Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Meld eit samhandlingsavvik

Dette er eit skjema der kommunar og fastlegar kan melde frå om samhandlingsavvik til Helse Møre og Romsdal HF

Brot på  samarbeidsavtalen mellom helseføretaket og kommunane i Møre og Romsdal eller tilhøyrande retningsliner kan meldast som samhandlingsavvik. Også enkelthendingar der noko ikkje har fungert i samarbeidet, kan meldast som samhandlingsavvik. Føremålet er kvalitets- og forbetringsarbeid.

Når tilsette i kommunar eller fastlegar avdekker uønskte hendingar (brot på samarbeidsavtalen, retningsliner eller andre uønskte hendingar) i samhandlinga med helseføretaket.

Kommunale einingar innan helse og fastlegar kan bruke dette skjemaet. 

Skjemaet er tilgjengeleg om du loggar inn som privatperson i Altinn. Dersom du ikkje ønsker å logge inn som privatperson må du ha tilgang til enkelttenesta «Melding om samhandlingsavvik» eller ha tilgangspakken «helsetjenester m/personopplysninger av særlig kategori». Tilgang tildelast av Altinn hovudadministrator i eininga der du jobbar. 

Brukerveiledning finn du her: Altinn – Steg for steg‑guider.

Meir informasjon om tilgangspakkar finn du her: Altinn – Tilgangspakker (erstatter roller).

Sist oppdatert 24.03.2026