Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Praksis i HMR

Audiografstudentar i praksis: Lærer handverket i Helse Møre og Romsdal

Ved Høyrselssentralen i Helse Møre og Romsdal jobbar eit dedikert team som består av fjorten audiografar kvar dag med å hjelpe menneske med å sikre god hørsel. Desse audiografane behandlar årleg 7000 pasientar.

Publisert 19.06.2024
Sist oppdatert 21.06.2024
En gruppe mennesker som sitter ved et bord med datamaskiner
Audiografstudentane får praktisert det dei har lært i klasserommet i reelle situasjonar, noko som gir dei verdfull erfaring før dei skal ut i arbeidslivet.

I tillegg til det kliniske arbeidet, spelar dei tilsette ei viktig rolle i utdanninga av framtidige fagfolk ved å ta imot studentar i praksis. 

Verdfull erfaring

Audiografstudiet ved NTNU tilbyr som einaste universitet i Norge, studieprogram innan audiologi. Studiet kombinerar teoretisk kunnskap med praktisk erfaring, noko som gjer studentane godt førebudd til å møte utfordringar i arbeidslivet. Studiet er ei treårig bachelorutdanning kor studentane lærer hørselens anatomi og fysiologi, diagnostiske metodar, rehabilitering og behandling av hørselstap. Studiet kombinerer teoretisk undervisning med praktisk opplæring, og det er nettopp den praktiske delen som  studentane no har i samarbeid med Helse Møre og Romsdal.

Ida Kristin og Ida har begge praksis i Molde og fortel om sine erfaringar;  -Det har vore lærerikt å få jobbe med pasientar i Helse Møre og Romsdal. Vi får praktisert det vi har lært i klasserommet i reelle situasjonar, noko som gir oss verdfull erfaring før vi skal ut i arbeidslivet.

Et par kvinner i hvite skjorter
Ida Kristin og Ida, førstårsstudentar på bachelorstudiet i audiologi, er no i praksis fram til sommaren og får verdfull erfaring og kunnskap

Praksisperioden gjev studentane moglegheit til å jobbe under rettleiing av erfarne audiografar, noko som bidrar til ein trygg og lærerik overgang frå studier til yrkeslivet. Studentane får erfaring med å utføre hørselsmålingar, tilpasse høyreapparat og gi rettleiing og oppfølging til pasientar med hørselstap.  

Aukande etterspørsel

-Behovet for kvalifiserte audiografer aukar stadig, spesielt med ei aldrende befolkning og aukande medvit om hørselstap og korleis dette påverkar livskvaliteten vår.  Dei studentane som er ferdigutdanna ved NTNU, står overfor ein arbeidsmarknad med høg etterspørsel etter kompetansen deira, forklarar leiar ved hørselssentralen i Molde og leiar i Audiografforbundet Mona Elisabeth Hansen. Mona forklarar vidare at forskingsstudier syner at det er ein samanheng mellom høyrselstap og demens. Forskinga ho viser til er HUNT4 undersøkinga.

Mona Hansen uttrykker takksemd overfor studentene: - Audiografstudantene gjennomfører ei krevande utdanning og bidrar positivt både i seksjonen og for pasientane. Dei hjelper mange pasientar å forbetre hørselen og livskvaliteten.   

Studentane bringer med seg oppdatert kunnskap og ny energi: Ei av dei som hadde praksis hos oss har no starta i fast stilling hos oss her i Ålesund etter endt studietid, seier leiar i Ålesund Monika Dahl Berget   

-Her får eg brukt det eg har lært på studiet saman med kjekke kollegaer, seier tidlegare student i seksjonen, Silje Brox.  Silje tilrår yrket til dei som ønskjer å ha ein omsorgsjobb som samtidig har teknisk interesse. Som audiograf møter ein menneske i alle aldrar med ulike hørselsutfordringar, og jobben til auiografane er å hjelpe dei med utfordringane gjennom informasjon, samtale og tilpassing av teknologiske hjelpemiddel.  Hos oss jobbar vi tverrfagleg saman legar fra Øre-Nese-Hals og audiopedagogar. 

En kvinne som sitter ved et skrivebord
Silje Brox ved Hørselssentralen: Silje starta reisa si som audiografstudent i praksis ved Hørselssentralen. No er ho fast ansatt i seksjonen og trives godt med å hjelpe pasientar med hørselstap

Les meir: 
Høyrselssentralen i Ålesund 
Høyrselssentralen i Molde