Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
UTDANNING OG KOMPETANSE

Samla legar i spesialisering til nasjonalt kurs i handkirurgi

Kurset gav eit breidt og innhaldsrikt innblikk i ulike problemstillingar som ortopedane kan møte i kvardagen. Arrangementet og kurslokala vart positivt mottatt, seier senterleiar og ortoped Andreas Dalen

Publisert 19.10.2023
En gruppe mennesker i et rom

Hendene våre er finmekanikk på sitt ypperste. Derfor er handkirurgi spesielt komplekst og krev høg kompetanse og mykje trening. Fem dagar i september møttest 45 LIS-legar frå heile Norge til nasjonalt kurs i hand- og revmakirurgi i Ålesund. Kurset var ein kombinasjon av førelesingar og praktiske sesjonar. 
 
Senterleiar og ortoped Andreas Dalen seier kurset er ein obligatorisk og viktig del av utdanninga til ortopedar innan dei nemnde fagområda. 
 
- Det er essensielt at vi har høg kvalitet på desse utdanningskursa for at neste generasjon av ortopediske kirurger skal få den kunnskapen dei treng i den kliniske kvardagen. Gjennom kurset fekk deltakarane både kunnskap og eit nettverk som er viktig vidare i karrieren deira, seier Dalen som gjennomførte den prakiske sesjonen på Kunnskapssenteret.  

45 deltakarar frå heile Norge møttest i Ålesund til nasjonalt kurs i hand- og revmakirurgi. (Foto: Andreas Dalen)

I tillegg gav kurset eit breidt og innhaldsrikt innblikk i ulike problemstillingar som ortopedane kan møte i arbeidskvardagen. 
 
- Kurset er meint å dekke alle relevante problemstillingar innan desse fagområda. Døme på desse inkluderar amputerte fingrar, frostskadar, seneskadar, artrose eller medfødde deformitetar, fortel Morten Eikrem, som er ansvarleg arrangør saman med Tor-Johannes Stray Slørdahl.    

Kurset har vore arrangert i Ålesund i nokre år tidlegare, mellom anna ved patologens lokale i kjelleretasjen på Ålesund sjukehus. I år flytta kursleiarane kurset til dei nye lokala til Kunnskapssenteret Ålesund sjukehus. 
 
At kurset vert arrangert i byen og dei nye lokala har betydelege gevinstar for sjukehuset og helseføretaket.   

På sjukehuset får deltakarane delta i praktiske anatomitrening sesjonar i det nye Ålesund Biomechanics Lab/Kunnskapssenteret

- At vi har dette kurset i Ålesund og på vårt eget sykehus gir mange positive ringvirkninger. Det er engasjerende for avdelingen, vi får et løft i kunnskap og gode kontakter med miljøet ellers i Norge. Det er også viktig for å vise fram sykehuset og regionen for framtidig rekruttering av kommende ortopediske kirurger, både LIS og overleger. 
 
På sjukehuset får deltakarane delta i praktiske anatomitrening sesjonar i det nye Ålesund Biomechanics Lab/Kunnskapssenteret.

- Vi håpar å kunne behalde dette som eit fast kurs i Ålesund, avsluttar Dalen. 

Arrangementet og lokala fekk positive tilbakemeldingar frå kursdeltakarane, då det gav gode rammar for innlæring av temaa og sosialisering i pausane.