
Revmatologisk poliklinikk
På revmatologisk poliklinikk får pasientar utgreiing og behandling for revmatiske sjukdommar. Poliklinikken i Ålesund har fylkesdekkande tilbod. I tillegg har vi poliklinikk i Kristiansund to dagar kvar månad, der pasientar med mest behov for oppfølging og lengst reiseveg til Ålesund blir prioriterte.
Kontakt
Telefon
- Måndag - Fredag 08:15 - 15:00
- Laurdag - Søndag STENGT
Telefonen er stengd mellom 11:30 - 14:00 kvar dag
Postadresse
Helse Møre og Romsdal Ålesund sjukehus Revmatologisk avdeling 6026 Ålesund
Behov for å endre timen din?
HelsaMi
Send oss ei melding via HelsaMi. Logg på helsami.no eller last ned HelsaMi-appen og finn timen din der. Det er viktig at du tar kontakt så snart som råd før avtalt time. Då kan andre få tilbod om timen og du bidreg til å redusere ventetidene. Dersom du ikkje møter, blir du belasta med eit gebyr, sjølv om du er fritatt for eigendel.
Videokonsultasjon
Slik finn du fram
Oppmøtestad
Den gamle poliklinikkinngangen er no stengt pga ombygging. Bruk hovudinngangen på sørsida og gå tvers gjennom sjukehuset. Du finn oss i enden forbi skyvedørene.

Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5
Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering tilbyr videokonsultasjon når fysisk oppmøte ikkje er nødvendig eller mogleg.
Løysinga er beregna for at du som pasient kan bruke din egen pc, smarttelefon, nettbrett for å gjennomføre ein sikker samtale med helsepersonell ved bruk av video, utan å måtte kome til sjukehuset.
