Spesialisering i lungesjukdommar ved Ålesund sjukehus

Lungemedisinsk seksjon er ein del av medisinsk avdeling. Avdelinga er ei fullseksjonert avdeling med alle indremedisinske spesialitetar. Vi tilbyr lungemedisinsk behandlingstilbod til ei befolkning på om lag 100 000 innbyggjarar.

Lungeseksjonen har 10 sengeplassar tilknytta medisinsk sengepost 1. I tillegg har vi ein aktiv lungepoliklinikk der mykje av utgreiinga, inkludert bronkoskopiar, skjer. Vi er 4 overlegar, 2-3 LIS-legar og 1 LIS 1 ved seksjonen. I 2022 hadde vi om lag 1000 pasientar innlagd ved sengeposten og hadde 4980 polikliniske konsultasjonar. 

Som LIS deltek du aktivt i pasientbehandlinga både på sengepost og poliklinikken og har eigne pasientar på poliklinikken. Vi er kjente for å ha brote med den tradisjonelle previsitt- og visittgangen. I staden jobbar kvar av legane på sengeposten sjølvstendig med eit mindre antal pasientar. Kvar dag kl. 0910 og 14 møtast sjukepleiarar, fysiterapeutar, farmasøyt, LIS-legar og overlegar for rask gjennomgang av pasientlista, fordeling av oppgåver og drøfting av utfordringar. Vi legg vekt på at alle nyinnlagte skal bli sett og vurdert av ein overlege eller erfaren LIS. Dette gjer at både overlege og LIS er aktive i direkte pasientkontakt og tilgangen til råd og hjelp er god.

Vanlege diagnosar ved lungeposten er kols, lungekreft, pneumoni med komplikasjonar, astma og interstitielle lungesjukdomar. Ved poliklinikken gjer vi mellom anna utgreiing og oppfølging av  pasientar med lungekreft, søvnapne, interstitielle lungesjukdommar og astma.

Vi har 150-200 bronkoskopiar per år, der ein stadig større andel er EBUS (endobronkial ultralydundersøking) og ultralyd miniprobe. I tillegg utfører vi pleuratapping og legging av pleuradren. Pasientar med pneumothorax vert oftast behandla ved kirurgisk avdeling, men vi ynskjer etterkvart å overta behandlinga av desse pasientane. Vi er også midt inne i ei spennande tid med stadig betre og meir aktiv behandling av lungekreft, som vil medføre auka behov for fleire lungelegar.

Det er elles lagt til rette for rotasjon mellom seksjonane ved medisinsk avdeling for oppfylling av læringsmåla tilknytt del 2 felles indremedisin.

Både LIS-legar og overlegar deltek i generell indremedisinsk vaktordning ved avdelinga. Vaktene er plassert i eigne vaktveker som gir stabile postveker med mykje kontinuitet. Som LIS hos oss vil du inngå i ei 14-delt vaktordning med tilstadevakt som snarleg vert endra til 16-delt vaktordning med to LIS2-3 tilstades til kveldstid. Lungelegane går i felles indremedisinsk bakvakt, men medisinsk avdeling har delvis seksjonsert bakvaktsystem der nyremedisin og hjartemedisin har eigne vaktordningar. Den indremedisinske bakvaktsordninga har tilstadevakt dag- og kveld med visittrunder på sengepostane og intensiv. Det er laga ei beredskapsordning som overlegane deltek i for sitt fagfelt.

LIS-legar ved avdelinga roterer mellom ulike seksjonar kvar 6. månad for å oppnå nødvendige læringsmål for både del 2 indremedisin og del 3 lungemedisin. 

Som LIS hos oss vil du delta i arbeid på sengepost og poliklinikk og får også opplæring i bronkoskopi, EBUS inkludert miniprobe, pleuratapping og innsetting av pleuradren. I Ålesund kan du for spesialiteten lungemedisin få heilt oppfylt 53 av 60 læringsmål og delvis oppfylt dei siste sju læringsmåla, men du vil også trenge teneste ved eit universitetssjukehus. Det er teneste knytt til meir sjelden tilstandar og for å få ei viss mengdetrening når det gjeld dei meir sjeldan tilstandane og for fullstendig opplæring i bronkoskopi. 

Når det gjeld utgreiing og behandling av tuberkulosepasientar er det infeksjonslegane ved avdelinga som handterer dette. Du vil derfor trenge noko tid på infeksjonspoliklinikken som er ein del av vår avdeling for å bli kjend med denne pasientgruppa. 

Spesialiseringsperioden ved universitetssjukehus er 18 månader. Vi har avtale om samarbeid med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo Universitetssjukehus for slik teneste.

LIS som startar ved Medisinsk avdeling følgjer opplæringsprogrammet for avdelinga. Dette skal bidra til å gjere deg kjent på sjukehuset, med avdelinga og med våre rutiner. Ved behov får du og nødvendig dataopplæring. Før du startar med sjølvstendige vakter får du opplæringsvakter både på dagtid og natt. Mengda opplæringsvakter vert tilpassa ditt tidlegere erfaringsnivå. I tillegg har lungeavdelinga sitt eige opplæringsprogram den første arbeidsveka med 1 times undervisning i lunsjtida om spesifikke prosedyrer.

Internundervisninga skjer både felles på medisinsk avdeling og ved lungeseksjonen. 

Fire dagar i veka er det internundervisning i samband med morgonmøtet som kvar varer i 30 minutt.  Tre av dagane er vanleg internundervisning, mens den eine dagen er sett av til kasuistikkgjennomgang. 

Kvar tysdag er det eigen internundervisning ved lungeseksjonen på 45 minutt der lungeseksjonane ved alle dei fire sjukehusa i helseforetaket deltek på Teams. Undervisninga blir sett opp etter tema som inngår i spesialiseringa. LIS-legar og overlegar alternerar på å halde innlegg. I tillegg til denne undervisninga er det felles internundervisning for heile sjukehuset ein time kvar månad. Det veksler mellom avdelingane å ha ansvar for dette.

Avdelinga har årleg gjennomgang og opplæring i prosedyrer som AHLR og brannundervisning, samt  medisinsk teknisk utstyr inkludert VSCAN ultralyd, NIV (noninvasivventilasjons-)behandling og liknande utanom morgonmøte.

Som LIS-lege får du delta på nasjonale anbefalte kurs for spesialiteten.

Ved lungeavdelinga har vi tilgang til dukke med luftvegar for bronkoskopitrening.  Medisinsk avdeling har også simulering for LIS i «medisinsk mottaksteam» og «stansteam» som del av ferdigheitstreninga.

Seksjonen er ikkje stor og vi blir raskt kjent med kvarandre. Sjølv om vi har ulike oppgåver kvar dag, er det kort veg for å be om råd og hjelp ved behov. Vi har faste møtepunkt på sengepost for spørsmål og gjennomgang to gongar kvar deg. Nye pasientar innlagt i avdelinga blir første dag undersøkt og vurdert av overlege, ofte saman med LIS-lege. Det er elles lett tilgang til overlege ved behov på poliklinikken og du får og tett og aktiv opplæring i prosedyrar.

Du får tildelt rettleiar når du starter og vi tilstreber at du får ha same rettleiar gjennom spesialiseringa hos oss. Det er sett av tid til rettleiing etter morgonmøtet første måndag kvar månad. Det er kort veg for å ta kontakt med rettleiar utanom dette ved behov.

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.​

Ved lungeavdelinga har to av tre overlegar eit pågåande forskingsprosjekt innan bronkoskopi/EBUS. Ein av desse legane har doktorgrad. Helse Møre og Romsdal har også ei forskingsavdeling og LIS interesserte i forskning er velkomne.

Foretaket har ei eiga forskingssavdeling som er tverrgåande i foretaket med aktivitet ved alle fire sjukehusa, og frå forskingsavdelinga får ein både hjelp og rettleiing i samband med forskingsprosjekt. 

For å dekke læringsmål knytt til forsking og kunnskapshandtering i felles kompetansemål er det sett opp kurs over 2,5 dagar med undervisning i tema innan både forsking og forbetringsarbeid og i samband med dette vil du som LIS også gjennomføre eit forbetringsprosjekt lokalt. Det er ansatte i forskingsavdelinga og seksjon for helsetenesteutvikling som deltek i undervisninga ved desse interne kursa. 

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Felles kompetansemål vert integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla vert dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseforetaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseforetaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med nærmaste leiar. I tillegg vert fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på. 
Det er ønskeleg at felles kompetansemål vert fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus. ​

Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den einskilde skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetjing av ny LIS har arbeidsgjevar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne vert utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved indremedisinsk avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkjørt planlegging av utdanninga til LIS-legane i avdelinga er det naudsynt å kunne legge overordna planar litt fram i tid.​

Ved medisinsk avdeling består utdanningsutvalet av 1 overlege og 1 LIS. Desse organiserer mellom anna internundervisning, oppfølging av LIS sine utdanningsplanar samt i aukande grad gruppevegleiing rundt nokre tema. I tillegg har lungeavdelinga 1 overlege og ofte også 1 LIS som følgjer opp utdanningsplan spesifisert for lungemedisin. Vi er tilgjengelege for spørsmål og tek gjerne imot konstruktive innspel angåande spesialistutdanninga.

Ved medisinsk avdeling har vi ein Ylf-tillitsvalt for LIS-legar og ein Of-tillitsvalt for overlegane. Tillitsvalgt er tilgjengleg for alle spørsmål om arbeidskvardagen, til dømes arbeidsplan, kontrakt, lønn, ferieavvikling og anna. Det er og eigen Ylf-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.

For spørsmål om spesialistutdanninga, kontakt:
Overlege og leiar av utdanningsutvalet i lungemedisin Hilda Brügger-Synnes, tlf 70 10 50 00


Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Sist oppdatert 23.05.2023