Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Et nærbilde av en persons hender

Hudpoliklinikken Ålesund

Vi undersøker og behandlar pasientar med hudsjukdomar frå heile distriktet, dvs. Sunnmøre og delar av Nordmøre og Romsdal. Pasientar som høyrer til Volda sjukehus og som treng lysbehandling pga sin sjukdom, kan få lysbehandlinga ved medisinsk poliklinikk ved Volda sjukehus.

Slik får du time hos oss

Pasientar må ha skriftleg tilvising frå fastlegen sin for å få time ved hudpoliklinikken. Hudlegen vurderer alle tilvisingar og gir prioritering etter gjeldande retningslinjer.

Vi vil legge til rette for eit godt behandlingstilbod og ønskjer å skape ei god og trygg atmosfære for pasientane våre. Spesielt for dei som har ein kronisk hudsjukdom og som treng behandling fleire gonger i løpet av året. Vi legg difor vekt på Helse Møre og Romsdal sine verdiar: Tryggleik - Kvalitet - Respekt. 

Desse diagnosane er nokre av sjukdomane vi gir behandling for:

  • Psoriasis
  • Atopisk eksem
  • Eksem/utslett/kløe
  • Leggsår
  • Hudkreft
  • Føflekk-kreft
  • Aktinske keratoser
  • Acne
  • Skabb
  • Kjønnsjukdomar

Du kan du lese generell informasjon om desse diagnosane på helsenorge.no


Hensikta med undersøkingar er å finne rett diagnose. Nokre behandlingar krev også at ein kontrollerar urin og blodverdiar.

  • Biopsiar/hudprøvar - ofte ved første besøk dersom dette ikkje er tatt av tilvisande lege. Svar får du ved neste kontroll eller i eit brev

  • Blodprøvar - ved sentrallaboratoriet

  • Urinprøvar - nokre medikament krev undersøking av urin

  • Mikroskopiske undersøkingar av sopp, f.eks. fotsopp

  • Allergitest - lappetest med avlesing etter 3 - 4 dagar

  • Hudtest: Epicutantest (lappetest) - Standard  epicutantest og andre spesial testar som ein festar på ryggen.

  • Doppler-undersøking - kontroll av blodgjennomstrømming i leggar og føtter

Du finn meir utfyllande informasjon om mange av behandlingane under overskrifta BEHANDLING lengre nede på sida.

Lys-behandling ved psoriasis, atopisk eksem og andre utslett

Vi har tilsaman 5 heilkropp lyskabinett og 4 lyskasser for hand og fot. Det er omtrent ikkje ventetid når ein kjem til lysbehandling. Ein treng heller ikkje å melde seg i luka for lysbehandling bortsett frå når ein skal til legekontroll. Ein får lysbehandling som oftast 3 gongar pr veke i 5-6 veker.  Før ein avsluttar behandlinga, får ein time hos hudlege.

TL01_1.jpg
KOMBI_2.jpg
TL01_1.jpg
 

PDT-behandling

Fotodynamisk terapi er behandling av basalcellecarsinom, Mb. Bowen og solar keratose. Behandlinga tar tilsaman ca. 3 – 4 timar. Først skrapar legen området som skal behandlast, deretter vert det lagt på Metvix krem og dekker så området med plaster. Etter 3 timar kjem pasienten tilbake, plaster og krem fjernast, og området blir belyst med raudt lys i ca 8 til 15 minutt. Denne behandlinga kan nokre gongar medføre ubehag i form av stikkande eller brennande smerter. Behov for smertelindring vil derfor variere. 

PDT.jpg
 

Kryo-behandling

(frysing) av solar keratose og basalcellecarsinom.


Sår-behandling ved venøse leggsår

Ofte brukar vi Kaliumpermanganat-bad (KP-bad) som virkar desinfiserande, tørkar ut væskande eksem og som virkar kløstillande. Dersom bra blodgjennomstrømming er behandlinga kompresjonsbandasje eller kompresjonstrømper. 


Kontakt

Telefon

Ekspedisjon

70 10 54 50
  • Måndag - Fredag
    • 08:00 - 11:30
    • 14:00 - 15:00
  • Laurdag - Søndag STENGT

Lysbehandlingseininga:

70 10 54 53
  • Måndag - Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag - Søndag STENGT

Behov for å endre timen din?

HelsaMi
Behov for å endre timen din? Ring til avdelinga eller send ei melding via HelsaMi. Logg på helsami.no eller last ned HelsaMi-appen og finn timen din der. Det er viktig at du tar kontakt så snart som råd, og seinast 24 timar før avtalt time for å unngå gebyr. Då kan også andre få tilbod om timen og du bidreg til å redusere ventetidene. Dersom du ikkje melder frå innan fristen, blir du belasta med eit gebyr, sjølv om du er fritatt for eigendel.

eDialog

Slik finn du fram

Oppmøtestad

1. etasje, fløy DS. 

Hovudinngangen sett frå utsida.

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Parkering

Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Parkering i parkeringshuset blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning. 

Oppdaterte prisar for parkering finn du på sunnmoreparkering.no

Betalingsalternativ
  • Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk. 
  • Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset. 
  • Faktura. Ver merksam på fakturagebyr. 
  • På nett innan 48 timar. Gå til sunnmoreparkering.no
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering

HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget. 

Oversikt over sjukehusområdet

Oversikt over sjukehusområdet - Ålesund sjukehus
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering. Det er i tillegg avsett fleire plassar for HC-parkering i 1. etasje i parkeringshuset.  

Kart

For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

Finn fram på sjukehuset med Mazemap

 

Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

Hovudinngang Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5D
Administrasjonsbygget
Åsehaugen 1b
Akuttmottak
Åsehaugen 5C
Apotek
Åsehaugen 5A
Audiopedagogen
Åsehaugen 9
Dagkirurgi aust
Åsehaugen
Barne- og ungdomsavdelinga
Åsehaugen 11
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
Geilebergvegen 20
Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
Geilebergvegen 16
Habiliteringsbygget
Åsehaugen 3
Kreftavdelinga
Åsehaugen 17
Psykiatribygget
Åsehaugen 7A
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Geilebergvegen 20
Åse hotell
Åsehaugen 7
Åsebøen 1
Åsebøen 5

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

Ladestasjonar for el-bil

Pasientreiser

Når du har vore til behandling, kan du søke om å få reisestøtte. Treng du tilrettelagd transport for å kome til behandling, kan du ha rett til å få ei organisert reise.. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Dei fleste bussar stoppar ved Passasjen parkering, parkeringshuset nord for hovudinngangen til Ålesund sjukehus.

Gå via parkeringshuset og ta trappa/heisen ned til første etasje der du kjem rett til hovudinngangen til Ålesund sjukehus.

Fly

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell

 

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider 

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved  hovudinngangen.

Kafé

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje, fløy M. Velkomen!

Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 
Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.