Introveke for LIS1

​Ordinær oppstart i LIS1-stillingar ved våre sjukehus er 1.mars og 1.september kvart år. Dei siste fem virkedagane før dette er det obligatorisk introduksjonskurs for alle nytilsette LIS1 ved alle sjukehusa våre. Dette vert omtala som introveka. Desse fem arbeidsdagane vil ligge inne i arbeidsplanen din, og du får sjølvsagt løn for desse dagane.

I løpet av introveka vert det mellom anna gitt opplæring om LIS1-tenesta, opplæring i bruk av IKT og trening i AHLR. Vi trener på kurveføring og går gjennom andre relevante tema før den kliniske kvardagen tek til. Introveka legg også opp til gjennomgang av ein del tema som er naudsynt tidleg i LIS1-tenesta, samt tema som er ein del av "felles kompetansemål" for LIS1. 

Dei to første dagane av introveka er mykje av undervisninga felles i heile foretaket. Som LIS1 møter du ved det sjukehuset du er tilsett ved og sit saman med kollegaene dine der. Desse dagene er noko av undervisninga digital, medan noko er fysisk. Dei tre siste dagane er all undervisning fysisk ved kvart sjukehus, og de får då også møte fleire av legane de skal jobbe saman med det neste året.

Programmet for introveka vert tilsendt 1-2 veker i forkant av oppstart, saman med eit introduksjonshefte med diverse informasjon som kan brukast gjennom heile LIS1-tenesta. 

Sist oppdatert 02.05.2023