Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Besøk frå spesialitetskomiteen løftar fram utdanningsarbeidet i revmatologi

Revmatologisk seksjon ved Ålesund sjukehus fekk nyleg besøk av Spesialitetskomiteen i revmatologi. Besøket er ein viktig del av kvalitetssikringa av spesialistutdanninga for legar i spesialisering (LIS), og gav seksjonen høve til å vise fram arbeidet sitt med rettleiing, supervisjon og kompetanseutvikling.

Publisert 28.10.2026
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Representantar frå Spesialitetskomiteen i revmatologi besøkte Revmatologisk seksjon ved Ålesund sjukehus for å gjennomgå og kvalitetssikre spesialistutdanninga for legar i spesialisering. Frå Helse Møre og Romsdal deltok mellom andre utdanningsansvarleg overlege Hallvard Fremstad, seksjonsleiar Ida Grøtta Barstad og utdanningskoordinerande overlege Tran.

Under besøket møtte representantar frå spesialitetskomiteen LIS-legar, rettleiarar og leiinga ved seksjonen. Frå Helse Møre og Romsdal deltok mellom andre utdanningsansvarleg overlege Hallvard Fremstad, seksjonsleiar Ida Grøtta Barstad og utdanningskoordinerande overlege Thuy Tran.

Målet med besøket var å vurdere korleis utdanninga er organisert, og om LIS-legane får den opplæringa, rettleiinga og oppfølginga dei har krav på.

– Spesialitetskomiteen er på mange måtar LIS-legane sin advokat. Dei skal sikre at utdanninga held høg kvalitet, og at spesialiseringsløpet fungerer slik det skal, seier Hallvard Fremstad.

Han omtalar besøket som både konstruktivt og nyttig.

– Vi hadde ein open og god dialog med komiteen, og fekk høve til å diskutere både styrkar, utfordringar og moglegheiter for vidare utvikling av utdanninga.

Tett oppfølging gir gode læringsvilkår

Eit av områda seksjonen ønskte å løfte fram, var den systematiske oppfølginga av legar i spesialisering. Supervisjon og rettleiing er integrerte delar av kvardagen, og det er sett av tid til fagleg fordjuping.

– LIS-legane trivst godt hos oss og får tett oppfølging gjennom heile utdanningsløpet. God supervisjon og rettleiing er avgjerande for fagleg utvikling og progresjon, seier Fremstad.

Seksjonsleiar Ida Grøtta Barstad peikar på det stabile fagmiljøet som ein viktig suksessfaktor.

– Vi har ei svært stabil overlegegruppe som er oppteken av å dele kunnskap og erfaring. Dette skjer gjennom internundervisning, pasientgjennomgangar, supervisjom og rettleiing. Delingskulturen vår bidreg til eit godt læringsmiljø og høg kvalitet i utdanninga.

Barstad understrekar òg samanhengen mellom kompetanseutvikling og pasientbehandling.

– Når vi investerer i utdanning og kompetanseutvikling, løftar vi det samla faglege nivået. Det kjem pasientane til gode gjennom endå betre diagnostikk, behandling og oppfølging.

Eit heilskapleg perspektiv på spesialistutdanning

Utdanningskoordinerande overlege Thuy  Tran deltok også under besøket. Ho har eit overordna ansvar for å følgje opp og leggje til rette for at spesialistutdanninga i Helse Møre og Romsdal blir gjennomført i tråd med nasjonale, regionale og lokale føringar.

Det siste året har ho samarbeidd tett med utdanningsansvarleg overlege Hallvard Fremstad, mellom anna gjennom arbeid i regionale råd for å få på plass revidert fagavtale for LIS-legar som skal gjennomføre spesialiseringsperiodar ved universitetssjukehus.

Under besøket orienterte Tran spesialitetskomiteen om korleis utdanninga av legar i spesialisering er organisert i Helse Møre og Romsdal, med særleg vekt på felles kompetansemål (FKM). Ho presenterte også arbeidet med prosjektet #Ta vare på LIS, som skal bidra til gode utdanningsløp og betre ivaretaking av legar i spesialisering.

– Det var svært verdifullt å ha Thuy med under besøket. Ho bidreg med eit overordna perspektiv på utdanningsarbeidet og har god innsikt i både regionale og nasjonale føringar. Det styrkte dialogen med spesialitetskomiteen og gav eit heilskapleg bilete av spesialistutdanninga i Helse Møre og Romsdal, seier Fremstad.

Utdanning for å sikre nødvendig kompetanse

Sjølv om den endelege rapporten frå besøket enno ikkje ligg føre, er inntrykket at komiteen gav positive og oppmuntrande tilbakemeldingar.

For Hallvard Fremstad er bodskapen klar:

– Erfaringa har vist oss at vi må utdanne våre eigne spesialistar. Difor er det viktig å satse på gode utdanningsløp, tett oppfølging og eit læringsmiljø som gjer at legane både utviklar seg fagleg og ønskjer å bli verande hos oss.
Hallvard Fremstad

Han peikar også på at avdelinga ønskjer større moglegheiter for forsking som ein del av den vidare utviklinga av utdanningstilbodet.

– Skal vi sikre nødvendig kompetanse i framtida, må vi både tilby utdanning av høg kvalitet og leggje til rette for fagleg utvikling gjennom heile spesialiseringsløpet, seier Fremstad.