Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

NTNU og HMR styrkjer praksisfeltet saman gjennom felles fagdag

Fagdag for praksisrettleiarar styrkjer samarbeid og kompetanse

Praksisrettleiarar frå heile Helse Møre og Romsdal var samla ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal til fagdag med ny studieplan, SVIP og kvalitet i praksisrettleiing på agendaen.

Publisert 12.09.2025
En mann og kvinne som poserer for et bilde
Sigmund Kolås og Anna Urke Helle deltok aktivt under fagdagen ved SNR. Begge understreka kor verdifullt det er å dele erfaringar med andre praksisrettleiarar – og korleis slike møteplassar styrkjer både tryggleik i rolla og kvaliteten på rettleiinga.

NTNU og Seksjon for utdanning og kompetanse ved Helse Møre og Romsdal (HMR) arrangerte nyleg ein fagdag for praksisrettleiarar innan anestesi, intensiv og operasjon (AIO). Om lag 20 personar deltok på samlinga, deriblant rettleiarar frå heile HMR og praksislærarar frå NTNU, som fann stad ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR). 

Styrka samarbeid gir betre praksisoppleving for studentane 

Fagdagen hadde som mål å styrkje samarbeidet mellom utdanningsinstitusjonen og helsetenesta, og å gi rettleiarane fagleg påfyll og støtte i rolla som praksisrettleiar. Utdanningssjef Guro Berge opna dagen med ei gjennomgang av samarbeidsavtalar og HMR si vikitge rolle som utdanningsaktør.  

Tekst
– Det er viktig å samlast slik at rettleiarane og praksislærarane får samsnakka om studieopplegget og kjenner til endringar som kjem, slik at studentane får ei heilskapleg og relevant praksisoppleving, seier Guro Berge.

 

Ny studieplan og SVIP på agendaen 

En gruppe personer i et møte
Inger Hilde Hagen, universitetslektor ved NTNU, presenterte den nye studieplanen for anestesi-, intensiv- og operasjonssjukepleie under fagdagen ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.

 

Programmet bestod av følgande: 

  • Presentasjon av program og deltakarar  Informasjon om studieplan for kull 2025 og ny studieplan for kull 2026 (master i spesialsjukepleie) 
  • Erfaringar med SVIP (strukturert rettleiing i praksis) og planar vidare 
  • Diskusjonstema: 
    - SVIP i kvar studieretning – kva treng vi for å få dette til? 
    - Ny sensorordning for praksisstudiane – erfaringar og refleksjonar 
    - Studieretningsvise samlingar med informasjon om praksisdokument 
  • Oppsummering i plenum med innspel frå gruppene 
  • Omvising ved SNR 
En gruppe mennesker som sitter ved bord
Engasjert forsamling under fagdagen ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Praksisrettleiarar f alle sjukehus i Helse Møre og Romsdal var representerte, og bidrog med erfaringar og innspel f ulike fagmil.

Stemmer frå praksisfeltet
Blant
deltakarane var
Anna Urke Helle frå operasjonsavdelinga i Ålesund og Sigmund Kolås frå operasjon Volda. Begge understreka verdien av å møtast på tvers av avdelingar og sjukehus:

– Det er veldig nyttig å få støtte i rettleiingsarbeidet og høyre korleis andre gjer det. Eg kjenner meg betre førebudd på endringar i studiet og tryggare i rolla, sa Anna Urke Helle. 

– Slike møteplassar er viktige for å hauste felles erfaringar og byggje nettverk. Det gir oss høve til å utvikle oss saman og sikre god kvalitet i praksisrettleiinga, la Sigmund Kolås til. 

Fagdagen ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal vart ei verdifull samling for praksisrettleiarar frå heile fylket. Med fagleg påfyll, erfaringsdeling og dialog på tvers av fagmiljø, vart det lagt eit solid grunnlag for vidare samarbeid mellom NTNU og praksisfeltet. Arrangørane håpar å etablere fagdagen som ein fast møteplass for kompetanseutvikling og kvalitetsheving i rettleiinga av framtidas spesialsjukepleiarar.