Blod er uerstatteleg for å kunne behandle svært mange sjukdommar og skadar. Utan blodgivarar er det mange pasientar som ikkje hadde overlevd.
Alle kan kome i ein situasjon der ein sjølv, familie eller vener treng blod frå blodbanken. Blodgivarane våre er den ressursen sjukehuset er heilt avhengig av for å kunne gi pasientar det tilbodet dei har behov for.