriatri er det mange spennande møte ein kan reise på, mellom anna årlege europeiske kongressar innanfor geriatri og indremedisin, nasjonale møte i regi av Norsk foreining for geriatri og regionale møte i Midt-Noreg.
Det blir gjennomført regelmessig MET-simulering og kurs i AHLR. Kvart halvår har vi prosedyreveke, med fokus på prosedyrar som er relevante for indremedisinarar. Det inkluderer drenasje av pleura og peritoneum, venøse og arterielle punksjonar, orienterande ultralyd av hjarte, lunger, aorta, djupe vener og urinvegar, oppfølging av pleura- og thoraxdren inkludert Thopaz, oppfølging av NIV og Hi-Flow, spinalpunksjon, med meir. Vi har eit strukturert opplæringsprogram i orienterande ultralyd som blir kalla Molde-puls, der ein (som første sjukehus i Noreg) blir sertifisert i ultralyd for indremedisinarar.
Det er fokus på LIS-utdanning i avdelinga. Det blir gjort mykje fortløpande supervisjon i kvardagen, i form av felles visitt, konferering, ein lærer prosedyrar saman med meir erfaren kollega, og så vidare. Alle har ein overlege som den personlege rettleiaren sin, med avsett tid til strukturert rettleiing kvar månad. I tillegg til individuell rettleiing, har vi grupperettleiing for LIS fire gonger i året. Det er avsett fordjupingstid tilsvarande fire timar per veke i vaktplanen. Kvart halvår møtast LIS, rettleiar, leiar, utdanningsansvarleg overlege (UAO) og ein supervisør til vurderingskollegium. I dette møtet får LIS tilbakemeldingar, vi samanfattar tenesta så langt og legg ein plan for vidare læringsaktivitetar og utdanningsløp. Slik blir progresjon sikra og fagleg utvikling gjennom LIS-tida.
Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er LIS si oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.
I Helse Møre og Romsdal er det stor forskingsaktivitet, og det er til kvar tid mange legar som er i Phd-løp. Det går også føre seg fleire forskingsprosjekt i regionen vår, og det blir arrangert ein årleg regional forskingskonferanse. Dei siste åra har vi hatt mange publiserte artiklar med forfattarar frå sjukehus i Helse Møre og Romsdal, og det er eit varierande tal disputasar kvart år. Dei ulike seksjonane deltek i varierande grad i regionale, nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt. Det er også mogleg å designe og gjennomføre eigne studiar. Mange i Phd-løp er knytt til forskingsmiljø ved universitetssjukehusa. Ved SNR har vi eiga forskingsavdeling. Fleire av legane ved medisinsk avdeling er i Phd-løp.
Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.
Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus.
Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.
Utdanningsutvalet har det overordna ansvaret for LIS-utdanninga ved avdelinga. Utvalet består av medisinsk leiar, utdanningsansvarleg overlege (UAO), opplæringsansvarleg overlege (ansvar for introduksjonstida til nye LIS) og LIS med ansvar for å planlegge internundervisning.
Avdelinga har tillitsvalde på både avdelings-, sjukehus- og føretaksnivå. Samarbeidet mellom dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa
Medisinsk leiar: Ida Birkhaug.
Seksjonsoverlege geriatri: Elisabeth Egstad.
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.