Skal sikre meir like læringsmoglegheiter for intensivstudentane
Alle praksisplassane for intensivsjukepleiarstudentar i Helse Møre og Romsdal blir no knytte til Klinisk utdanningsenhet (KLUe). Målet er å styrkje kvaliteten i utdanninga og sikre at studentane får meir likeverdige læringsmoglegheiter, uavhengig av kvar dei gjennomfører praksisstudia sine.

Styrkjer utdanning gjennom samarbeid på tvers
KLUe vart etablert ved intensivseksjonen i Ålesund i oktober 2025 som eit prosjektsamarbeid mellom Helse Møre og Romsdal og NTNU. Modellen byggjer på tettare samarbeid mellom utdanning og praksisfelt, der studentane si læring står i sentrum. Med utvidinga blir Intensiv Ålesund framleis hovudbasen for prosjektet, medan dei nye praksisarenaene blir knytte saman i eit felles læringsnettverk.
Målet er å dele erfaringar, utvikle læringsaktivitetar på tvers og styrkje samarbeidet mellom fagmiljøa som tek imot studentar.
Kompetansen skal ikkje vere avhengig av tilfeldigheiter
Praksis utgjer ein stor del av utdanninga til intensivsjukepleiarane. Samstundes vil læringsmoglegheitene variere frå student til student. Nokon får erfare komplekse respiratorforløp eller akutte komplikasjonar, medan andre møter heilt andre pasientforløp.
– Sluttkompetansen til ein intensivsjukepleiar bør ikkje vere avhengig av flaks eller uflaks. Studentane skal lære gjennom møtet med pasientane, men vi må også sørgje for at alle får arbeide med sentrale faglege problemstillingar gjennom utdanninga, seier Ragnhild Jacobsen Korshamn
Gjennom KLUe blir den pasientnære læringa supplert med aktivitetar som simulering, ferdigheitstrening, refleksjon og tverrprofesjonell læring. Slik kan studentane arbeide med viktige kliniske situasjonar også når dei ikkje oppstår i løpet av praksisperioden.
Vil styrkje læringsmiljøet i klinikken
KLUe handlar ikkje berre om studentane. Eit viktig mål er også å vidareutvikle praksisstadene som læringsarenaer.
Prosjektet legg til rette for tettare samarbeid mellom NTNU og klinikken, meir systematisk mottak og oppfølging av studentar og styrkt kompetanse blant rettleiarane.
I haust blir det òg oppstart av erfaringsbasert praksisrettleiarutdanning ved sjukehusa i både Ålesund og Volda. Tilbodet blir gitt av NTNU og skal gjere formell rettleiarkompetanse lettare tilgjengeleg for tilsette i klinikken.
Eigne ressurspersonar ved nye noder
I samband med utvidinga er det oppnemnt eigne KLUe-ressurspersonar ved dei nye nodane: Karen Synnøve Hovden ved Intensiv Volda, Bjørn Ove Hagset ved Intensiv SNR, Heidi Hansen ved Nyfødd intensiv Ålesund og Ellisiv Hatlen ved Akuttmottaket Ålesund.
Ressurspersonane skal bidra til lokal forankring og vere med på å utvikle læringsaktivitetar og samarbeidet på tvers av praksisstadene.
– Dei ulike einingane har kvar sine styrker og moglegheiter for læring. Gjennom KLUe ønskjer vi å ta vare på dette mangfaldet, samstundes som vi skaper ein meir strukturert og samanhengande praksis for studentane, seier Ragnhild Jacobsen Korshamn
Kan få betydning utover intensivutdanninga
Erfaringane frå det første året har vekt interesse også utanfor intensivmiljøet. Fleire fagmiljø ser på korleis prinsippa bak KLUe kan nyttast innan andre helseutdanninger.
Ambisjonen er at modellen over tid kan bidra til å styrkje kvaliteten i praksisstudium på fleire fagområde, gjennom tettare samarbeid mellom utdanning og klinikk, sterkare læringsmiljø og betre rammer for studentane si læring.




