Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
Det nye sjukehuset er offisielt opna
Hundrevis av besøkande var vitne til at H.K.H Kronprins Haakon offisielt klippa snora på det nye akuttsjukehuset på Hjelset mandag. Opningsseremonien blei leia av viseadministrerande direktør Heidi Nilsen, og foregikk i Sørhagen mellom dei to høgblokkane på sjukehuset, som for anledninga var staseleg pynta.
Publisert 02.06.2025
Både barnehager, skular, korps og mange andre besøkande hadde tatt turen for å feire på den store dagen.
- Å opne eit sjukehus i fylket er ei sjeldan historisk hending. Difor er dette ein viktig dag for oss, pasientane og regionen, sa adm.dir Olav Lødemel som var ein av mange på talerlista under den høgtidelege opningsseremonien.
Opptreden til Moldekoret og Gjemneskoret i sørhagen under opninga.
Blant dei inviterte gjestane var mellom anna helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre, Statsforvaltaren og representantar frå leiinga, tilsette og tillitsvalde i Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Norge og ordførarar frå området.
Etter seremonien fekk kronprinsen ei omvising på sjukehuset før det blei lunsj for inviterte gjestar i det flotte auditoriet. Under lunsjen opptrådte eit knippe tilsette som har vore involvert i sjukehusrevyen med eit underholdningsnummer til glede for dei 100 gjestane. Under lunsjen fekk gjestane også ei orientering om kunstprosjektet, som har vore leia med stødig hand av kunstfagleg prosjektleiar og kurator Kristine Wessel.
Kronprinsen fekk så avduke Petter Hepsø sin skulptur «Bjørnen» utanfor hovudinngangen.
Etter opninga dro kronprinsen og vertsskapet vidare til Kristiansund for å få ei orientering om spesialisthelsetenestetilbodet i DMS Kristiansund.
H.K.H. Kronprins Haakon klipper snoren og markerer den offisielle opninga av sjukehuset Nordmøre og Romsdal.Kronprinsen avdukar kunstverket Bjørnen ved hovudinngangen til Sjukehuset Nordmøre og Romsdal