Utdanning og Kompetanse
Høgskolen i Molde lanserer pilotprosjekt med digitalt evalueringsverktøy for sjukepleiestudentar
Høgskolen i Molde har nyleg innført eit pilotprosjekt med det digitale rettleiing- og vurderingsverktøyet TOPP-N, dette er spesialutvikla for å følge opp sjukepleiestudentane under praksis.
Prosjektleiar og høgskulelektor Tonje Sollid frå HiM har no hatt opplæringsmøter ved Molde sykehus for å sikre at rettleiarane er godt rusta til å bruke det nye verktøyet.
Sollid er og sentral i implementeringa av systemet. -TOPP-N, kor "N" står for "nurse", er utvikla for å støtte rettleiarar i å vurdere studentane sine kunnskaper, ferdigheiter og generelle kompetanse på ein mer strukturert og konkret måte enn tidlegare papirskjema ga moglegheit til. Systemet legg til rette for at både studentar og rettleiarar kan gje tilbakemeldingar, noko som gir ein meir presis oversikt over studentane sin progresjon og læringsutbytte.
Bedre kontroll og oppfølging
Tonje Sollid forklarar at TOPP-N gir rettleiarar ei unik moglegheit til å få betre kontroll på kva som skjer i praksisfeltet.
-Verktøyet er ikkje nødvendigvis raskare, men det gir oss ein betre kvalitet på oppfølginga. Rettleiarane kan om ønskeleg gå inn ukentleg for å gje tilbakemeldinger og følge opp studentane tettare, seier Sollid.
Studentene har også ei aktiv rolle i systemet, då dei får moglegheita til å gi tilbakemeldingar om eiga måloppnåing. Dette bidreg til ei meir helheitleg evaluering og gir studentane enklare forståing av eigne styrkar og forbetringsområder.
Vegen vidare
Systemet gir ein annan form for kontroll over praksisperioden enn kva som tidlegare har vore mogleg mogleg, og det er allereie blitt godt motteke av både 3.års sjukepleie studentar og rettleiarar.
Guro Berge, utdanningssjef i Helse Møre og Romsdal uttrykker positive forventningar til Høgskolen i Molde sitt nye system, TOPP-N.
- Dette systemet skal brukast til å forbetre praksisopplæringa for sjukepleiestudentane og vi håper det gir både studentar og rettleiarar betre verktøy for læring og evaluering