Generelle råd ved irritabel tarm-syndrom (IBS)
Mange opplever symptomlindring ved å følge noen generelle råd og det anbefales derfor å starte med disse. De generelle rådene baserer seg på NICE guidelines og anbefales som førstelinjebehandling
Irritabel tarm-syndrom (IBS) er kjenneteikna av magesmerter ved endringar i avføringsmønsteret. Nokon opplever plager med forstopping eller diaré. Nokon har eit vekslande og uføreseieleg avføringsmønster. Sjukdommen er ikkje farleg, men han kan vera svært plagsam i dagleglivet og setja avgrensingar for livsutfoldinga. Tilstanden er kronisk dersom han har vart i over eit halvt år. Alvorsgrada varierer mykje frå person til person. IBS rammer omtrent 15 av 100 i befolkninga.
Dei fleste pasientane med IBS kan følgast hos fastlegen og treng ikkje behandling eller utgreiing på sjukehus. Nokre pasientar har uttalte plagar og har derfor behov for vurdering hos spesialist. Før ein blir tilvist, anbefaler vi at grunnleggande utgreiing er utført, og dette bør det opplysast om i tilvisinga frå fastlegen.
Poliklinikk for mage- og tarmsjukdommar er lokalisert i 4. etasje i lågblokka, på nordsida av sjukehuset.
Åsehaugen 5