SNR Hjelset

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR)  skal bli det nye fellessjukehus for innbyggarane på Nordmøre og i Romsdal.  SNR vil bestå av SNR Hjelset med nytt akuttsjukehus og psykiatri- og habiliteringsbygg, samt SNR Kristiansund med eit god spesialisthelsetenestetilbod innan poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi i Kristiansund

SNR Hjelset skal stå klart til bruk våren 2025

​Prosjektmål

Med SNR skal Helse Møre og Romsdal sikre innbyggarane betre kvalitet på tenestene, auka pasienttryggleik, auka opningstider og kortare ventetid.

Foto: Kristin Støylen

Pasient til behandling

SNR skal vere eit moderne og varande helsebygg, som er robust og attraktivt for pasientar og tilsette. Utvikling av SNR gir tilsette og pasientar ei stor mogelegheit til å utforme eit godt tilbod med moderne bygningsmasse og utstyr. Ein kan leggje til rette for optimale arbeidsprosessar og effektiv drift, og gjere sjukehustilbodet til noko som er attraktivt for brukarane og som oppfyller samfunnsansvaret.

Pasienttilbodet ved SNR Hjelset

Poliklinikk, utgreiing, dagbehandling og ikke-kirurgisk behandling av pasientar med medfødde og erverva sjukdommar innan dei fleste organsystem, både akutte og kroniske sjukdommar.


• blodsjukdommar
• endokrinologi (diabetes- og hormonsykdommar)
• fordøyelsessjukdommar
• geriatri (sjukdom hos eldre pasientar)
• hjertesjukdommar
• infeksjonssjukdommar
• lungesjukdommar
• nyresjukdommar

Medisinsk dagbehandling vil til dømes bestå av dialysebehandling, kjemoterapi, infusjonsbehandling og oppfølgjing av scopipasientar.

Poliklinisk tilbod til kreftpasientar, inkludert palliative tilbod (smertelindrande behandling). Tilbod om operasjonar av tjukktarmskreft. Akuttsjukehuset får eit pusterom kor kreftpasientar får tilbod om fysisk aktivitet og med vegleiing frå fagpersonar ved sjukehuset.

Hudtilbodet til befolkninga i Romsdal er planlagd lagt til Molde sentrum. SNR Kristiansund vil ha eit hudtilbod til befolkninga på Nordmøre.

Tilbod til pasientar både med medisinske og kirurgiske lidelsar i mage- og tarmsystemet. Poliklinisk tilbod, utgreiing, konservativ behandling og kirurgisk behandling. Akuttkirurgi og operasjonar av tjukktarmskreft.

Tilbod til pasientar med sjukdom i nyrer, urinvegar og prostata. Urologisk poliklinikk, diagnostikk, konservativ behandling, dagkirurgi og transuretral kirurgi (kirurgisk fjerning av blæresvulst gjennom urinrøret)

Tilbod til kvinner med gynekologiske problemstillinger. Gynekologisk poliklinikk, diagnostikk, konservativ behandling, dagkirurgi og inneliggande kirurgi.

Døgnkontinuerleg fødetilbod til kvinner i Nordmøre og Romsdal. Tilbodet består av poliklinikk, følgjeteneste, fødestuer, barsel, sengeeining, samt pasienthotell.

Tilbod til barn og unge innan poliklinikk, dagbehandling, habilitering og innlegging ved akutt sjukdom og forverring av kronisk sjukdom. Tilbod med døgnsenger for barn.

Psykisk helsevern skal vere integrert med somatikken for å leggje til rette for god tverrfagleg samhandling. Det blir poliklinisk tilbod innan psykisk helsevern og døgntilbod innan akuttpsykiatri, rehabilitering og alderspsykiatri. 

Rus- og avhengigheitsbehandling
Poliklinisk behandling av rusrelaterte problem gjennom utgreiing, vurdering og behandling utan innlegging. Det skal vere kapasitet til å ta imot pasientar som leggjast inn akutt for rus i akuttmottaket. 

Behandling for pasientar med mange ulike diagnoser innan øyre-/nase-/hals-/tann-/kjeve- og augeområdet. Tilbod om konsultasjonar, utgreiingar, konservativ behandling, kirurgisk behandling og oppfølgjing.

Poliklinisk tilbod og fylkesdekkande døgntilbod til pasientar med nevrologiske sjukdommar som treng akutthjelp og pasientar som blir søkt inn til planlagd utgreiing og behandling. Eksempel på diagnosar er hjerneslag, demens, epilepsi og betennelsestilstanar i sentralnervesystemet.

Akuttpoliklinikk og akuttmottak for øyeblikkeleg-hjelp-pasientar innan somatikk og psykisk helsevern og rus. Det vil vere ambulansemottak og helikopterlandingsplass ved akuttsjukehuset. Det vil vere ein kortidspost i nærleiken til akuttmottaket med liggjetid inntil 24 timar. Målsettinga er at pasientane raskt skal kunne diagnostiserast, behandlast og skrivast ut derifrå utan innlegging i ei vanleg sengeavdeling.

Skal sikre ei forsvarlig prehospital beredskap og teneste til befolkninga i Nordmøre og Romsdal. Omfattar luft-, bil- og båtambulanse. Akuttsjukehuset har ikkje ambulansestasjon, men det blir ambulansemottak og helikopterlandingsplass ved sjukehuset.

Akuttsjukehuset på Hjelset får traumefunksjon og skal ta imot og behandle alvorleg skadde personar som definerast som traumepasientar. SNR vil ha traumeteam og skal utføre traumekirurgi

Tilbod om akuttkirurgi, gastrokirurgi, urologi og plastikkirurgi. Inngrep på innlagde pasientar, dagkirurgiske pasientar og andre prosedyrer der det er behov for anestesi, til dømes scopi.

Tilbod om behandling av sjukdommar og skadar i bein, ledd og muskulatur. Det blir  tilbod om ortopedisk poliklinikk, akuttkirurgi, dagkirurgi og inneliggjande kirurgi.

Behandling i en intensivseng er eit tilbod til pasientar som «har organsvikt i eitt eller fleire organsystem. Ei tung overvåkingseining vil kunne tilby betre og meir avansert overvaking, pleige og behandling enn ei vanleg sengeavdeling, men lågare enn ei intensiveining.

Eit tverrfagleg spesialisttilbod til pasientar med komplekse og samansette funksjonshemmingar knytt til medfødde eller tidleg erverva nevrologiske og nevropsykiatriske lidingar, gjennomgripande utviklingsforstyrrelsar og genetisk betinga tilstandar. Tilbod om diagnostikk, utgreiing og behandling.

Tilbod til pasientar om fysioterapi, ergoterapi, sosionom, logoped og klinisk ernæringsfysiologi.

Tilbod om eit bredt utval av bildediagnostiske tenester. Konvensjonell røntgen, ultralyd, CT og MR. I akuttsjukehuset skal det vere tilgang til bildediagnostikk 24/7.

Laboratorietenester innan medisinsk biokjemi og fylkesdekkande tilbod innan medisinsk mikrobiologi. Laboratorietenestene skal leverer diagnostikk og behandling (prøvetaking, laboratorieanalyser og blodgiving) til dei andre klinikkane.

I SNR blir forskingsarbeidet ytterligare styrka ved at det planleggast med ein forskingspost nær klinisk verksemd. Det blir auditorium for å kunne samle store delar av organisasjonen, pasientgrupper, studentar til  informasjonsutveksling, undervising og faglege- og sosiale arrangement.

Resepsjons- og informasjonstilbod, helseressurssenter/læring og meistring, presteteneste og multikulturelle tilbod

Det vil vere eit apotek for publikum ved akuttsjukehuset

 

Dimensjonering av SNR

For å møte framtidas behov for pasientbehandling planlegg vi SNR med ny kunnskap, nye behandlingsmetodar og nytt utstyr, Føretaket må auke kapasiteten i framtida, og er nødt til å omstille og jobbe meir effektivt til det beste for pasientane. 

Kapasitetsbehova er berekna med bakgrunn i forventa befolkningsutvikling og aktivitet, justert etter endra sjukdomsbiletet, teknologisk utvikling, omstilling og effektivisering. 

Arealbehovet er rekna ut frå forventet aktivitet, der det er lagt inn krav om blant anna kortare liggjetid, omstilling frå døgn- til dagbehandling, auka opningstid, auka bruk av observasjonssenger, auka effekt av samhandlingsreformen, forventa teknologisk utvikling og nye behandlingsmetodar.

 

Bord

 

 

Samla arealbehov: Blir avklart i optimalisert forprosjekt
Akuttsjukehuset på Hjelset blir ​om lag 60 000 m²
Arealet for tilbodet ved SNR Kristiansund blir avklart i optimalisert forprosjekt

Sist oppdatert 12.07.2023