Omsorg på barnets premissar: eit løft for nyfødt intensiv
Ålesund sjukehus er det einaste sjukehuset i Noreg som tilbyr utdanning i den internasjonalt anerkjende NIDCAP-metoden. No har to sjukepleiarar fullført utdanninga, noko som styrkjer fagmiljøet på nyfødt intensiv og sikrar individuelt tilpassa behandling og omsorg for premature og sjuke nyfødde barn.

Rundt ti prosent av alle barn i Norge blir innlagt på nyfødt intensivavdelingar, rundt 5 prosent blir fødde før veke 37. For desse minste pasientane kan starten på livet vere dramatisk – både for barnet og foreldra. På nyfødt intensiv i Ålesund står eit samla fagmiljø med høg kompetanse i NIDCAP-metoden klart, ei tilnærming som set barnet sine eigne signal i sentrum og som heile avdelinga jobbar etter kvar dag.
Kva er NIDCAP?
NIDCAP – Newborn Individualized Developmental Care and Assessment Program – er ein internasjonalt anerkjend modell for individuell familiesentrert utviklingsstøttande omsorg. Metoden handlar om å lese barnet sine små, men viktige uttrykk: pust, hudfarge, rørsler, våkenheit og evne til å kommunisere.
NIDCAP legg særleg vekt på:
- Individuelt tilpassa omsorg
- Kontinuerleg observasjon av barnet sine signal
- Utviklingsstøtte og hjernebeskytting
- Tett foreldreinvolvering
Nye NIDCAP-sjukepleiarar etter omfattande utdanning
På NIDCAP-dagen i mars feira avdelinga at Tanja Reiten Gommesen og Vilde Maria Svarstad hadde fullført den omfattande NIDCAP-utdanninga og blitt sertifiserte NIDCAP-sjukepleiarar.
-Det er ei stor glede. Vi treng fleire spesialistar, og interessa for utdanninga er stor både i Norge og internasjonalt. Vi har ofte sjukepleiarar frå andre land på hospitering hos oss, seier seksjonsleiar Ann Iren Vartdal.
Med fleire nyutdanna NIDCAP-sjukepleiarar på plass blir fagmiljøet styrka, og fleire medarbeidarar får kompetanse til å observere, tolke og møte behova til dei aller minste pasientane på ein utviklingsstøttande måte.
Kvifor er NIDCAP viktig?
Unni Tomren, erfaren NIDCAP-sjukepleiar og ein av dei første i landet som vart sertifisert, forklarer:
– NIDCAP handlar om å sjå barnet. Vi tilpassar ikkje barnet til pleien – vi tilpassar pleien til barnet. Dei små signala fortel oss kva barnet toler, og kva det treng akkurat no. Ho forklarar at premature barn kommuniserer heile tida, berre på andre måtar enn større barn: gjennom puls, farge, temperatur og små endringar i rørslemønster.
Seksjonsleiar Ann Iren Vartdal utdjupar:
– Vi meiner denne metoden er gullstandarden for dei minste. Målet er å skjerme barna mot unødvendig stress, samtidig som vi støttar modninga deira og toleransen for stell, sosialt samspel og behandling. Alt dette reduserer stress både for barnet og familien.
Erfaring viser at NIDCAP kan gi betre nevrologisk utvikling fordi barnet får bruke energien sin på vekst og modning. Metoden kan òg bidra til kortare liggetid, meir stabil behandling og eit sterkare samspel mellom foreldre og barn. Alt dette reduserer stress både for barnet og familien.

Slik observerer fagmiljøet stress og overstimulering
Premature barn toler lite støy, lys og handtering. Difor jobbar heile avdelinga systematisk med å redusere belastning. Personalet snakkar lågt, dempar lys, skrur av radio og tilpassar kontrollar slik at barnet ikkje blir unødig forstyrra. Dei følgjer nøye med på endringar i pust, hudfarge, rørsler og ansiktsuttrykk for å vurdere om barnet er overstimulert:
Vi tilpassar pleien til barnet – ikkje omvendt
Unni Tomren forklarar engasjert::
– Før var rutinane meir standardiserte. No er vi mykje meir opptekne av dei subtile signala. Vi vekkjer ikkje barnet ut av søvn om vi ikkje må. Barnet skal få bruke energien sin på utvikling, ikkje på å handtere stress. Utviklingsstøtte betyr at pleien blir tilpassa barnet sine behov i sanntid. Personalet skjermar barnet mot stress, legg til rette for rolege overgangar og hjelper barnet med å regulere seg sjølv. Foreldra blir inkluderte som aktive deltakarar, slik at barnet får kontinuitet og tryggleik i omsorga.
Rolla som NIDCAP-sjukepleiar
Å bli NIDCAP-sertifisert krev ei omfattande utdanning. Ålesund sjukehus er det einaste NIDCAP-senteret i Noreg som utdannar helsepersonell i metoden, og Unni Tomren har ei nøkkelrolle nasjonalt.
Ein NIDCAP-sjukepleiar har spesialopplæring i å lese premature barn sine signal og tilpasse pleien individuelt. Dei fungerer ofte som rettleiarar for kollegaer og foreldre, og bidreg til å sikre at heile avdelinga jobbar etter same utviklingsstøttande prinsipp. - Det krev mykje fagleg presisjon og kontinuerleg observasjon, men det er svært meiningsfullt å sjå kor mykje denne tilnærminga betyr for barnet og familien, seier Tomren.
Dei minste viser oss vegen, vi lyttar
Foreldra som aktive deltakarar
I NIDCAP er foreldra ikkje berre observatørar, dei er ein del av behandlingsteamet. Personalet hjelper dei inn i den nye foreldrerolla, sjølv om starten kan vere prega av uro og usikkerheit. Foreldra får støtte til hud-mot-hud-kontakt, til å lese barnet sine signal og til å delta i stell og omsorg.
Ann Iren Vartdal forklarer: Foreldra er dei viktigaste personane i barnet sitt liv. Vi hjelper dei inn i rolla, og vi ser kor mykje det betyr for både barnet og familien.