Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spesialisering i urologi ved SNR

Kirurgisk avdeling er ei fullseksjonert avdeling der urologisk seksjon utgjer ein av seksjonane, i tillegg til gastroenterologisk kirurgi, generell kirurgi og plastikkirurgi. Ved avdelinga er det 10-12 overlegar og 9 LIS. Vi dekker kvardagsurologisk pasienttilbod samt akuttilbodet innan urologi for heile Nordmøre og Romsdal, som utgjer eit nedslagsfelt på om lag 110 000 innbyggjarar. Det er felles generellkirurgisk vaktordning der LIS går i 8-delt tilstadevakt med vaktdøgnet delt i to. Urologane deltek i bakvakt dersom dei ønsker. Avdelinga har og LIS1 som dekker primærvaktsjiktet.

Avdelinga har to kirurgiske sengepostar. Den eine av desse er delt mellom kirurgi og ortopedi. Vi disponerer senger i lag med noko generell kirurgi, men det er glidande bruk av sengetal etter behov.

Urologisk seksjon tilbyr kvardagsurologi i form av poliklinisk utgreiing og behandling, dagkirurgisk behandling og operasjonar for inneliggande pasientar. Seksjonen gjer også noko barnekirurgi i samarbeid med generellkirurgane. Vi har utstyr for transuretral kirurgi og laparaskopisk kirurgi, i tillegg til open kirurgi. Vi har og tilbod om endourologisk steinbehandling. Avdelinga er godt utstyrt for det pasienttilbodet vi har.

Som LIS hos oss får du god tilgang på kvardagsurologiske problemstillingar og god mengdetrening på basale ferdigheiter. Vi legg opp til rotasjon mellom dei ulike seksjonane for å kunne få oppfylt læringsmål i del 2 felles kirurgi, og etterkvart meir tilpassa tid og arbeid på urologisk seksjon. Du treng om lag to år ved vår seksjon for å kunne få oppfylt dei læringsmåla vi har tilbod om. I tillegg til dette treng du 1,5 år spesialiseringsperiode ved universitetssjukehus for å kunne få oppfylt dei resterande læringsmåla vi ikkje har tilbod om i Møre og Romsdal. Vi har avtale med St. Olavs hospital for slik teneste.

Nye LIS som startar på avdelinga får nødvendig opplæring i våre rutinar, dataprogram vi brukar med meir. Du får og følgevakter før du startar sjølvstendige vakter.

Ved seksjonen blir du raskt inkludert i miljøet og vi tilpassar opplæringa ditt behov.

Vi har undervisning to dagar i veka, kvar gong over 45 minutt. Ein dag er det felles internundervisning for kirurgisk avdeling, medan ein dag er urologisk undervisning, dette skjer som videoundervisning for alle urologiske seksjonar i fylket. Undervisning skjer ikkje i ferieperiodar sommar og jul. Vi planlegg å dekke læringsmåla som det framgår av Kompetanseportalen, samt diskusjon rundt relevante kasuistikkar, artiklar og retningslinjer, både nasjonale og europeiske.

Det er forventa at du skal delta på nasjonale kurs som er anbefalte for spesialiteten og frå avdelinga er sett av 5 dagar kvart halvår til slik permisjon. Du får og ytterlegare permisjon dersom det passar med dei andre arbeidsoppgåvene du har.

Det er ein D-boks for å øve på laparaskopiske inngrep på avdelinga. Du får elles opplæring i alle prosedyrar før du gjer dei sjølvstendig med nødvendig supervisjon, og det er god tilgang på prosedyrar av ulike slag ved seksjonen.

Vi er ein liten seksjon og arbeider tett i lag. Det er god tilgang på både formell og uformell kontakt både for supervisjon og rettleiing.

Du får nødvendig opplæring og supervisjon ved prosedyrar fram til du gjer dette sjøvstendig. På sengepost er det felles previsitt med overlege, visitt av og til med supervisjon. Operasjonar blir assistert inntil dei kan gjerast sjølvstendig. Større inngrep er alltid teamarbeid. Som LIS hos oss blir du alltid sett opp på alle operasjonar når du er ved seksjonen, utanom ved vakt og poliklinikk. Poliklinikken for LIS planlegg vi til dagar som ikkje ordinært er operasjonsdagar slik at ein skal få med seg flest mogleg inngrep. Ved poliklinikken arbeider ein sjølvstendig, men med tilpassa pasientgrupper og arbeidsmengde etter kompetansenivå. Det er god tilgang på overlege for råd og hjelp etter behov. Vi tilstreber at same lege utgreiier, behandlar og følgjer opp pasienten.

Rettleiing og fagleg utvikling

Du får tildelt rettleiar når du starter. Saman med rettleiar skal du mellom anna lage ein plan for å få oppfylt krav til nasjonale kurs, samt deltaking på regionale/ nasjonale urologiske møte. Vi set av tid til rettleiing kvar månad.

Du får sett av tid til fordjuping tilsvarande 4 timar kvar veke. Det er og forventa at du deltek på alle faglege møte ved avdelinga.

Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er LIS si oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.​

Vi har ingen legar med PhD ved urologisk seksjon. Det er ingen eigne pågåande forskingsprosjekt. Helse Møre og Romsdal har eiga forskingsavdeling som bistår med råd og rettleiing til dei som ønsker å drive forsking.

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.

Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.

Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus. ​

Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.​

Utdanningsutvalet utgjerast av overlege og LIS. Det er overlege som er leiar for utdanningsutvalet.

Det er eigen YLF-tillitsvalt på avdelings-, sjukehus- og føretaksnivå.

For spørsmål om spesialistutdanninga,  ta kontakt med:

Per Bjørnar Solevåg, overlege og spesialist i generell kirurgi og urologi.


 

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.

 

 

 

Sist oppdatert 19.09.2025