Melde frå om feil i HP
Slik kan våre samarbeidsparter melde frå om feil i Helseplattformen.
Publisert 26.04.2024
Sist oppdatert 19.05.2025
- Teknisk feil ved meldingsutveksling skal varslast til meldingsansvarleg på e-post: meldingsansvarlig@helse-midt.no NB! Dersom du skal bruka denne kanalen, kan du ikkje angi sensitive pasientdata.
- Ved melding om feil i Helseplattformen der det er nødvendig å gjengi sensitive pasientdata, skal du bruke Altinn-skjema (krev innlogging med Bank-id):
Dersom du har fått tildelt tilgang til Altinn-skjemaet som enkeltteneste i din organisasjon før 19 .mai 2025 må du no få tildelt tenesta på nytt. Dersom du har rolla Utfyller/Insender i din organisasjon vil du ha tilgang som før. Skjemaet er også tilgjengelege dersom du loggar inn med BankId som privatperson.
Informasjon om Altinn-skjemaet:
- Skjemaet skal brukast ved melding om feil i Helseplattformen der det er nødvendig å angi sensitive pasientdata
- Dersom noko hastar, ta direkte kontakt med aktuell klinikk og seksjon direkte eller via sentralbordet
-
Sentralbord Sunnmøre70105000
-
Sentralbord Nordmøre og Romsdal71120000
-
Ved alvorlege feil i HP med fare for liv og helse, ring HEMIT03612
- Viss du ikkje ønsker å fylle ut og sende inn Altinn-skjema som privatperson, men på vegne av verksemda du jobbar i, må du få delegert tilgang til enkelttenesta «Melding om feil i Helseplattformen (HMR HF)» eller rolla Utfyller/Innsender. Det er tilrådd å berre gi tilgang til enkelttenesta.
Her finst informasjon om det å delegere
Feil og førespurnader knytt til HP-link skal du melde her : Support – HP Link