Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Offentleg utdanningsplan

Spesialisering i nevrologi i Helse Møre og Romsdal

Helse Møre og Romsdal har nevrologisk pasienttilbod ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) og Ålesund sjukehus. I Ålesund er det eit breitt poliklinisk tilbod, inklusive elektrofysiologisk laboratorium, for utgreiing, behandling og oppfølging av fleire ulike enkle og komplekse nevrologiske sjukdommar. Legane på poliklinikken har og eit tett samarbeid med medisinsk avdeling og rehabiliteringsavdelinga på sjukehuset. Det største nevrologiske miljøet er ved SNR. Der ligg sengeposten og det nevrologiske døgntilbodet er sentralisert til SNR. Det er stor bredde i pasienttilbodet både på sengeposten og poliklinikken, med eit breitt utval av utstyr som høyrer til på ei nevrologisk avdeling.

Illustrasjonsbilete

LIS-utdanning skjer både ved SNR og Ålesund sjukehus, men det er nokre læringsmål ein ikkje får oppfylt i Ålesund og derfor må ha teneste ved SNR for å kunne få oppfylt. Det er og nødvendig med eit års teneste ved eit universitetssjukehus for å kunne oppfylle læringsmål vi ikkje tilbyr i føretaket. 

Spesialisering i nevrologi ved Ålesund sjukehus

Spesialisering i nevrologi ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

Her finn du ei oversikt over alle våre spesialistutdanningar.

Sist oppdatert 17.06.2025