Ved poliklinikken tilbyr vi oppfølging med regelmessige spirometriar for pasientar med astma. Poliklinikken tilbyr heimespirometri og app-basert oppfølging. Dette gir deg som pasient høve til å vere med på å påverke korleis oppfølging av astmaen din skal skje. Du kan bli følgt opp tettare og til rett tid, men utan at du treng å møte opp til poliklinisk time kvar gong. Mykje av oppfølginga kan vi gjere over telefon eller videokonsultasjon.
Studiar viser at heimespirometri er like bra som spirometri på sjukehus, og nokre studiar viser at det kan gi betre astmakontroll, færre innleggingar og betre livskvalitet.
Du kan blåse spirometri når det måtte passe, for eksempel når du kjenner deg tett i brystet, under trening, etter bruk av luftvegsutvidande, når det er kaldt, etc.
Tilvising og vurdering
Tilbodet passar for pasientar med astma, eller som blir utgreidd for dette. Det er eit krav at ein kan blåse teknisk gode spirometriar.
Fastlege tilviser til poliklinikken for vurdering.