Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spesialisering i hjartesjukdommar ved SNR

Medisinsk avdeling er seksjonert, med eigen seksjon for alle indremedisinske fagområde. Avdelinga består av tre medisinske sengepostar, i tillegg til korttidsposten Akutt24. Samla har vi 70 senger, i tillegg til eit varierande tal pasientar på intensiv. Kvart år tek vi imot ca 4800 innleggingar, gir ca 7500 dagbehandlingar og har omtrent 27.000 polikliniske konsultasjonar, inkludert stort poliklinisk tilbod ved SNR Kristiansund.

Blant dei 30 overlegane våre er alle indremedisinske spesialitetar representerte, inkludert akutt- og mottaksmedisin. Vi har 25 LIS3 og 19 LIS1 hos oss. Vi tek imot legestudentar frå NTNU til praksisteneste kvart halvår. Vi har ei felles indremedisinsk vaktordning. LIS3 er delt i eit juniorsjikt og eit seniorsjikt, der juniorsjiktet har todelt døgnvakt, og seniorsjiktet går nattevakter. LIS i juniorsjikt er teamleiar i stansteam og medical emergency team (MET). Ein har høve til å delta i slagteam, men ansvaret for diagnostikk og behandling av hjerneslag ligg hos nevrologen. LIS i seniorsjikt har kompetanse i ultralyd på vakt, og har som hovudregel minst to års erfaring. I seniorsjiktet har ein mindre vakt, og meir dagarbeid, som legg godt til rette for fagspesialisering. Overlegane går døgnvakter, med aktiv vakt til kl 21 på kvardagar og til kl 16 på helg. Det er eiga beredskapsordning for gastroenterologer og kardiologar.

Det er fokus på godt arbeidsmiljø ved avdelinga, og vi er eit sosialt kollegium både i og utanfor arbeidstid. Det blir jobba kontinuerleg med å skape ein god arbeidskvardag med moglegheit for fleksible løysingar for kvar enkelt.

Seksjon for hjartesjukdommar har ansvaret for det kardiologiske behandlingstilbodet til befolkninga i Nordmøre og Romsdal. Vi har seks overlegar og seks LIS ved seksjonen. Vi har ein sengepost med ni sengeplassar, som er samlokaliserte med infeksjon og geriatri. I tillegg har vi seks sengeplassar på observasjonsposten Akutt24. Vi har over 2200 innleggingar og over 6000 polikliniske konsultasjonar årleg. Poliklinikken har stor aktivitet, med seks sjukepleiarar tilsett ved SNR Hjelset og to ved SNR Kristiansund. Desse har kardiologisk kompetanse, og driftar under supervisjon av kardiolog det sjukepleiardrivne poliklinikktilbodet til pasientar med atrieflimmer, hjartesvikt og koronarsjukdom. Vi greier ut og behandlar pasientar med dei fleste hjartemedisinske problemstillingar, og gjer ulike ekkokardiografiske undersøkingar, implantasjon av ènkammer og tokammer pacemakerar, under dette pacing av leidningssystemet til hjartet (LBB-pacing), pacemakerkontrollar og elektrokonverteringar. Det blir arrangert hjartekurs om koronarsjukdom for pasientar og pårørande kvart halvår, og det blir også arrangert kurs for pasientar og pårørande om implanterbar hjartestartar (ICD).

Vanlegvis startar du med teneste som er tilpassa den felles indremedisinske delen (del to) av spesialiseringa. LIS roterer mellom seksjonar to gonger i året, og saman med kurs i dei ulike fagområda dekker tenesta alle dei felles indremedisinske læringsmåla (FIM) bortsett frå dei som omhandlar nevrologi. Vi har avtale om hospitering på nevrologisk avdeling for å dekke desse, og dessutan at ein i vaktsamanheng skal kunne delta i slagteamet. Som LIS3 i kardiologi vil du, etter kvart som du får meir erfaring, blir nærare tilknytt seksjonen vår, og får fordjupe deg i det kardiologiske faget. Du vil bli tett supervisert ved sengepost og poliklinikk, og får ei gradvis aukande og tilpassa eksponering for dei ulike sidene i faget. Strukturert opplæring i ekkokardiografi blir tidleg prioritert. I starten blir ekko mest brukt på vakt og på inneliggande pasientar, før ein etter kvart får polikliniske ekkoundersøkingar. Ein får også opplæring i belastningstestar, tolking av langtids EKG-registreringar, kontroll og programmering av pacemakerar, indikasjon for og oppfølging av CT koronarkar og elektrokonverteringar. Etter kvart får ein opplæring i transøsofageal ekkokardiografi. Det tek vanlegvis to–tre år å oppfylle læringsmåla vi tilbyr hos oss.

Dei læringsmåla som ikkje blir dekte ved SNR må dekkast av teneste på universitetssjukehus, som regel St. Olavs hospital. Her blir læringsmåla dekte som omhandlar koronar angiografi, høgresidig hjartekateterisering, deltaking i hjartemøte, teneste ved hjarteintensiv, deltaking i tverrfaglege endokarditteam, postoperativ ekko etter hjartekirurgi, vaksne pasientar med medfødd hjartefeil, pulmonal arteriell hypertensjon, og eventuelt barneekko. Det må påreknast to–tre års gruppe 1-teneste, som gjerne inkluderer minst seks månaders tenestetid ved angiolab, rytmeseksjonen, ekkolab og hjartemedisinsk intensiv.

Nye LIS3 får eit introduksjonsprogram der ein får tid til å sette seg inn i prosedyrar, gjere seg kjend på sjukehuset, gjennomføre e-læringskurs, få delt ut Puls-kort og nøkkelkort. Vi bruker journalsystemet Helseplattforma, og det er viktig å lære seg dette om ein ikkje har kjennskap til det frå før. Du får utlevert ein Iphone som fungerer som arbeidstelefon. Informasjon om postarbeid, vaktarbeid og annan praktisk informasjon er samanfatta i eit velkomsthefte. Alle får ein annan LIS3 som fadder, og ein overlege som rettleier. Alle får fast kontorplass og eiga posthylle. Første arbeidsdag blir du møtt av opplæringsansvarleg overlege, og får ei omvising på sjukehuset.  Dei første to vekene skal ein gå gjennom eit kort, praktisk kurs med lungelege om NIV, og med kardiolog om orienterande ultralyd. Dei første to vekene går ein følgevakter.

Medisinsk avdeling har internundervisning tre dagar i veka (80 timar per år). Hjarteavdelinga har i tillegg vekevis undervisning på ein halv time, som er felles i Helse Møre og Romsdal. Det er og felles undervisning for heile SNR ein halvtime kvar veke. Alle legar bidreg med foredrag til internundervisning. Det blir lagt til rette for at LIS får vere med på kurs kvart halvår. I tillegg søker vi å legge til rette for LIS-deltaking på møte og kongressar. Innanfor kardiologi er det mange spennande møte ein kan reise på, mellom anna den årlege europeiske kongressen til European Society of Cardiology, den årlege kongressen for ekkoundersøkingar EuroEcho, dei nasjonale haust- og vårmøta i regi av Norsk Cardiologisk Selskap i tillegg til regionale møte i Midt-Noreg.

Det blir gjennomført regelmessig Met-simulering og kurs i AHLR. Kvart halvår har vi prosedyreveke, med fokus på prosedyrar som er relevante for indremedisinarar. Det inkluderer drenasje av pleura og peritoneum, venøse og arterielle punksjonar, orienterande ultralyd av hjarte, lunger, aorta, djupe vener og urinvegar, oppfølging av pleura- og thoraxdren inkludert Thopaz, oppfølging av NIV og Hi-Flow, spinalpunksjon, med meir. Vi har eit strukturert opplæringsprogram i orienterande ultralyd som blir kalla Molde-puls, der ein (som første sjukehus i Noreg) blir sertifisert i ultralyd for indremedisinarar.

Det er fokus på LIS-utdanning i avdelinga. Det blir gjort mykje fortløpande supervisjon i kvardagen, i form av felles visitt, konferering, ein lærer prosedyrar saman med meir erfaren kollega, og så vidare. Alle har ein overlege som den personlege rettleiaren sin, med avsett tid til strukturert rettleiing kvar månad. I tillegg til individuell rettleiing, har vi grupperettleiing for LIS fire gonger i året. Det er avsett fordjupingstid tilsvarande fire timar per veke i vaktplanen. Kvart halvår møtast LIS, rettleiar, leiar, utdanningsansvarleg overlege (UAO) og ein supervisør til vurderingskollegium. I dette møtet får LIS tilbakemeldingar, vi samanfattar tenesta så langt og legg ein plan for vidare læringsaktivitetar og utdanningsløp. Slik blir progresjon og fagleg utvikling gjennom LIS-tida sikra.

Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er LIS si oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.​

I Helse Møre og Romsdal er det stor forskingsaktivitet, og det er til kvar tid mange legar som er i Phd-løp. Det går også føre seg fleire forskingsprosjekt i regionen vår, og det blir arrangert ein årleg regional forskingskonferanse. Dei siste åra har vi hatt mange publiserte artiklar med forfattarar frå sjukehus i Helse Møre og Romsdal, og det er eit varierande tal disputasar kvart år. Dei ulike seksjonane deltek i varierande grad i regionale, nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt. Det er også mogleg å designe og gjennomføre eigne studiar. Mange i Phd-løp er knytt til forskingsmiljø ved universitetssjukehusa. Ved SNR har vi eiga forskingsavdeling. Fleire av legane ved medisinsk avdeling er i Phd-løp.

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.

Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.

Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus. ​

Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.​

Utdanningsutvalet har det overordna ansvaret for LIS-utdanninga ved avdelinga. Utvalet består av medisinsk leiar, utdanningsansvarleg overlege (UAO), opplæringsansvarleg overlege (ansvar for introduksjonstida til nye LIS) og LIS med ansvar for å planlegge internundervisning.

Avdelinga har tillitsvalgte på både avdelings-, sjukehus- og føretaksnivå. Samarbeidet mellom dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa.

Medisinsk leiar: Ida Birkhaug

Seksjonsoverlege kardiologisk seksjon: Torgeir Sand Aas

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.

Sist oppdatert 17.11.2025