Spesialisering i øre-, nese-, halssjukdommar ved Molde sjukehus

Vi har ansvar for ØNH-tilbodet til befolkninga på Nordmøre og i Romsdal og dekker eit nedslagsfelt på om lag 120 000. Bemanninga vår utgjerast av 4 overlegar i fast stilling og 4 LIS. LIS går 4-delt heimevakt måndag-laurdag morgon. Overlege går i 4-delt bakvakt og har også heimevakt. Ved hørselssentralen er det 6 audiografar.
Vi har kompetanse på nasjonalt toppnivå innan tinnitus/nedsett lydtoleranse og otonevrologi. Det kirurgiske spekteret dekker alle delar av faget, herunder nese-bihulekirurgi, mellomørekirurgi, blautkirurgi, laryngologi og plastisk ansiktskirurgi. Kirurgisk tilbod til nyfødde og barn under 1 år er sentralisert til Ålesund.

Drifta vår er til ei viss grad seksjonert slik at ulike overlegar har ansvar for ulike delar av faget. Som LIS roterer du kvart halvår mellom å følge dei ulike overlegane. Slik får du stort volum på kort tid innanfor same type problemstillingar, både når det gjeld utredning og kirurgisk opplæring. Alle LIS har til ei kvar tid minst 1 operasjonsdag per uke. Arbeidsplanen er svært føreseieleg med faste vekedagar for operasjon, poliklinikk, fordjupning og vakt.

Vi har ein velfungerande tumor colli-poliklinikk der vi gjer utredning av mistenkt kreftsjukdom i hovud-/halsregionen, og der du som LIS får opplæring i ultralydundersøking av halsen. Vi er samlokalisert med kjevekirurg som vi har eit tett samarbeid med. Dette gjer at som LIS hos oss får du delta på alle relevante kjevekirurgiske inngrep som blir utført ved sjukehuset.
På slutten av spesialiseringen er det nødvendig med teneste ved universitetssjukehus i 18 månader for å oppfylle læringsmål som ikkje er mogleg å oppnå hos oss. Vi har avtale om samarbeid med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo Universitetssjukehus for slik teneste. 

Den første tida som ny LIS hos oss vil du følge overlege eller meir erfaren LIS fram til du er klar for å arbeide sjølvstendig. Det blir i starten også sett av ekstra tid både på poliklinikk og operasjon for at det skal vere god tid til opplæring og oppfølging. Det er til ei kvar tid overlege tilgjengeleg på poliklinikken og operasjonsstuene.

Internundervisning er organisert som 1 time lokal internundervisning samt 1 time nasjonal nettundervisning kvar veke. Utdanningsutvalet legg opp tema for lokal internundervisning på bakgrunn av tidligere gjennomgåtte tema, komande kurs og anna. Kvar tysdag er det felles internundervisning for alle legane ved sjukehuset i auditoriet, og det vekslar mellom avdelingane å halde innlegg her.
Det er fleire nasjonalt anbefalte kurs for spesialisteten som du må gjennomføre for å bli spesialist. Vi tilstreber at alle som får plass på desse kursa får reise, og det er berre ein sjeldan gang det ikkje lar seg gjennomføre, men då får du reise ved neste høve. Vi legg og til rette for at LIS hos oss får delta på andre kurs og konferansar. 

Vi har jamleg trening i luftvegshandtering og bronkoskopi saman med anestesiavdelinga.

Vi er eit lite og oversiktleg miljø med tett og nært samarbeid mellom alle legane og det er lett å få hjelp og tilbakemelding på arbeidet. Både ved poliklinikken og på operasjonsstua får du som LIS fortløpande supervisjon av overlege som er tilstade dei ulike dagane.

Du får tildelt rettleiar når du startar hos oss. Det blir sett av tid til samtale med rettleiar kvar månad. I arbeidsplanen er sett av tid til fagleg fordjupning kvar veke. Det er og eit ønske at du som LIS deltek på fleire kurs enn dei anbefalte kursa og også på faglege møter, til dømes haustmøte i ØNH-foreninga.

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.​

Avdelinga har per i dag ein overlege med PhD. Vi er deltakar i ConVenTu-studien, ein multisenter-studie utgåande frå NTNU der alle LIS blir involvert.

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Felles kompetansemål vert integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla vert dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseforetaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseforetaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med nærmaste leiar. I tillegg vert fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på. 
Det er ønskeleg at felles kompetansemål vert fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus. ​

Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den einskilde skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetjing av ny LIS har arbeidsgjevar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne vert utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved indremedisinsk avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkjørt planlegging av utdanninga til LIS-legane i avdelinga er det naudsynt å kunne legge overordna planar litt fram i tid.​

Utdanningsutvalet består av overlege (leder), seksjonsleder og minst ein LIS. For tida er to LIS med i utdanningsutvalet. Utdanningsutvalet har jamlege møter for å utarbeide og gjennomføre forbetringstiltak for utdanninga. Utdanningsutvalet har og ansvar for å planlegge internundervisning.

Det er til ei kvar tid ein LIS som er tillitsvalt for LIS hos oss. Det er også eigen YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.

For spørsmål om spesialistutdanning, ta kontakt med:

Benny Blomkvist, overlege/seksjonssleder ØNH Molde


Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Sist oppdatert 02.05.2023