Tryggare for kvar dag som LIS1 ved SNR
– Her får vi prøve sjølve, og det gjer utdanninga betre. Då Sharuni S. Manokaran starta som LIS1 ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal tidlegare i år, var målet å finne ein arbeidsplass der ho kunne få mykje praktisk erfaring og tett oppfølging.

Sharuni er fødd i Kirkenes og oppvaksen i Oslo. Ho utdanna seg til lege i Slovakia før ho byrja spesialiseringsløpet i Helse Møre og Romsdal i februar 2026.
– Eg ønskte utdanning ein stad der eg kunne få mykje praktisk erfaring og tett oppfølging, fortel ho.
No har ho nyleg gått over frå kirurgisk til medisinsk teneste som ein del av utdanningsløpet sitt, og opplever at utviklinga har vore stor på kort tid.
– Det er framleis mykje nytt, men eg kjenner meg samstundes mykje tryggare enn då eg starta.
Varierte dagar med mykje pasientkontakt
Arbeidsdagen startar med morgonmøte før legane fordeler seg mellom mottak, sengepost og andre oppgåver.
På sengeposten går dagen med til previsitt, visitt, pasientvurderingar, oppfølging og dokumentasjon. For Sharuni er det nettopp variasjonen som gjer jobben spennande.
– Eg likar at dagane ikkje alltid er heilt like.
Pasientkontakt utgjer ein stor del av arbeidskvardagen.
– Eg lærer mykje av å møte pasientane og gjere vurderingar sjølv. Deretter konfererer eg vurderingane mine med LIS2, LIS3 eller overlege.
Tett rettleiing gjennom utdanninga
Som ny lege er det mykje å lære. Sharuni skildrar eit utdanningsmiljø der det er enkelt å be om hjelp.
– Det er låg terskel for å spørje, og eg opplever at både LIS2, LIS3 og overlegane er flinke til å rettleie når eg treng det.
Ho meiner tilgjengelege kollegaer er avgjerande for å kjenne seg trygg i kvardagen.
– Eg kan alltid spørje dersom eg er usikker på noko. Om den eg kontaktar er oppteken, er dei flinke til å ringje tilbake når dei får høve.
Utdanninga skjer i stor grad gjennom den daglege kliniske verksemda.
– Eg lærer mest av å vere med på det som skjer og prøve ting sjølv. Det er veldig nyttig å diskutere pasientar med meir erfarne legar og sjå korleis dei tenkjer og gjer vurderingane sine.
I tillegg deltek ho på undervisning og andre læringsaktivitetar, samtidig som ho arbeider systematisk med læringsmåla sine i Kompetanseportalen.
Eit godt utdanningsmiljø
Ifølgje Sharuni er noko av styrken ved eit mindre sjukehus at legar i spesialisering får vere aktive deltakarar i det kliniske arbeidet frå første dag.
– Eg opplever at ein blir sett her, og at ein får vere aktiv. Vi får prøve å gjere ting sjølve og vere med på prosedyrar og behandlingar. Det gjer utdanninga meir praktisk og bidreg til rask fagleg utvikling.
Ho skildrar fagmiljøet som inkluderande og opptatt av utdanning og fagleg utvikling.
– Det er mange flinke folk her, og eg opplever at alle ønskjer å bidra til utdanninga og utviklinga til oss som er i spesialisering.
Samarbeidet med sjukepleiarane trekkjer ho også fram som ein viktig del av kvardagen. – Sjukepleiarane har ofte mykje relevant erfaring. Eg synest det er veldig nyttig å kunne spørje dei om hjelp og råd, og eg opplever at vi samarbeider godt.
Utviklar seg raskt som lege
Det som har overraska henne mest sidan oppstarten, er kor mykje ho har lært på kort tid.
– Eg har utvikla meg mykje sidan eg starta, både fagleg og når det gjeld å bli tryggare i rolla som lege.
Særleg er ho stolt over den faglege tryggleiken ho har bygd opp.
– Eg tør meir å ta ansvar sjølv, men samstundes veit eg når eg skal spørje om hjelp. Det synest eg er viktig som ny lege.

Har funne seg til rette i regionen
Overgangen frå storbylivet til Hjelset har også vore positiv.
– Eg elskar naturen her. Det er mykje rolegare enn det eg er van med, og folk er veldig imøtekomande. Det har vore fint å kome hit.
For Sharuni er kombinasjonen av praktisk erfaring, tett rettleiing og eit godt fagmiljø noko av det som kjenneteiknar utdanninga ved SNR.
– Eg opplever at utdanninga ved SNR er tett knytt til den kliniske kvardagen. Vi lærer gjennom pasientmøte, rettleiing og praktisk erfaring kvar einaste dag.
Ho meiner noko av det viktigaste i spesialistutdanninga er å få høve til å utvikle seg i eit trygt miljø.
– Eg har blitt mykje tryggare i eigne vurderingar sidan eg starta. Samtidig veit eg at det alltid er nokon å spørje dersom eg er usikker. Det gjer at ein både lærer og utviklar seg som lege.