Spesialisering i lungesjukdommar ved Molde sjukehus

Molde sjukehus er eit mellomstort lokalsjukehus for innbyggarane i Romsdal. Medisinsk avdeling dekker helsetilbodet til ei befolkning  på om kring 70 000 innbyggarar. Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, SNR, er under bygging på Hjelset om lag 20 km utanfor Molde sentrum og skal erstatte sjukehusa i Molde og Kristiansund. Sjukehuset på Hjelset blir klart for innflytting våren 2025. Befolkningsgrunnlaget for SNR er venta å være 120 000 innbyggarar, og vi vil med dette få ei felles medisinsk avdeling for heile befolkninga i dette området.  

Medisinsk avdeling Molde har i dag spesialistar innanfor lungesjukdommar, hjartesjukdommar, fordøyelsessjukdommar, endokrinologi, infeksjonsmedisin og blodsjukdommar. Vi arbeider og for å rekruttere spesialister innanfor nyresjukdommar og geriatri. Avdelinga er ei seksjonert avdeling, men fungerer som ei felles eining organisatorisk med mellom anna felles morgonmøter og vaktordning. Vi har til saman 46 senger, 6 av desse er overvakingssenger samlokalisert i felles medisinsk og kirurgisk intensiv. 

Avdelinga har 20 overlegar i tillegg 14 LIS 2/3 og 11 LIS 1.  LIS 2/3 går 12-delt tilstadevakt med døgnet delt i to. Overlegane går i generell 14-delt bakvakt med heimevakt på kveld og natt. Som LIS hos oss vil du delta i både sengepostarbeid, poliklinikk og vaktarbeid i tillegg til avsett tid til fordjupning. 

Ved lungeseksjonen er vi 3 spesialistar i lungemedisin, alle i 100% stilling. Seksjonen dekker innanfor dette også seksjonsoverlegeansvar for intensiv og 10 % avsett tid til utdanningsansvarleg overlege for heile avdelinga. Vi har alltid 2 LIS2/3 tilknytta vår seksjon som går i motsett vaktturnus. Vaktarbeidet er organisert i vaktveker og denne organiseringa sikrar at du som LIS får 5 veker kontinuitet med dagtidsarbeid ved seksjonen. I perioder med svært erfarne LIS 2/3 som ventar på sentralteneste vil vi ha ekstra legar tilknytt seksjonen.  

Lungeseksjonen har 10 senger på medisinsk sengepost A. Sengeposten delast med fordøyelsessjukdommar og blodsjukdommar. Totalt antal senger på medisinsk sengepost A er 22, og grensene mellom dei tre seksjonanen med hensyn til belegg er flytande. Du får dermed erfaring både med lungemedisinske pasientar og generell indremedisin hos oss. Medisin A har det einaste luftsmitteisolat med undertrykksventilasjon ved sjukehuset og lungeseksjonen har ansvar for å behandle pasientar med aktiv lunge-TBC frå Nordmøre og Romsdal. 

Lege frå lungeseksjonen har ansvar for visitt på medisinske pasientar innlagd ved intensiv-/overvåkingsavdeling. Dette som del av eit felles intensivteam saman med infeksjonslege, hjartelege, LIS i intensivrotasjon der ansvaret for visitt rullerer mellom fagområda 2 påfølgande veker. Som LIS vil du rotere 6 månader til intensiv medan du er her.

Lungeseksjonen har eigen lungepoliklinikk. Her har vi  2 rom til respirasjonsfysiologiske undersøkingar (spirometri, gassdiffusjon, body-box, FeNO, metakolin provokasjonstesting, prikktesting og ergospirometri på tredemølle) og eit prosedyrerom til pleuraprosedyrer, bronkoslkopi og EBUS, som vi også deler med hematologiske legar. I tillegg har vi skjerma plass til både tuberkulosekoordinator og sjukepleiepoliklinikk med CPAP/BiPAP og oksygenbehov. 

Medisinsk dageining ligg like ved poliklinikken. Førebels vert denne lite brukt av lungelegane. Det er nyleg starta opp med penicillinallergitestning som eit dagbehandlingstilbod og dette er planlagt at lungeseksjonen skal ha ansvar for framover. Når vi møter lungekreftpasientar skjer dette på Kreftpoliklinikken i deira eigne lokaler på sjukehuset.

Hos oss får du utdanning som gjer det mogleg å få oppfylt alle læringsmåla i del 2 felles indremedisin, med noko hospitering ved andre avdelingar på sjukehuset.

I starten av tenesta vil du vanlegvis rotere mellom dei ulike seksjonane i 2-3 år for teneste som er meir tilpassa del 2 av spesialiseringa. Dette vert tilpassa indivduelt i samråd med leiar og rettleiar og nedfelt i din individuelle utdanningsplan. Vi forsøker gjennom samtalar både i vurderingskollegium og med leiar og rettleiar å skreddersky utdanningsløp tilpassa kvar enkelt LIS sine behov. Etterkvart som du får meir erfaring forsøker vi å legge til rette for mindre vaktarbeid og meir dagtidsarbeid tilknytt seksjonen. Vi prioriterer høgt fokus på at du som LIS er i utdanning og skal ha tett supervisjon. 

Du vil ha eigne dagar avsett til poliklinisk arbeid, mengden av dette og kva pasientar du møter der vil endre seg etterkvart som du får meir erfaring. Du blir prioritert til å vere med på prosedyrer når det vert gjennomført og vil få godt volum av respirasjonsfysiologiske undersøkingar. 

Vi har stor bredde innanfor det lungemedisinske fagfeltet og du vil kunne oppnå dei fleste læringsmåla heilt hos oss, medan nokre vil du berre delvis kunne oppfylle her og vil trenge teneste ved eit universitetssjukehus for å få utfyllande teneste. Dette er knytt til sjeldne tilstandar og læringsmål med spesielle prosedyrer som krev eit visst volum eller spesielt utstyr. Pasientgrupper du vil møte mykje av her er lungekreft, KOLS, astma, enkel allergologi, respirasjonssvikt, interstitielle lungesjukdommar, tuberkulose og andre kompliserte lungeinfeksjonar, bronkieektasiar, komplisert søvnapone, pneumothoraks og oppfølging av pasientar med behov for langtids mekanisk ventilasjon.

For læringsmål vi ikkje tilbyr hos oss, må du ha teneste utanfor foretaket. Spesialiseringsperioden ved universitetssjukehus er 18 månader for desse læringsmåla. Vi har avtale om samarbeid med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo Universitetssjukehus for slik teneste. 

Når du startar hos oss får du eit tilpassa introduksjonsprogram med utgangspunkt i dine tidlegare erfaringar. Dette inkluderer innføring i daglege rutiner, prosedyrer, vaktarbeid og IT-opplæring. Det vært særskild gitt opplæring i orienterande ultralydundersøking, bruk av non-invasiv ventilasjonsstøtte, thoraksdrenasje og AHLR. Du får ein plan med følgevakter før du startar i sjølvstendig vaktarbeid.

Når du startar ved lungeseksjonen får du eit informasjonsskriv som inneheld informasjon om alt frå kontaktinformasjon til rutiner ved sengeposten, undervisningplan og mal for ulike notat. Du startar med tett oppfølging på sengepost og etterkvart får du enkle pasientar på poliklinikken.

Internundervisninga er delt mellom felles undervisning ved medisinsk avdeling og seksjonsvis undervisning for lungemedisin.

Tre dagar i veka er det internundervisning i samband med morgonmøtet på avdelinga. Ein av dagane er artikkelgjennomgang, ein av dagane undervisning basert på kasuistikkgjennomgang og ein av dagane undervisning knytt opp mot læringsmål i del 2/3 indremedisin. Denne internundervisninga vert gjennomført 42 veker i året. I tillegg er det felles undervisning for alle legar ved sjukehuset ein halvtime kvar veke der ansvaret for tema alternerar mellom de ulike avdelingane.

Ein dag i veka er det 45 minutt digital undervisning på Teams for alle lungelegar i helseforetaket. Det er sett opp ein årleg undervisningsplan som dekker alle læringsmåla innan lungemedisin i løpet av 2 år. Denne undervisninga er satt opp 38 veker i året. All undervisning skjer i veker utan ferieavvikling. Om sommaren og i samband med jule- og påskeferie er det ikkje planlagt undervisning. 

Som LIS får du fri til å delta på nasjonalt anbefalte kurs for spesialiteten, minst 10 dagar per år. Vi legg og til rette for deltaking på enkelte valfrie kurs, samt regionale, nasjonale og internasjonale møter og kongressar.

Vi har trening av MET-team i akuttmottaket kvar månad og arrangerer MET-kveld for LIS-gruppa kvart halvår med gjennomgang av fleire simuleringar. Det er i tillegg regelmessig AHLR-trening for alle legar. 

Avdelinga er ikkje stor og du vil jobbe tett ilag med alle spesialistane. Du har dermed god tilgang på råd og hjelp etter behov, og tilgangen på både formell og uformell supervisjon og rettleiing er god. Det er dagleg sett av ansvarleg overlege ved sengepost for supervisjon, spesialist på poiklinikken og bakvakt når du har vakt. 

Du får tildelt rettleiar ved oppstart i avdelinga. Saman med rettleiar har du eit ansvar for at rettleiing vert gjennomført. Det er sett av to tidspunkt kvar månad for rettleiing slik at det skal være enklare å finne eit tidspunkt som høver både deg og rettleiar. Dersom desse to tidspunkta ikkje passar vert ein einige om alternativt tidspunkt. Saman med rettleiar vil du følgje opp og oppdatere din individuelle utdanningsplan.

Det er avsett tid til fagleg fordjuping tilsvarande 4 timar per veke. Om sommaren vert det ikkje avvikla fordjupningsdagar og derfor er det avsett forholdsvis meir tid til fordjupning dei andre vekene i året slik at samla mengde fordjupningstid tilsvarer 4 timar per veke i løpet av eit kalenderår.

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.​

Vi har inga eiga forskingsavdeling ved sjukehuset, men nyttar forskingsavdelinga i helseforetaket ved behov. Fleire av legane har delte stillingar mellom foretaket og NTNU. To av overlegane ved avdelinga er i gang med eit PhD-løp.

Foretaket har ei eiga forskingssavdeling som er tverrgåande i foretaket med aktivitet ved alle fire sjukehusa, og frå forskingsavdelinga får ein både hjelp og rettleiing i samband med forskingsprosjekt. 

For å dekke læringsmål knytt til forsking og kunnskapshandtering i felles kompetansemål er det sett opp kurs over 2,5 dagar med undervisning i tema innan både forsking og forbetringsarbeid og i samband med dette vil du som LIS også gjennomføre eit forbetringsprosjekt lokalt. Det er ansatte i forskingsavdelinga og seksjon for helsetenesteutvikling som deltek i undervisninga ved desse interne kursa.

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Felles kompetansemål vert integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla vert dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseforetaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseforetaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med nærmaste leiar. I tillegg vert fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på. 
Det er ønskeleg at felles kompetansemål vert fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus. ​

Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den einskilde skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetjing av ny LIS har arbeidsgjevar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne vert utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved indremedisinsk avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkjørt planlegging av utdanninga til LIS-legane i avdelinga er det naudsynt å kunne legge overordna planar litt fram i tid.​

Utdanningsutvalet er sett saman av ein overlege og ein LIS. Det er overlegen som er leiar i utdanningsutvalet. Utvalet fungerer for heie avdeling samla. Det vert planlagt gjennomføring av internundervisning og ein ser til at avdelinga arbeider for god kvalitet i spesialistutdanninga. I tillegg tildeler utdanningsutvalet rettleiar til nye LIS. 

Lungeseksjonen har ikkje eige utdanningsutval. Ein av legane ved lungeseksjonen er utdanningsansvarleg overlege for heile avdelinga.

Det er tillitsvalgte på både avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå. Samarbeidet mellom dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa.

For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med:

Anja Helgaker, overlege og spesialist i indremedisin og lungesjukdommar. Utdanningsansvarleg overlege medisinsk avdeling Molde.


Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.






Sist oppdatert 23.05.2023