Utdanning og studentar
Sommervikarene trår til: – Studentene er ein kjempeviktig ressurs for oss
Kvar sommar inntar ei stor mengde sommarvikarar dei ulike sjukehusa i HMR. Også denne sommaren har studentar bidratt til å halde drifta i gong på sjukehusa i ulike vikarstillingar
Publisert 01.09.2023
Vinn-vinn-situasjon
-Det å ha vikarar om somaren har mange aspekt, det er positivt både for rekruttering og arbeidsmiljø. Seksjonsleiar Marit Vatsaas Vinje har hatt stor avlasting av vikarar på intensiv Ålesund i løpet av somaren.
-Studentane er ein svært viktig ressurs for oss, dei har med seg både ny teori og praksis, og det ein stor fordel for oss at dei er i arbeidsmiljøet slik at vi kan lære av kvarandre.
Malin Øksdal Svoren har jobba i barneavdelinga som sjukepleiar sidan 2014, ho har no starta på vidareutdanning som intensivsjukepleiar og om sommaren jobbar ho 4 veker på avdelinga.
-Det har vore ein kjekk og lærerik sommar, fortel Malin Det er ein stor fordel å ha sommarjobb her medan eg studerer, det blir nesten som ein praksisperiode. Her på intensiven opplever eg at det er eit trygt miljø, eg sett stor pris på nye utfordringar der eg får god rettleiing undervegs.
På Kreftavdelinga har dei og hatt studentar som vikarar. Seksjonsleiar Liv Ipsen påpeikar at det er ein viktig ressurs for avdelinga:
Viktig for rekruttering
-Mange av vikarane vi har her om sommaren er studentar som får verdifull erfaring i spesialisthelsetenesta. Dette er kjempeviktige ressurser for oss. Og det er fleire dimensjoner over det. Det eine er at dei held drifta i gong under ferieavviklinga, men det er og viktig for rekrutteringa.