UTDANNING OG KOMPETANSE

Portørlærlingar på plass i Helse Møre og Romsdal

Portørfaget er viktig for helsevesenet og lærlingane ser fram til å spele ei sentral rolle i framtida

Publisert 18.09.2024
Noen få personer på sykehus


Måndag 19. august starta tre motiverte lærlingar på si toårige læretid som portørar i helseføretaket. Adrian Sæther og Zoraida Westrum har byrja på Ålesund sjukehus, medan Nora Dalen skal jobbe ved Molde sjukehus og seinare ved det nye SNR. Både Nora og Zoraida har flytta frå høvesvis Haugesund og Trondheim for å følgje draumen om å bli portør, medan Adrian, busett i Ålesund, er like spent og engasjert i valet av karriere. 

Lærlingane er tilsett i Seksjon for forsyning og interntransport, der dei i starten blir kjende med ulike funksjonar ved sjukehuset, som sengesentralen, vareforsyning, tøy og avfallshandtering. Dei har allereie byrja å lære om sjukehuset sin omfattande logistikk og kor viktig det er å forstå denne flyten. I tillegg har dei møtt erfarne portørar som kan gi verdfulle råd.

Portørlærlingane si opplæring vil etter kvart inkludere tett samarbeid med somatiske avdelingar og akuttmottak. Dette sikrar at dei får nødvendig erfaring og kunnskap for å oppfylle krava i læreplanen. Faglærte portørar bidreg med langt meir enn pasienttransport – dei avlastar helsepersonell, noko lærlingane ser som ei stor motivasjonskjelde.

-Å satse på portørlærlingar er viktig for helseføretaket og  vi håper dei tre nye lærlingane vil trives hos oss, seier utdanningssjef Guro Berge.

Seksjonsleiarane Vidar Andreassen og Vegard E. Kjemphol uttrykkjer stor takksemd for at dette initiativet har blitt realisert, og understrekar at portørlærlingane vil spele ei sentral rolle i framtida. Dei ser fram til å jobbe aktivt for å fremje portørfaget blant unge.

-Portørar er ein uunnverleg ressurs, og behovet for dei vil auke, spesielt med ferdigstillinga av nye sjukehusbygg. Det å ta inn lærlingar er essensielt for å sikre rekruttering til viktige yrke som portørfaget. Lærlingane kjem med ny energi, kunnskap og motivasjon, og bidreg til å sikre at helsevesenet kan halde fram med å tilby gode tenester i framtida. Samstundes gir dette unge menneske moglegheita til å byggje ei trygg karriere i eit viktig fagfelt, seier dei