Rettleiarar delte erfaringar om utdanning i spesialsjukepleie
Rettleiarar for anestesi-, intensiv- og operasjonssjukepleiarstudentar frå heile Helse Møre og Romsdal møttest nyleg til fagseminar i samarbeid mellom NTNU og Helse Møre og Romsdal.

Målet er å styrke utdanninga av spesialsjukepleiarar gjennom erfaringsdeling, fagleg påfyll og tettare samarbeid mellom utdanningsinstitusjon og praksisfelt.
Praksisstudia utgjer om lag 30 veker av masterutdanninga i spesialsjukepleie. Under seminaret vart det derfor lagt vekt på korleis NTNU og Helse Møre og Romsdal saman kan utvikle gode læringsarenaer for studentane.

Deltakarane fekk mellom anna presentert prosjekta Bridging the Gap og KLUe, som begge har som mål å styrke læring og refleksjon i praksis.
– «Bridging the Gap» og KLUe var veldig interessante å høyre om. Det gav inspirasjon til å tenkje litt utanfor boksen i praksis, seier Karen Synnøve Hovden, intensivsjukepleiar ved Volda sjukehus.
Etter felles oppstart deltok rettleiarane i fagspesifikke workshopar. Her fekk dei dele erfaringar og diskutere korleis rettleiing og læring kan vidareutviklast.
– Det er fint å møte rettleiarar frå andre sjukehus, utveksle erfaringar og få kome med tilbakemeldingar på både det som fungerer og det som ikkje fungerer, seier Asbjørg Helen Mo, operasjonssjukepleiar ved Volda sjukehus.
Ellisiv Amundsveen Hatlen, intensivsjukepleiar ved Akuttmottaket i Ålesund, meiner slike møte bidreg til å styrke utdanninga.
– Det gir rettleiarane ei meir felles forståing og auka fokus på rettleiing og læring. Eg håpar også at KLUe blir vidareført og etablert som ei fast ordning, seier ho.
Seminaret syner kor viktig samarbeidet mellom NTNU og Helse Møre og Romsdal er for å sikre kvalitet i utdanninga og gode læringsopplevingar for spesialsjukepleiarstudentane. Fagdagen er finansiert av regionale såkornmidlar for utdanning.
