Usynlege heltar i sjukehuskvardagen
Bioingeniørane er ei av dei viktige yrkesgruppene som jobbar i kulissane på sjukehuset – heilt avgjerande for diagnostikk og pasientbehandling, men ofte utan at ein ser dei. Ved Ålesund sjukehus finn du dei i 2. etasje, der dei analyserer prøver frå pasientar og tek imot studentar som får verdifull praksis i eit sterkt fagmiljø.

Ved Medisinsk biokjemi og blodbank i Ålesund jobbar bioingeniørane for å sikre rask og presis diagnostikk. Samtidig får studentar viktig praksis som gir eit verdifullt innblikk i yrket.
Kvar einaste dag tek bioingeniørane ved Medisinsk biokjemi og blodbank ved Ålesund sjukehus fleire hundre blodprøvar som skal analyserast. Bak kvar prøve står eit fagmiljø med høg kompetanse og eit sterkt interesse for kvalitet og pasientsikkerheit.
– Bioingeniørane er heilt sentrale i diagnostikken. Vi kombinerer avansert laboratoriearbeid med pasientkontakt, seier Evy Renate Berge Aam, som sjølv hadde praksis ved avdelinga som student og no jobbar fulltid.
Ho trekk fram variasjonen i arbeidsdagen som noko av det ho likar best.
– Eg får brukt både teknisk kunnskap og evna til å kommunisere med pasientar. Det gjer jobben både utfordrande og meiningsfull.
Praksis gir tryggleik og meistring
Avdelinga tek jamleg imot studentar i praksis, og for mange blir det starten på ei karriere i helsetenesta. Guro Elise Bjørkavoll Hofseide er andreårsstudent og har praksis ved Medisinsk biokjemi. Ho er svært nøgd med oppfølginga ho får.

– Eg får brukt mykje av teorien frå studiet i praksis, og det er veldig lærerikt. Eg får konstruktive tilbakemeldingar frå rettleiarane mine, og det hjelper meg å utvikle meg vidare, seier ho.
Guro Elise har alt byrja å jobbe som ekstrahjelp ved sida av studia, og ho håpar å få fast jobb ved sjukehuset etter endt utdanning.
– Det er fint å bli kjent med heile sjukehuset og få innblikk i mange ulike avdelingar. Arbeidsdagen er variert, og eg føler meg godt teken imot.
Studentar frå NTNU
Helse Møre og Romsdal tek årleg imot rundt 40 bioingeniørstudentar frå NTNU i Ålesund, i tillegg til nokre frå NTNU i Trondheim. Studentane har praksis ved alle sjukehus i føretaket – både i Ålesund, Volda og ved det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) – men det er flest praksisplassar i Ålesund.
– Praksis er heilt avgjerande for å utdanne trygge og kompetente bioingeniørar. Vi er stolte av det fagmiljøet vi har ved Medisinsk biokjemi og blodbank , og det gode samarbeidet med utdanningsinstitusjonane, seier Guro Berge, utdanningssjef i Helse Møre og Romsdal.
Ho understrekar at praksisperioden gir studentane eit realistisk bilete av arbeidskvardagen og styrkjer rekrutteringa til sjukehusa.
– Når studentane får oppleve eit inkluderande og fagleg sterkt miljø, slik som her i Ålesund, aukar sjansen for at dei ønskjer å kome tilbake etter studia. Det er viktig for oss.
Presisjon og ansvar
Analysering av blodprøver, urinprøver og andre biologiske prøver krev både nøyaktigheit og teknologisk innsikt. Bioingeniørane nyttar avanserte instrument og datasystem for å sikre at prøvesvara er pålitelege og kjem raskt fram til legane.
– Det er eit stort ansvar, men også veldig givande. Vi veit at det vi gjer har direkte betydning for behandlinga pasientane får, seier Evy Renate.

Gjennom praksis får studentane eit realistisk bilete av yrket og blir godt førebudde på arbeidslivet. For sjukehuset er det også ein viktig arena for rekruttering.
– Vi ser at mange av studentane ønskjer å kome tilbake etter studia, og det set vi stor pris på, seier assisterende seksjonsleiar Camilla Pedersen ved seksjonen.