UTDANNING OG KOMPETANSE
Unni Dyrnes har fullført masteroppgåve om intensivsjukepleiarane ved mottak av kritisk sjuke pasientar
Gjev ny innsikt i kva som vert krevd for å skape tryggleik og meistring i dei mest utfordrande situasjonane på ei intensivavdeling.
Intensivsjukepleiar Unni Dyrnes, har erfaring frå Molde sjukehus sidan 2010, ho har no fullført ei omfattande masteroppgåve ved Høgskolen i Molde. Oppgåva undersøker intensivsjukepleiarane sine erfaringar ved mottak av kritisk sjuke pasientar og gjev ny innsikt i kva som vert krevd for å skape tryggleik og meistring i dei mest utfordrande situasjonane på ei intensivavdeling.
I ei tid der Norge opplever kritisk mangel på intensivsjukepleiarar, som rapportert av Norsk Sykepleierforbund og Statistisk sentralbyrå, er forskinga til Dyrnes særleg relevant. Oppgåva avdekker essensielle faktorar som bidreg til at intensivsjukepleiarane kjenner seg førebudd og trygg når de tar imot kritisk syke pasienter.
Oppgåva har avdekka fire hovudfunn
Gjennom dybdeintervju med sju intensivsjukepleiarar har Dyrnes identifisert fire sentrale tema som er avgjerande for å meistre mottak av kritisk sjuke pasientar:
- Å være forberedt på det uforberedte: Sjukepleierane må være mentalt og fagleg førebudd på uventa situasjonar.
- Samspel i bevegelse skapar tryggleik: Eit godt samarbeid i teamet er avgjerande for å skape ein trygg og effektiv arbeidsflyt.
- Tilbakeblikk med deling av erfaring og refleksjon: Erfaringsutveksling bidreg til læring og utvikling
- Skape rom for samarbeid og bearbeiding: Eit arbeidsmiljø prega av samarbeid og støtte er nødvendig for arbeidsglede, læring og fagleg utvikling.
-
Vegen vidare
Dyrnes håpar at funna hennar kan påverke praksisen på intensivavdelinga i Molde. Anbefalingane ho kjem med om å førebu opplæringsplanar og å pritoritere erfaringsutveksling kan bidra til å behalde intensivsjukepleiarane i yrket og rekruttere nye. Dyrnes uttrykker stor glede over å ha fullført oppgåva, som ho skildrar som eit produkt av mange års erfaring og refleksjon. -Å kunne forske på temaet meistring, og undersøke kva intensivsjukepleierane opplever som meistring, har vore interessant og spanande, seier ho.Med rettleiing frå Hildegunn Sundal ved Høgskolen i Molde har Dyrnes levert ei fenomenologisk studie som ikkje berre gjev verdfull innsikt, men som også har praktisk nytte for sjukepleiarane i intensivavdelingar. Dyrnes håpar at hennar arbeid vil bidra til å styrke intensivsjukepleiarane si evne til å handtere dei krevjande situasjonane dei står overfor dagleg og at det vil inspirere til vidare forsking på området.
-Vi på Intensiv i Molde er stolte av Unni som har gjort dette viktige arbeidet. Å jobbe i fungerende team og oppleve meistring er svært viktig for å kunne utvikle seg fagleg og klare å stå i arbeidet. Vi planlegg å bruke masteroppgåva hennar i internt fagutviklingsarbeid framover, fortel seksjonsleiar Camilla Stavik.Nye retningslinjer for masterarbeid innført
I Helse Midt-Norge fekk vi i år ei regional prosedyre for sjukepleiarar som ønsker å ta eit masterpåbygg, seier Guro Berge, og vi anbefaler at seksjonsleiarar og andre interesserte setter seg inn i denne. Dokument «Masterpåbygg spesialsykepleie», ID 63881 - EQS (helse-midt.no)
Å skrive masteroppgåve gir tilsette moglegheit til å fordjupe seg i emne som interesserer ein, samtidig som du bidrar med verdfulle innspel til fagfeltet.Studentar er på utkikk etter relevante prosjekt for oppgåveskriving.
Dersom du har ein ide til oppgåve, men ikke moglegheit til å skrive sjølv, vil vi også svært gjerne høyre frå deg. Mange studentar ønsker tips til problemstillinger som er aktuelle. På vegne av føretaket er fagavdelinga derfor på jakt etter klinisk relevante oppgåver for studentar. Både forbetringsoppgåver og forskingstema er relevant.