Praksisplassar i HMR


Cirka 1000 studentar får årleg praksis hos oss, 850 av desse er bachelor-studentar

Cirka 1000 studentar får årleg praksis hos oss, 850 av desse er bachelor-studentar

I tillegg til å drive sjukehus, er Helse Møre og Romsdal ein utdanningsinstitusjon. Vi tilbyr praksisplassar til studentar innan ulike fag. Dei to største gruppene er bioingeniør- og sjukepleiestudentar. 

Studentar knytt til NTNU Ålesund, NTNU Trondheim, Høgskolen i Molde eller Høgskolen i Volda får tildelt praksisplass gjennom skulen. Seksjon for utdanning og kompetanse mottek den årlege bestillingane frå høgskular og universitet 1. mars. Fristen for å svare er 1. mai. 
Helse Møre og Romsdal samarbeider nært med sjukepleierutdanningeae i regionen. Alle fire sjukehusa har til eikvar tid studentar i praksis. Cirka 1000 studentar får årleg praksis hos oss, 850 av desse er bachelor-studentar.  Utenom bachelor-studentar er det studentar som tek spesialisiering innan anestesi, intensiv og operasjon (AIO), jordmor, master i avansert sjukepleie,  medisinstudentar og LiS-utdanning.  

Gjennom praksis får studentane moglegheit til å avklare kva fagfelt dei kan tenke seg å arbeide innenfor. Alle våre klinikkar arbeider aktivt for at studentane skal få ein best mogleg og relevant praksis.

Føretaket har studentar frå åtte bachelorutdanningar: audiologi, ergoterapi, fysioterapi, vernepleie, sosionom, bioingeniør, radiograf og sjukepleie. Dei tre sistnemnde har obligatorisk praksis i spesialisthelsetenesta, og sjukepleie utgjer den største gruppa. Føretaket tilbyr i hovudsak praksisplassar for sjukepleiestudentar frå HiMolde og NTNU Ålesund, og studentane er i praksis i sitt andre og tredje studieår. Sjå figur 1 for fordeling av sjukepleiestudenter for året 2020 på seksjoner innen kirurgi, medisin og psykiatri. 

Diagram, liggende stolpediagram

For bachelor i bioingeniørfaget, så hadde føretaket 113 praksisplasser for studentar ved NTNU Ålesund og NTNU Trondheim. Praksisen var relatert til faga yrkesetikk for bioingeniører, og medisinsk laboratorieteknologi, samt rettleia praksisstudiar i automasjon, og rettleia praksis i poliklinikkar. 

Studenter innan radiografi har også obligatorisk praksis i spesialisthelsetenesta. For 2020 hadde føretaket 32 praksisplasser fordelt på dei fire sjukehusa. Praksisen var i samband med fag som omhandla praksisstudiar i diagnostikk eller skjelettrøntgen, samt stråleterapi og onkologi.
For dei andre studieretningene som hadde praksisstudier i HMR i 2020, så var ergoterapi den største gruppa med 35 praksisplassar, etterfulgt av fysioterapi som hadde 32 praksisplassar. Audiograf-utdanninga frå NTNU Trondheim hadde 8 praksisplassar, vernepleie-utdanninga ved HiMolde hadde 7 praksisplassar, og sosionom-utdanninga ved HiVolda hadde og 7 praksisplassar. 

Diagram, sektordiagram

 
Figur 2: Ei visualisering av praksisplassfordeling (for 2020) mellom åtte bachelorutdanningar

Totalt hadde føretaket i løpet av 2020 612 praksisplassar for sjukepleiestudentar frå NTNU Ålesund og Høyskolen i Molde. Desse studentane utgjer i overkant av 72% av det totalt antal studentar i føretaket dette året. Føretaket oppfylde kandidatmåltalet frå Kunnskapsdepartementet, oppgit i oppdragsdokumentet frå Helse- og Omsorgsdepartementet (1).

I tillegg til dei nemnde 8 bachelor-utdanningane, er det i føretaket også lærlingar, studentar i vidareutdanningsløp, spesialiseringar for sjukepleiere, legar og psykologar, samt ansatte i doktorgradsløp. 

Referanse
1. Oppdragsdokument 2019, Helse Midt-Norge RHF, Det kongelige helse- og omsorgsdepartement (nedlastet 25.01.2020), tilgjengelig fra: Oppdragsdokument 2019 HMN (helse-midt.no)



Sist oppdatert 04.08.2023