Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kompetanse for ein betre ammestart

Korleis kan helsepersonell saman leggje til rette for ein god ammestart? Det var tema då tilsette frå både sjukehusa og kommunane i Møre og Romsdal møttest til den årlege fagdagen for svangerskaps-, fødsels- og barselomsorga. Målet var å styrkje kompetansen, dele erfaringar og bidra til eit meir samanhengande tilbod til gravide, nybakte foreldre og deira barn

Publisert 20.11.2026
Grafisk brukergrensesnitt, nettside
Rekordstor oppslutning om fagdagen for svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg i Auditoriet Ålesund sjukehus. Tine Greve heldt hovudføredraget om korleis helsepersonell kan bidra til ein god ammestart

Torsdag 12. november var auditoriet ved Ålesund sjukehus fylt med helsepersonell frå kommune- og spesialisthelsetenesta. Fagdagen hadde rekordstor påmelding, og årets tema var «Den gode ammestarten».

Hovudføredragshaldar var Tine Greve, jordmor, ammerettleiar og internasjonalt godkjend ammekyndig rettleiar (IBCLC). Gjennom dagen delte ho kunnskap og erfaringar om korleis helsepersonell kan førebyggje ammeutfordringar, oppdage problem tidleg og gi god rettleiing til foreldre.

Felles ansvar krev felles kompetanse

Fagdagen er ein del av arbeidet i Fagleg samarbeidsutval for svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg (FSU) i Møre og Romsdal. Utvalet er ein del av Helsefellesskapet Møre og Romsdal og arbeider for samarbeid, kunnskapsdeling og kvalitetsutvikling mellom kommunane og spesialisthelsetenesta.

Elin Hansen Ytterbø, fagutviklingsjordmor ved Ålesund sjukehus og leiar for utvalet, ønskte deltakarane velkomne.

– Svangerskap, fødsel og barseltid er vårt felles ansvar. Derfor er det så viktig at vi møtest for kunnskapsdeling og ikkje minst samhandling, sa Ytterbø.

Den årlege fagdagen har vore arrangert sidan 2005 og er i dag eit samarbeid mellom fagpersonar frå både sjukehusa og kommunane.

 

Frå fagdag til pasientnytte

For Helse Møre og Romsdal handlar slike fagdagar om meir enn fagleg påfyll. Målet er å sikre at familiar møter helsepersonell som samarbeider godt og gir oppdatert og samordna rettleiing gjennom heile pasientforløpet.

Eit av bodskapa frå Tine Greve var at mange av dei vanlegaste ammeutfordringane faktisk kan førebyggjast.

– Vi må ta på oss dei førebyggjande brillene, oppmoda ho deltakarane. 
Greve peika på at utfordringar som såre brystknoppar, brystspreng, forseinka mjølkeproduksjon og opplevinga av å ha for lite mjølk ofte kan førebyggjast gjennom god oppfølging i svangerskapet, under fødselen og i dei første dagane etter fødselen. Ho la vekt på at grunnlaget for ein god ammestart blir lagt lenge før eventuelle problem oppstår. 
 
Ho viste også til nasjonale undersøkingar som viser at mange kvinner opplever å få ulike eller motstridande råd om amming frå helsepersonell. Nettopp derfor er det viktig at kommunar og sjukehus møtest på felles fagarenaer og byggjer kompetanse saman. 

Verdset fagleg påfyll

Blant deltakarane var Iselin Brunstad, helsesjukepleiar i Haram kommune. Ho meldte seg på fordi ho er spesielt engasjert i ammefaget.

– Eg brenn for amming og har både skrive masteroppgåve om temaet og sett meg godt inn i faget. Likevel er det alltid noko nytt å lære. Samtidig er det godt å få oppfriska kunnskap som ein bruker kvar dag, seier Brunstad.

Ho meiner fagdagen gir konkrete innspel som kan takast direkte med tilbake til arbeidet med gravide og nybakte foreldre.

 

Kunnskap som kan brukast i praksis

Gjennom dagen fekk deltakarane konkrete verktøy for ammeobservasjon, rettleiing og oppfølging. Eit gjennomgåande tema var kor viktig det er å sjå heile forløpet rundt mor og barn og fange opp utfordringar tidleg.

Greve understreka at helsepersonell må vere nysgjerrige og undersøkje kva den enkelte mora faktisk treng.

– Vi må spørje kva mora ønskjer, kva forventningar ho har, og korleis ho opplever situasjonen, var eitt av bodskapa hennar.
 
Ho peika også på at rettleiinga må tilpassast den enkelte familien. Ulike fødselsforløp og ulike behov hos mor og barn krev ulik oppfølging, og helsepersonell må kombinere fagkunnskap med individuell vurdering. 

En person som sitter i en stol
Det er alltid noko nytt å lære, seier Iselin Brunstad, helsesjukepleiar i Haram kommune. Ho meiner fagdagen gir nyttige innspel som kan takast direkte med tilbake til arbeidet med gravide og nybakte foreldre.

Langsiktig satsing på kompetanse

For Fagleg samarbeidsutval er fagdagen ein del av eit større og meir langsiktig arbeid. Utvalet har prioritert to satsingsområde for perioden 2025–2027.

En gruppe kvinner som poserer for et bilde
Kor står vi i Møre og Romsdal? Kristin Thuen, Marit Syngstad og Tine Greve delte erfaringar og faglege perspektiv om ammevennleg praksis og arbeidet med å styrkje ammestøtta for familiar i Møre og Romsdal.

Det eine handlar om amming og morsmjølk til nyfødde, i tråd med nasjonale tilrådingar. Målet er å styrkje samarbeidet rundt ammestart og sikre god oppfølging både under sjukehusopphaldet og etter heimreise.

Det andre satsingsområdet er psykisk helse i svangerskaps-, fødsels- og barseltida, der målet er at psykisk helse skal få like stor merksemd som fysisk helse.

– Det er ikkje nok med ein fagdag: Vi må jobbe jamt og trutt heile tida og halde fokuset, understreka Elin Hansen Ytterbø.

Gjennom fagdagen fekk deltakarane både fagleg påfyll og høve til å diskutere erfaringar frå eigen arbeidskvardag. For Helse Møre og Romsdal og kommunane handlar dette om å utvikle kompetansen saman, styrkje samhandlinga og sikre at familiane møter ei helseteneste som arbeider i same retning. Den årlege fagdagen er ein viktig møteplass i dette arbeidet.