Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

UTDANNING OG KOMPETANSE

Prehospital klinikk førebur seg på fleire studentar

Våren 2025 kjem studentar i praksis frå paramedisinstudiet til HMR. Dette er første kullet frå det nyoppretta studiet og prehospital klinikk satsar no for å gje tilsette vidaretutdanning i praksisrettleiing. For ambulansetenesta er dette eit viktig steg mot å skape eit enda meir kompetent og effektivt team, til fordel både for pasientane og samfunnet. 

Publisert 04.07.2024
En kvinne i gul jakke
Ingrid Tafjord har rettleia studentar i mange år, men har stor glede av fagleg påfyll i studiet. Foto: Arne Rovic i TV2, Egmont.

Nytt studieprogram
I takt med behov i helsevesenet, startar Høgskolen i Molde opp studieprogrammet bachelorgrad i paramedisin hausten 2024. 35 studentar skal i praksis i Helse Møre og Romsdal våren 2025. 

Studiet er særs aktuelt og framtidsretta, analyser peikar mot ein stor oppdragsvekst fram mot år 2030, som vil utfordra beredskap og ressursar. Studiet legg vekt på både teoretisk kunnskap og praktiske ferdigheiter, og inkluderer omfattande trening i akutte medisinske tilstandar, livreddande prosedyrer og pasientkommunikasjon.

Styrkar kompetansen
-For å sikre at framtidas paramedisinarar får den beste opplæringa, har tilsette i prehospital klinikk også begynt på ei prakisretteiarutdanning. Dette initiativet er ein del av ei større satsing  for å forbetre utdanningskvalitet og pasientbehandling i akutte situasjonar, fortel avdelingssjef Knut Erik Skogheim. 

Denne utdanninga gir dei tilsette nødvendige verktøy og metoder for å rettleie og undervise studentar. Prehospital kllinikk har lagt til rette for at sju tilsette no tek denne utdanninga. I praksisperioden spelar rettleiarane ei avgjerande rolle i å bidra til refleksjon og å overføre kunnskap og erfaring til studentane. 

Rettleiarane si støtte og tilbakemelding til studentar/lærlingar i praksis forbetrar ferdigheiter og tryggleik i reelle naudsitasjonar. 

-Eg rår alle som er praksisrettleiarar til å denne vidareutdanninga. Arbeidet som rettleiar er ein stor del av arbeidskvardagen. Styrka tryggleik i møte med studentane skapar auka kvalitet i mi rettleeing. Eg kjenner meg betre rusta til å gjere jobben min som rettleiar, seier Ingrid Tafjord. Tafjord har jobba i rolla sidan 2003 og seier at rettleiingsfaget er mykje størrre enn ho først tenkte. Ho synes undervisninga bidreg til meir refleksjon rundt faget. 

Helseføretaket svært glade for nytt studietilbod
Både den nye paramedisinutdanninga og praksisrettleiarutdanninga representerer ei viktig investering i framtida for helsevesenet. Ved å sikre høg standard på utdanning og praksisopplæring, vil helsepersonell vere betre rusta til å møte utfordringar i akutte medisinske situasjonar. For ambulansetenesta er dette eit viktig steg mot å skape eit enda meir kompetent og effektivt team, til fordel både for pasientane og samfunnet. 

-På vegne av Helseføretaket og den prehospitale familien i Midt-Norge er vi svært glade for at Høgskolen i Molde tilbyr paramedisinstudiet. Dette har vore eit felles mål både for arbeidsgjevar og dei ansattes organisasjoner. Vi har også fått signal fra høgskulen om at det vert planlagt eit tilbod for ambulansearbeiderar som allereie jobbar i vår teneste, noko som også er svært ønsket, seier Lars Erik Sjømæling, klinikksjef for pre-hospitale tenester i Helse Møre og Romsdal. 

-Vi er svært glad for at klinikk for prehositale tenester prioriterer rettleiingskompetanse for tilsette. Dette vil styrke både studentane og helsetenesta, og sikre betre pasientbehandling gjennom praktisk og teoretisk opplæring. Som leiar for utdanning i HMR vil eg oppfordre alle som driv med rettleiing om å undersøke moglegheita for kompetanseheving. 

Difor bør du studere paramedisin på Høgskolen i Molde - Høgskolen i Molde (himolde.no)