UTDANNING OG KOMPETANSE

Stor interesse for karrieredag på NTNU

Helseføretaket inviterte nyleg til karriereseminar der sjukepleiestudentane fekk møte ulike avdelingar og kunne stille spørsmål og bli betre kjend med arbeidet i spesialisthelsetenesta. Det var stor interesse, og studentane strømma til for å delta på seminaret

Publisert 08.11.2024
En gruppe mennesker som sitter ved bord
Seminaret var eit samarbeid mellom klinikkane og stabsavdelingar og vart leia av rekrutteringsgruppa i føretaket.

Karrieredagen gjev studentane innblikk i sjukepleiaryrket i spesialisthelstenesta
Nesten 70 sjukepleiestudentar frå andre og tredje studieår deltok. Det er eit imponerande oppmøte, og viser stor interesse og engasjement blant studentane. Seminaret gav deltakarane verdfull innsikt og moglegheit til å utvide sin kunnskap og nettverket i sjukehusa.    

Arrangementet inkluderte innlegg frå fleire av sjukehusa sine avdelingar, inkludert fagfelta kirurgi, kreft, medisin, føde og rus og psykiatri.  

En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Deltakarar frå klinikk: Hedvig Tone Høydalsvik, Kari Schive, Heide Grimstad, Kristina Folkedal Bru, Bente Eidsaa, Therese Henriksen, Mathea Sønderland, Mia Urke, Marthe Knutsen, Annelin Grindvik Nilsen

Dei tilsette delte litt om sine daglege arbeidsoppgåver og framheva det gode arbeidsmiljøet og dei sterke læringsmiljøa ved sjukehuset. Med korte og informative innlegg synte dei tilsette kor givande og spanande det er å jobbe i helseføretaket. Presentasjonane gav studentane ei verdfull innsikt, uavhengig av kva spesialitet dei vurderer å jobbe innanfor.  

MYOKARD, linjeforeininga for Institutt for helsevitenskap i Ålesund, bidrog også til arrangementet, og la til rette for at oppmøtet var stort.  

 

En mann og en kvinne som sitter sammen
Ida Marie Lunde Nybø og Arnfinn Berg, to av studentdeltakarane, skildra seminaret som både interessant og lærerikt. "Det var ei flott moglegheit til å bli kjend med dei ulike avdelingane

-Slike arrangementer er viktige for å styrke samarbeidet mellom utdanningsinstitusjonar og helseforetak, og det høge oppmøtet er eit positivt teikn på studentane sitt engasjement for det framtidige yrket sitt og muglegheitane etter endt utdanning, seier utdanningsjef Guro Berge.  Målet er å få istand liknande arrangement med våre andre samarbeidspartar. 

-Studentane som deltok på seminaret blir følgt opp via e-post med informasjon om ferievikariat i 2025, forteller HR-rådgjevar Øyvind Eriksen.