Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
UTDANNING I HELSE MØRE OG ROMSDAL

Frå barndomsdraum til fødsel nummer 40

Frå barndomsdraum til milepæl: Jordmorstudent Erika Andresen Husby har nådd kravet om 40 fødslar iløpet av studiet under praksisen sin ved Ålesund sjukehus. Gjennom praksis og tett oppfølging spelar Helse Møre og Romsdal ei viktig rolle i jordmorutdanninga.

Therese Stern
Publisert 28.05.2026
En kvinne på et sykehusrom
Erika Andresen Husby på fødestua ved Ålesund sjukehus. Etter praksis med gode rettleiarar i Helse Møre og Romsdal kjenner ho seg klar for yrkeslivet som jordmor.

For jordmorstudent Erika Andresen Husby (26) var draumen klar allereie som åtteåring. No har ho nådd ein viktig milepæl: kravet om 40 fødslar i utdanninga, medan ho er i praksis ved Ålesund sjukehus. 
– Det var ei herleg kjensle, seier ho.

Siste stopp før målstreken
Erika er student ved NTNU i Trondheim og er no inne i siste del av praksisen ved Ålesund sjukehus, siste stopp før ho er ferdig utdanna jordmor i juni. Opphavleg kjem ho frå Levanger, der ho også har jobba som sjukepleiar i to år før ho søkte jordmorstudiet.
– For berre eitt år sidan kjendes det som ein lang veg til målet. No har eg nådd kravet om 40 fødslar tidleg i siste praksisperiode, og det gir meg høve til å oppsøke gode læringssituasjonar utan å kjenne på presset, fortel ho.  

En person som holder en baby
Feiring på fødestua ved Ålesund sjukehus: Jordmorstudent Erika Andresen Husby blir gratulert av kollegaer etter å ha teke imot fødsel nummer 40 i utdanninga – attpåtil på sjølvaste jordmordagen 5. mai.


Ein draum som starta tidleg
Motivasjonen for yrkesvalet kom tidleg:
– Eg ønskte å bli jordmor allereie som åtteåring. Eg var fascinert av «Jordmødrene» ein tv-serie på NRK, og har sidan tenkt at dette er eit yrke eg ville trivast i. Gjennom praksis som student har ho fått kjenne på både ansvar og utvikling.
– Det har skjedd mykje frå første fødsel til nummer 40. Eg har lært enormt mykje, og kjenner meg tryggare i rolla. Samstundes ønskjer eg å få mest mogleg ut av dei siste vekene i praksis for å stå endå tryggare når eg er ferdig utdanna.

Tryggleik gjennom gode rettleiarar
Praksisopphaldet ved Ålesund sjukehus trekkjer ho fram som både lærerikt og inkluderande 
– Det er ein dyktig gjeng i avdelinga. Vi har fått vere med på eit breitt spekter av situasjonar innan svangerskap, fødsel og barseltid, seier ho. Ho løftar særleg fram betydninga av gode rettleiarar og eit fagmiljø som tek studentane på alvor: – Eg har hatt tre ulike rettleiarar, og alle har vore tilgjengelege og støttande. Dei har gitt meg ein god balanse mellom sjølvstende og støtte når eg treng det. Eg har kjent meg trygg på å stille spørsmål – ingen spørsmål har vore dumme. 

Eg har følt meg godt teken imot av alle tilsette. Det betyr mykje for oss studentar, og gjer at vi får best mogleg læring i praksis.

Ho trekkjer også fram at heile avdelinga bidreg i opplæringa:
– Eg har følt meg godt teken imot av alle tilsette. Det betyr mykje for oss studentar, og gjer at vi får best mogleg læring i praksis. Rettleiarane har vore spesielt viktige i krevjande situasjonar:
– Dei har hatt størst betydning på slutten av fødslane, når det blir gjort viktige vurderingar, og i akutte, uventa situasjonar.
Det som har gitt mest læring, er konkrete tilbakemeldingar:
– Dei mest verdifulle tilbakemeldingane har vore detaljerte gjennomgangar av kva eg kan forbetre, og diskusjonar om kvifor vi gjorde dei tiltaka vi gjorde.

Seksjonsleiar Martha Molvær understrekar kor viktig arbeidet med utdanning av studentar er:
– Jordmorfaget handlar om kvinnehelse og oppfølging gjennom svangerskap, fødsel og barseltid. Det er eit fag som krev både høg kompetanse og gode relasjonelle ferdigheiter. Master i jordmorfag er eit fulltidsstudium over to år, der praksis utgjer heile 40 veker fordelt på alle fire semester. I Ålesund vi tek imot om lag 8-10 studentar i året, og då er det avgjerande med dyktige rettleiarar som tek imot studentane og gir dei tryggleik og fagleg utvikling i praksis, seier ho.

Klar for yrkeslivet
Til hausten startar Erika i jobb ved fødeavdelinga ved Sykehuset Levanger der ho kjem frå. – Målet mitt er å bli ei trygg jordmor som tek vare på kvinnene og er ei god støtte gjennom svangerskap, fødsel og barseltid. Det ho gler seg mest til, er å stå på eigne bein. – Eg gler meg til å bli sjølvstendig og til ein kvardag fylt med det eg meiner er verdas beste yrke.

Råd til nye studentar
Til komande jordmorstudentar har ho eit tydeleg råd:
– Få mest mogleg ut av praksis. Oppsøk læringssituasjonar og les deg opp parallelt. Det gir mykje att.

HMR spelar ei nøkkelrolle i jordmorutdanninga
Forskings- og utdanningssjef i Endre Grøvik Helse Møre og Romsdal løftar fram den viktige rolla HMR har i utdanninga av studentar:
- Kvart år har vi om lag 30 jordmorstudentar i praksis hos oss, fordelt på SNR, Volda sjukehus og Ålesund sjukehus. Det er viktig for oss å bidra i utdanninga, både for å sikre gode fagmiljø og for å rekruttere til yrket i regionen.
– Studentane tilfører mykje engasjement og lærevilje, og får samstundes utvikle seg saman med erfarne jordmødrer. Slik legg vi til rette for at fleire, som Erika, kan gå frå ein tidleg draum til eit meiningsfullt yrke.