Spesialisering i vaksenpsykiatri ved Molde sjukehus

I Molde finn du Avdeling for distriktspsykiatri Nordmøre og Romsdal og Avdeling for sjukehuspsykiatri Nordmøre og Romsdal. I fellesskap har avdelinga tilbod om teneste innan alle nødvendige tenesteområde for å oppnå alle læringsmåla i vaksenpsykiatri. 

Avdeling for sjukehuspsykiatri dekker opptaksområdet for både Molde og Kristiansund. Avdeling for distriktspsykiatri har DPS i Molde som dekker opptaksområdet i Molde og DPS i Kristiansund som dekker opptaksområdet i Kristiansund.

Det er til saman 14 LIS3 tilsett ved dei to avdelingane. Alle inngår i ei felles rotasjonsordning mellom dei ulike seksjonane i avdelingane. 

Rotasjonsordninga sikrar at du får gjennomført ulike typer teneste ved ulike seksjonar. Gjennom dette er det være lagt til rette for at spesialistutdanninga kan gjennomførast innan normalt forventa tid på fem år. Antallet LIS ved dei enkelte seksjonane vil derfor over tid kunne variere noko utifrå den enkelte sitt utdanningsbehov.

Om dei ulike seksjonane

I Molde sentrum er det tre seksjonar for utdanning:

  • Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde
  • Poliklinikk psykisk helse DPS Molde
  • Seksjon for utgreiing og behandling Molde sjukehus

DPS: Er bygd opp med poliklinikk som inkluderar allmennteam, ambulant team, FACT-team og fleire spesialteam (ROP-team, DBT-behandling og angstbehandlingsteam). I tillegg til dette kjem døgnseksjonen. Poliklinikken tek imot henvisningar frå fastlegar i opptaksområdet, samt frå døgnseksjonane. Nokre pasientar vert henvist direkte til døgnseksjonen. DPSet har eit ambulant akutt-team som har samarbeid med kommunal helse- og sosialteneste og kan ta pasientar til kortare krisebehandling. Ved poliklinikken er det 7 spesialistar, inklusiv ein godkjent rettleiar innan psykodynamisk psykoterapi og kognitiv terapi. Vi har normalt 3 LIS3 i rotasjon ved denne seksjonen. Seksjon for døgnbehandling har 1 spesialist i psykiatri og det er normalt 2 LIS3 ved seksjonen.

Seksjon for utgreiing og behandling: Seksjonen gir ECT-behandling, står for utgreiingar som krev innlegging, behandling av spiseforstyrringar og gir traumebehandling. Ved seksjonen er det tilsett 3 overlegar og det er oftast 2 LIS3 tilknytt seksjonen.

På Hjelset, omlag 2 mil frå Molde sentrum, ligg resten av sjukehuspsykiatrien i Nordmøre og Romsdal. Her vert og det nye fellessjukehuset for Molde og Kristiansund bygd, som vil samlokalisere somatikk og psykiatri. I dag er det 3 psykiatriske seksjonar der LIS3 får si spesialistutdanning.

  • ​Akutt psykisk helse 
  • Sikkerhetsseksjon B
  • Alderspsykiatri Nordmøre og Romsdal
Akutt psykisk helse: ​Akutt /ø-hjelpsansvar for pasientar i Nordmøre og Romsdal. Her er det 3 overlegar og normalt 2 LIS3.
Sikkerhetsseksjon B: Seksjonen samarbeider med tilsvarande seksjon på Sunnmøre og eit felles fylkesdekkande tilbod. Ved seksjonen er det 1 overlege og 0-1 LIS3. 
Alderspsykiatri: Alderspsykiatrisk tilbod til pasientar i Nordmøre og Romsdal. Seksjonen har 3 spesialistar og 1 LIS3. 

I tillegg til LIS3 er det til ei kvar tid 6 LIS1 fordelt på seksjon for akutt psykisk helse og seksjon for døgnbehandling Molde DPS.

Ved alle seksjonar er LIS3 ein viktig del av den daglege drifta gjennom deltakelse i vaktordning, mottak av pasientar samt oppfølging av inneliggande pasientar. Vaktordninga er lokalisert til seksjon for akuttpsykiatri. LIS1 deltek i vaktordning saman med LIS3. LIS3 går 14-16-delt tilstadevakt, LIS1 har noko hyppigare vakt.

​Spesialistane deltek i 14-delt bakvaktsordning. 

Utdanningsløpet kan gjerast på mange ulike måtar og det er ikkje nokon standardmal for alle. Dette vert tilpassa både kva kompetanse du eventuelt har frå før, kva du manglar for å oppnå læringsmål og korleis vi får alt til å passe i hop. Det vil framgå av Kompetanseportalen kva læringsmål som kan oppnåast ved dei ulike seksjonane, og fleirtalet av læringsmål kan oppnåast ved fleire seksjonar. I tillegg vil ditt utdanningsløp også framgå av din individuelle utdanningsplan.

Læringsmåla skal oppnåast innan tenesteområda akuttpsykiatri, rehabiliteringsteneste, fordjupningsteneste og allmennpoliklinikk, i tillegg til valfri teneste - totalt minimum 60 månader. Vi har en rotasjonsplan som tek utgangspunkt i minimumstid ved dei ulike tenesteområda for å sikre mengdekompetanse med tanke på å oppnå læringsmål.​

Tenesteområde
​Antal månader (minimum)
Aktuelle læringsarenaer
​Akuttpsykiatri
​12 månader
​Akutt psykisk helse Molde
​Rehabiliteringsteneste
​​9 månader
​Sikkerhetsseksjon B, Døgnbehandling DPS Molde eller Kristiansund, Poliklinikk DPS Molde med FACT-team
​Fordjupningsteneste
​9 månader
​Alderspsykiatri, utgreiing og behandling, Poliklinikk DPS Molde med traumebehandling eller spesialisert angst/OCD-behandling.
​Allmennpoliklinikk
​12 månader
​Poliklinikk DPS Molde eller Kristiansund

​Valfri teneste
​18 månader
​Alle læringsarenaer er aktuelle

Kontinuitet er viktig for å oppnå læringsmål. Dersom LIS3 får avbrutt teneste i ein rotasjon kan det verte aktuelt å bruke noko av den valfrie tenesta på å ta igjen den tida. Rotasjonen legg opp til at ein kan fullføre spesialistutdanninga på 60 månader, men det vert lagt til rette for å utvide dette dersom det er naudsynt. Pasienttilstrømming vil også kunne påverke noko kva for læringsmål du faktisk oppnår i dei ulike rotasjonane, men i sum vil du komme innom alt.

Poliklinikk: Du vil få erfaring i utgreiing og spesifikk psykiatrisk diagnostikk. Både utgreiin og vidare behandling vert utforma saman med pasienten og eventuelle kommunale aktørar. Som LIS3 får du erfaring med spesifikke terapeutske intervensjonar inkludert medikamentell behandling. Noko av tida i poliklinikken kan nyttast i ambulant akutt-team for å få erfaring med å vurdere krisesituasjonar. Ved teneste i spesialpoliklinikk får du meir inngåande kjennskap til utfordringar knytt til spesifikke pasientgrupper.

Døgnseksjon: Ved DPS er døgnbehandling normalt ledd i ei poliklinisk eller ambulant behandling. Som LIS3 får du god erfaring med tverrfagleg arbeid, mellom anna miljøterapi i tillegg til bruk av utredningsverktøy, diagnostikk og behandling. I døgnpost på sjukehus får du erfaring med spesifikke diagnostiske verktøy, observasjon over tid og tverrfagleg samarbeid og vidare behandling. Som LIS3 er du ein del av det tverrfaglege teamet. Her ligg det godt til rette for vurderingar saman med overlege. Ved døgnavdelingane får du erfaring med suicidal- og voldsrisikovurdering, medikamentell behandlig over tid og om korleis Lov om psykisk helsevern kan bidra tl ei god og naudsynt ramme for behandlinga. Du vil og ha samarbeid med pårørande. I ulike faser av behandling vil du oppnå læringsmål knytt til kontakt med fastlege og andre kommunale helse- og sosialtenester.

Akuttilbodet: Døgnbehandling i akuttseksjonen gir volumerfaring for vurdering av suicidalitet og voldelighet, rusmiddelbruk, rammer for å kunne gi god behandling i den akutte fasen, bruk av medikament og tiltak etter Lov om psykisk helsevern. Ei særskild utfordring i akuttpost er å forstå korleis ulike kulturar gir uttrykk i en akuttsituasjon.

Psykoterapirettleiiing vert gitt av godkjend rettleiar. Dette vert gitt uavhengig av kva læringsarena du til ei kvar tid er tilknytt.

Vi sender skriftleg informasjon om spesialistutdanninga og seksjonane før første arbeidsdag. Da får du og informasjon om oppmøtetidspunkt og oppmøtestad. Første dag blir du tatt imot av din seksjonsleiar og du vil få introduksjon til og informasjon om arbeidet som LIS3. Du får tildelt klinisk rettleiar ved oppstart og rettleiinga startar i løpet av dei to første vekene. 

Så raskt som mogleg etter oppstart skal du delta på obligatorisk kurs i vurdering av sjølvmordsrisiko og voldsrisiko, samt aktuelt lovverk innan psykisk helsevern.

Du har følgevakt med introduksjon til vaktarbeid før du startar i sjølvstendige vakter.

Vi har felles internundervisning kvar veke på tirsdagar frå kl 12-14 for LIS ved alle seksjonar i Molde og Kristiansund i minimum 35 veker i året (mimum 70 timar i året). Undervisninga er obligatorisk for alle LIS3. Ved fravær kan ein ta igjen ein gjennomgang av aktuelt tema med rettleiar. 

Vi har og det vi kallar litteraturmøter for både LIS3 og spesialister kvar tirsdag i vårhalvåret kl 14-15. Ein legg då fram ulik relevant litteratur og kliniske problemstillingar/kasuistikkar. Kvar 4. veke er det fokus på aktuelle organisatoriske saker i eit eige legemøte

Vi har ein eigen  4-årig plan for internundervisning som dekker teorigrunnlaget for dei ulike læringsmåla. Hovudansvaret for planlegging og gjennomføring av LIS3-undervisninga går på omgang mellom alle spesialistane tilsett ved seksjonane i Molde og Kristiansund. Både spesialistar og LIS har framlegg i undervisninga.

Alle LIS3 oppmuntrast til å delta på dagsseminar og kurs i foretaket. Det er i tillegg obligatorisk deltaking på helseforetaket sitt etikkseminar. Som LIS3 får du fri med løn til deltaking på nasjonalt anbefalte grunnkurs i psykiatri, samt emnekurs og valfrie kurs etter behov og andre nasjonalt anbefalte kurs i spesialistutdanninga. Både LIS og overlegar får støtte til å delta på viktige kurs.

Ferdigheter lærast best gjennom klinisk praksis på dei enkelte seksjonar. Det er ikkje lagt opp til eigen simulering eller ferdigheitstrening.

Alle våre seksjonar er små og oversiktlege og du vil arbeide tett ilag med spesialistane. Supervisjon av LIS3 inngår som ein del av arbeidsoppgåvene til den enkelte spesialist på dei enkelte seksjonar. Dette skjer i form av felles samtalar med tilbakemelding til deg, drøftingar på morgonmøte og teammøter, og diskusjonar knytt til enkeltpasientar. Supervisjonen vil vere tettare på døgnseksjonar og meir etter behov ved poliklinikkane.

Du får oppnemnd rettleiar innan 1-2 veker etter oppstart. Det blir sett av fast tidspunkt 1 time kvar veke for klinisk rettleiing. I ferier og ved fravær dekker andre spesialistar opp for fast rettleiar. Du vil bytte rettleiar når du roterer til ny seksjon.

Kvar månad er det grupperettleiing som kjem i tillegg til individuell rettleiing. LIS3 er inndelt i 2 grupper leia av overlege. Gruppene tek opp fastlagte tema frå læringsmåla både i psykiatri og i felles kompetansemål. Gjennom dette får ein drøfta ei rekke etiske tema.

Vi har eigne godkjende rettleiarar for å dekke behovet for rettleiing i psykodynamisk og kognitiv terapi.

Det er satt av tid tilsvarande 4 timar pr veke til fordjupningstid.

Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.​

Foretaket har ei eiga forskingssavdeling som er tverrgåande i foretaket med aktivitet ved alle fire sjukehusa, og frå forskingsavdelinga får ein både hjelp og rettleiing i samband med forskingsprosjekt. 

For å dekke læringsmål knytt til forsking og kunnskapshandtering i felles kompetansemål er det sett opp kurs over 2,5 dagar med undervisning i tema innan både forsking og forbetringsarbeid og i samband med dette vil du som LIS også gjennomføre eit forbetringsprosjekt lokalt. Det er ansatte i forskingsavdelinga og seksjon for helsetenesteutvikling som deltek i undervisninga ved desse interne kursa. 

Vi oppmodar deg som LIS til å delta i kvalitetsforbedringsprosjekt og andre prosjekt knytt til forsking. Det blir med jamne mellomrom arrangert ELF-kurs der du kan delta. Spesialistar i psykiatri med akademisk kompetanse har med jamne mellomrom innlegg på LIS-undervisninga for å understøtte og bidra til at du oppnår læringsmål knytt til forsking. I tillegg får ein vitskapleg gjennomgang av artiklar på vekentlege tidsskriftsmøter.

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.

Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.

Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus. ​

Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.​

Dei psykiatriske avdelingane ved Molde og Kristiansund sjukehus har felles utdanningsutval. Dette består av 3 overlegar, 1 LIS, 1 psykoterapirettleiar og ein avdelingssjef. Det er overlege som er leiar av utdanningsutvalet.

Utdanningsutvalet møtest om lag 2 gonger kvart semester. Ulike saker knytt til spesialistutdanning og LIS blir drøfta. I tillegg blir det arrangert samling for alle LIS og overlegar i psykiatri i Molde og Kristiansund to gonger pr. semester der ulike aspekt ved spesialistutdanning blir drøfta. LIS3 har eiga samling først, deretter samling for alle og til slutt samling for berre overlegane. LIS3 har til ei kvar tid høve til å kome med innspel og forbetringsforslag. Endrings- og forbetringsforslag blir drøfta både i utdanningsutvalet og ved dei to samlingane kvart semester der alle deltek.

Det er felles YLF-tillitsvalt for Molde/Kristiansund. Denne sit og som fast medlem i utdanningsutvalet og har såleis ei viktig stemme med omsyn til utdanninga. YLF-tillitsvalt er og involert i ei rekke ulike fora saman med tillitsvalt for overlegane. Tillitsvalt handterer og andre saker og spørsmål som LIS ved avdelinga måtte ha. I tillegg er det YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.

Har du spørsmål knytt til spesialistutdanninga, kontakt
Utdanningsansvarlig overlege Geir Magne Nødtvedt, geir.magne.nodtvedt@helse-mr.no

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.

Sist oppdatert 02.05.2023