Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Medisinsk biokjemi og blodbank SNR Hjelset

Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank tilbyr tenester innan klinisk kjemi, hematologi/koagulasjon og blodbank. Her blir prøver både frå sjukehuset og frå primærhelsetenesta analysert.

Poliklinisk prøvetaking: Opningstider måndag - fredag kl. 07:45 - 15:00.

Ver merksam på at poliklinisk prøvetaking utanom opningstid på Hjelset blir utført berre etter avtale mellom laboratoriet og rekvirenten.  

Dersom det må takast blodprøve utanom opningstid, må ein dessverre rekne med litt ventetid. Bioingeniør på vakt kan vere opptatt med prøvetaking og analysering knytt til akutte situasjonar. 

Ny bestillingsportal er innført for prøvetakingsutstyr i Helse Midt-Norge frå 22.04.2024

Bestillingsportal for prøvetakingsutstyr i Helse Midt-Norge finn du her: Bestillingsportal prøvetakingsutstyr – Helse Midt-Norge (helse-midt.no). 

Vi tilbyr våre rekvirentar prøvetakingsutstyr, etikettar, samleposar, sendingshylser, rekvisisjonar og konvoluttar, på vilkår av at prøvene blir rekvirert hos og sendt til laboratoria i Helse Møre og Romsdal.

Varene sendast frå regionalt logistikksenter på Heimdal, og leverast på same måte som tidlegare, med intern levering ved henting av prøver eller via Bring. Forventa leveringstid er 3-5 arbeidsdagar.

Fargeangivelser for prøverør til ulike analysar, SNR Hjelset

Oversikt over dei ulike rekvisisjonsblankettane våre finn du i laboratoriehandboka.

Nokre ting å vere obs på i den nye bestillingsløysinga

Butterfly kan dessverre ikkje lenger kjøpast direkte frå oss, dette må kjøpast frå andre, til dømes NorEngros.

Du finn ikkje UN etikettar til å klistre på samleposer for sending av fleire konvoluttar i den nye løysinga. Desse kan du få ved å ta kontakt med oss på mail eller telefon, sjå kontaktinfo lenger nede. 

Pga samordning av ein del prøvetakingsutstyr i regionen kan det vere at du ikkje finn akkurat dei same varene som tidlegare, men du skal fortsatt finne dei som trengs for prøver som sendast til oss for analysering. Til dømes ligg ikkje ein del spesialrør inne i den nye bestillingsløysninga, feks delvolumsrør (med kvit ring), desse kan sjølvsagt ved behov fortsatt fåast frå oss, i små kvanta, på vilkår av at prøvene vert rekvirert hos og sendt til laboratoria i Helse Møre og Romsdal. Ta kontakt med Medisinsk biokjemi og blodbank ved ditt sjukehus på e-post eller telefon for å bestille.

Om det er varer du likevel tenker manglar i løysinga, ta kontakt, så vil vi vurdere om det er noko vi må få lagt inn.

Kontakt oss

Medisinsk biokjemi og blodbank Hjelset snr.medisinsk.biokjemi@helse-mr.no

Registrering

Om du ikkje alt er registrert, kan du registrere deg på Bestillingsportal prøvetakingsutstyr – Helse Midt-Norge (helse-midt.no), trykk på knappen for «Opprett bruker».
Deretter registrerer du deg slik:

  1. Finn di eining i rekvirentoversikta nederst i skjemaet (bruk søkefeltet for å finne lett fram).
  2. Velg di eining, og du vil få beskjed om å aktivere rekvirenten. Trykk på markert tekst for å gjere dette.
  3. Fyll inn eit telefonnummer og ei epostadresse som er eit felles kontaktpunkt for eininga (typisk post@eksempel...)

No har du aktivert di eining for bestillingar. Du vil få ein e-post der du kan følgje framgangsmåten for å opprette passord og deretter logge deg inn i systemet 
Når du har logga deg inn i systemet som eining/rekvirent kan du opprette fleire bestillarar som alle kan bestille prøvetakingsutstyr på vegne av aktuell eining/rekvirent.
 
Har du spørsmål eller treng hjelp med å komme i gang? Les brukardokumentasjonen her: https://hmn-bestillingsportal-ls.helse-midt.no/dokumentasjon/ eller kontakt oss på 
HMN.provetakingsutstyr@stolav.no

OBS! For enkelte rekvirentar, tilknytt Norsk Helsenett, har det vore problem med å komme seg inn i den nye bestillingsløysinga. Dette skal no vere retta, så prøv gjerne på nytt om du har hatt problem tidlegare. Har du framleis problem, send beskjed til HMN.provetakingsutstyr@stolav.no.

Sjå også informasjon frå oss i Bioposten

Innformasjon frå oss finn du også under nyheiter i Metodeboka vår. Her kan du også abonnere på nyheiter. 

2026

Nr 3 2026 Ny formel for eGFR hos voksne
Interne rekvirentar
- Eksterne rekvirentar
Nr 2 2026 Ny analyse: Aktivt vitamin B12
Nr 1 2026 Overgang til ny metode for analysering av anti-TPO

2025

Nr 10 2025 Overgang til ny metode for analysering av hemoglobin i fæces
Nr 8 2025 Analysering av CD3, CD4 og CD8 i HMR
Nr 7 2025 Overgang til ny metode for analysering av kalprotektin i fæces
Nr 6 2025 Nye referansegrenser PSA
Nr 5 2025 Innføring av duplikatsjekk SR - gjeld HMR interne rekvirentar
Nr 4b 2025 Forsendelse og analysering av prøver ved medisinsk biokjemi og blodbank SNR Hjelset
Nr 4 2025 Forsendelse og analysering av prøver ved medisinsk biokjemi og blodbank SNR Hjelset
Nr 3 2025 Ny analysemetode for IgA, IgM, Homocystein, Revmatoid faktor,
Anti-CCP og Anti-TPO ved SNR
Nr 1 2025 Ny metode for albumin i serum

2024

HP Link nyhetsbrev (informasjon om ny funksjonalitet for prøvetaker)
Nr 4 2024 Diagnostikk av cøliaki
Nr 3 2024 Innføring av aldersjusterte beslutningsgrenser for vitamin B12

2023

Nr 14 2023 Ny enhet og nytt referanseintervall for AFP
Nr 13 2023 Oppstart av analysen Ammoniakk ved medisinsk biokjemi og blodbank Molde
Nr 12 2023 Ny metode for serumproteinelektroforese i Molde
Nr. 11 2023 Samling av allergidiagnostikk​​
Nr. 10 2023 Overgang til ny metode innen allergidiagnostikk​
Nr. 8 2023 Ny analyse Leverfibrose score FIB-4​​
Nr. 5 2023 Elektronisk svaroverføring: Bruk av feil NLK-kode for fritt T3
Nr. 4 2023 Nedleggelse av analysen U-elektroforese og innføring av serum frie lette kjeder i Molde 
Nr. 2 2023 Ny standardisering av CDT
Nr. 1 2023 Ny metode for Kalprotektin i avføring
Instruksjon for prøvetaking til Kalprotektin i avføring​

Eldre skriv kan skaffast på førespurnad til avdelinga.

Medisinsk biokjemi og blodbank Molde

Seksjonsleiar - Marit Sivertsen
Marit.sivertsen@helse-mr.no 

Ass. seksjonsleiar - Katrine Rindarøy
katrine.rindaroy@helse-mr.no

Ulike fagområde ved avdelinga

Blodbanken - Kst. fagbioingeniør Bodil Berg Trygstad
Bodil.Berg.Trygstad@helse-mr.no

Preanalyse/urin - Fagbioingeniør Egil Berild
egil.arve.berild@helse-mr.no

Hematologi/koagulasjon - Fagbioingeniør Heidi Holtskog
heidi.holtskog@helse-mr.no

ANA-Allergi/protein/andre kjemiske analyser - Fagbioingeniør Selma Maksumic Selma.Maksumic@helse-mr.no

Klinisk kjemi/immunkjemi - Fagbioingeniør Lene Johnsen Strand
lene.johnsen.strand@helse-mr.no

Labekspedisjonen - Kontorfagleg koordinator Gunn Jorun Hagset
Gunn.Jorun.Hagset@helse-mr.no

Kontakt

Telefon

  • Måndag - Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag - Søndag STENGT

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Når du kjem inn hovudinngangen til sjukehuset på Hjelset følgjer du skilt til prøvetaking.  

Dronebilde av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Hjelset. Eit sjukehus ved fjorden. Arbeid med uteområdet gjenstår.

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset

Opdølvegen 4

6450 Hjelset

Opningstider prøvetakingspoliklinikken

  • I dag STENGT

Parkering

Vi har fått automatisk skiltgjenkjenning som registrerer deg når du kjem. Etter besøket kan du gå til betalingsautomat, registrere bilnummeret og betale for tida du har parkert.

Du kan også velje automatisk betaling via appen EasyPark. Les meir kameraparkering på EasyPark si nettside 

Diagram, kart
Du finn parkeringsområde nord (P3) og nordvest (P2) for sjukehuset. HC-parkering finn du også like ved hovudinngangen. Parkeringsområdet ved Hjelsetvegen (P12) er tilgjegeleg både for tilsette og besøkande.

Kart

For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

Finn fram på sjukehuset med Mazemap

 

Etasjeoversikt SNR Hjelset

 

Pasientreiser

Når du har vore til behandling, kan du søke om å få reisestøtte. Treng du tilrettelagd transport for å kome til behandling, kan du ha rett til å få ei organisert reise.

Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss til sjukehuset

Det er busstopp like ved hovudingangen til sjukehuset.

FRAM i Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvaret for kollektivtilbudet i fylket. For å søke opp ruter på ein spesifikk trasé, sjå: https://frammr.no/

PDF-tabellane blir også oppdaterte ved endringar: https://frammr.no/reise/rutetabellar-og-linjekart/buss/

Fly

Molde lufthavn, Årø ligg om lag 16 km frå sjukehuset.

Kristiansund lufthavn, Kvernberget ligg om lag 48 km frå sjukehuset.

Parkering 

Det blir ca 1200 parkeringsplasser ved SNR Hjelset. Sjå eigen informasjon under Kart og parkering. 

 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Apoteket ligg rett til venstre når du kjem inn hovudinngangen til SNR Hjelset. 

Opningstider og kontaktinformasjon til sjukehusapoteket på Hjelset kan du finne her

Kafé SNR

Like innom hovudvestibylen i 2. etasje finn du Kafé SNR. Her tilbyr vi lunsj- og middagsrettar, stor salatbar, kaker, fast food og påsmurt bakst. 

Opningstider

Mandag - fredag: kl 9:00-20:00

Laurdag og søndag: kl 10:00-18:00

 

Kiosk

Ved SNR Hjelset har vi også kiosk 24/7 i form av smarte vareskap og drikkeautomatar på sjukehuset. Her får du kjøpt drikke, sjokolade, snacks, gåveartiklar og matrettar frå kjøkkenet. Vi har også Espresso House Barista stasjon.  

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.