Søknad og tilsetting LIS1

Vi ynskjer alle som vil søke om LIS1-stilling hos oss velkommen til det! 

Våre sjukehus er alle organisert slik at du som LIS1 raskt vil få ein viktig plass i det daglege arbeidet og dermed får du også moglegheit til mykje fagleg erfaring i løpet av året hos oss. Vi ser etter LIS1-legar som er sjølvstendige, men også kjenner eigne grenser og nyttar det til eigen læring. Vi ynskjer at du samarbeider godt med alle yrkesgrupper, at du er støttande overfor kollegaer og sjølv tek imot støtte og korreksjon. I tillegg ynskjer vi  at du ser heilskapen i arbeidet du gjer og klarer å tilpasse arbeidet ditt til ulike situasjonar. 

​Tilsetjing av LIS1 skjer ved kvart av våre fire sjukehus, og det er sjølvstendig tilsetjingsutval ved alle fire sjukehusa. I desse tilsetjingsutvala sit det nokre leiarar, legar frå ulike avdelingar og tillitsvalde er også med.

Som LIS1 søkjer du deg til det eller dei sjukehus du sjølv ynskjer. Alle søknadane vert lest av dei som sit i tilsetjingsutvalet som så set opp aktuelle søkjarar til intervju. Ut i frå dette vert den endelege vurderinga over kven som får tilbod om stilling gjort. 

Kriteria som vert tekne med i vurderinga i heile søknadsprosessen er, i uprioritert rekkjefølge, desse:

  • Teamkompetanse
  • God kjennskap til norsk helsevesen
  • Generell kompetanse i form av utdanning og relevant fagleg arbeidserfaring
  • Språkkunnskapar
  • Referanser

Vi følger elles dei nasjonale fristane for tilsetjning av LIS1. Dersom det skulle bli ledige restplassar, vert dette også lyst ut via Helsedirektoratet sin stillingsportal.

Sist oppdatert 02.05.2023