Heiderspris til Annemarie Haag-Kvernberg

Kvart år deler Leger i ortopedisk spesialisering (LIOS) ut heiderspris til ein overlege som har gjort særskild innsats innan faget. I år gjekk prisen til Annemarie Haag-Kvernberg ved Molde sjukehus.

Publisert 31.10.2024
Vinnaren omgitt av kollegaer på prisutdelinga
PRISUTDELINGA. Framme frå venstre: Andrea Toft Boutera (LIS), Annemarie Haag-Kvernberg (prisvinner og overlege ortopedi Molde) og Karine Flatin Brovoll (LIS). Bake frå venstre: Jens-Meinhard Stutzer (seksjonsoverlege) og Henriette Dahl Storm (LIS)

- Ortopediske LIS i heile landet kan nominere overlegar ved avdelinga si til LIOS (Leger I Ortopedisk Spesialisering) sin heiderspris. Den blir delt ut til ein som gir kniven vidare, brenn for utdanninga til LIS og generelt er eit godt førebilete. Det var veldig hyggeleg å lese nominasjonsteksten om Annemarie Haag-Kvernberg som var innsendt frå legar i spesialisering i avdelinga hennar. Gratulerer med eit godt utdanningsmiljø for ortopediske LIS ved sjukehusa dykkar, seier Ishanee Nirmalanathan, leiar i LIOS-styret.

– Velfortent 

Klinikksjef Britt Rakvåg Roald er svært fornøgd med tildelinga av heidersprisen. 

–  Ho er nominert av legar i spesialisering (LIS) som har vore og er i Molde, og prisen er velfortent for den innsatsen ho gjer for å gjere sjukehuset til ein attraktiv læringsarena innan ortopedi.