Blodgivar
Informasjon til deg som er eller vil bli blodgivar.
Blodbanken ved SNR Hjelset utfører totalt ca 4000 tappingar i året, fordelt på tappestasjonane på SNR Hjelset, Molde sentrum (Høvdingbygget) og ved SNR Kristiansund. Vi har om lag 2100 aktive blodgivarar og treng å rekruttere 300 nye blodgivarar per år.
Blodbanken på Hjelset finn du i 4. etasje i C-fløya. Følg skilting til blodbanken.
Merk at det er avsett eigne parkeringsplassar til deg som er blodgivar på gjesteparkeringa nærast hovudingangen. Du treng ikkje å betale for parkeringa, men husk å registrere bilnummeret ditt før tapping på blodbanken.
Opningstider for tapping (langope ein torsdag i månaden, kl. 10:00 til 17:00, etter avtale)

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Byfogd Motzfeldts gate 8