Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

UTDANNING OG KOMPETANSE

Klinisk utdanningseining opnar ved intensivavdelinga i Ålesund

Den 19. november 2025 opna Klinisk utdanningseining (KLUe) ved intensivavdelinga på Ålesund sjukehus. Prosjektet er eit samarbeid mellom Helse Møre og Romsdal og NTNU, og er finansiert med regionale utdanningsmidlar.

Publisert 19.11.2025
En gruppe kvinner som poserer for et bilde
Frå opninga av Klinisk utdanningseining (KLUe) ved intensivavdelinga i Ålesund: Klinikksjef Elisabeth Siebke, prodekan for utdanning MH fakultet NTNU, Torild Forbord, instituttleiar Svanhild Schönberg, prosjektleiar Ragnhild Korshamn, seksjonsleiar intensivseksjonen Marit Vinje og utdanningssjef Guro Berge.

Målet med KLUe er å utvikle gode og framtidsretta løysingar for praksisstudiar, slik at studentar vert godt førebudde til å møte helsetenesta sitt behov for kompetente og funksjonsdyktige intensivsjukepleiarar.

Prosjektleiar Ragnhild Korshamn fortel at ideen kom frå erfaringar som praksislærar:
– Vi såg at det var behov for å styrke samarbeidet mellom klinikk og akademia. Studentane treng ein tydelegare kobling mellom teori og praksis, og klinikken har nytte av betre innsikt i kva kompetanse studentane får gjennom masterstudiet, seier ho.

Først i Noreg

KLUe-modellen er inspirert av det internasjonale konseptet Dedicated Education Unit (DEU), som er brukt i fleire land. – Så vidt vi veit er prosjektet ved Ålesund sjukehus det første i Noreg der ein slik praksismodell vert etablert i spesialisthelsetenesta. Målet er å skape betre læringsmiljø, styrke veilederkompetanse og bidra til rekruttering og stabilitet.

Under opninga peika klinikksjef Elisabeth Siebke på at det er gledelig at HMR og NTNU kan stå saman om eit nybrottsarbeid. Ho understreka at dette ikkje berre må bli eit kortvarig prosjekt, men noko stabilt som kan styrke kompetansen og bidra til å behalde og rekruttere nye medarbeidarar. Instituttleiar institutt for helsevitenskap Svanhild Schönberg la til at KLUe intensiv set fokus på praksis i utdanninga, og at det er avgjerande å ha eit godt læringsmiljø når halvparten av utdanninga er klinisk undervisning. Ho framheva kor viktig det er å vidareformidle erfaring og kunnskap, og inviterte alle seksjonar som ønskjer det til å bli med som noder – med intensivseksjonen som startpunkt.

Utdanningssjef Guro Berge understreka at auka samarbeid er viktig for trygg læring, og at KLUe gir ei unik moglegheit til å styrke praksisstudiar og bygge tettare relasjonar mellom utdanning og klinikk. Seksjonsleiar ved intensivseksjonen, Marit Vinje, peika på at satsinga har stort fokus på kompetanseheving. – Å investere i fag er å investere i menneske, sa ho, og la til at det er viktig å bygge eit solid fundament i eit komplekst fagfelt der sjukepleiarar må stå fagleg sterkt. Ho løfta fram behovet for å knyte praksis og forsking tettare saman, og å anerkjenne dei utfordringane intensivsjukepleiarar møter ved pasientsenga. 

Styrking av rettleiarkompetanse

Helse Møre og Romsdal brukar allereie rettleiingsmodellen Styrket veiledning i praksis (SVIP), som er innført ved alle intensivavdelingane. Gjennom KLUe vert modellen vidareutvikla og tilpassa intensivfeltet sine særskilde behov.

Prosjektet legg òg til rette for at rettleiarar kan oppnå formell veilederkompetanse gjennom Erfaringsbasert praksisveilederutdanning (10 studiepoeng). For tida deltek sju tilsette frå Helse Møre og Romsdal på studiet.

Eit anna satsingsområde er innføring av elektronisk studentevaluering (EVS). Dette gir ein meir strukturert, open og effektiv måte å evaluere studentar på, og fungerer som eit felles verktøy for student, rettleiar og praksislærar. Slik vert samarbeidet på tvers av arenaene styrka ytterlegare.

Positiv respons

Så langt har tilbakemeldingane frå både studentar og tilsette vore gode. Studentane deltek aktivt og kjem med forslag til nye læringsaktivitetar, medan dei tilsette ser behovet for ei slik ordning, særleg i spesialavdelingar med bratt læringskurv

Følg KLUe HMR på instagram, der læringsaktivitetane også er filma https://www.instagram.com/klue_ntnu_intensiv_hmr?igsh=MTAwN3J1czdrc3Y5