Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Kliniske støttefunksjonar Ålesund
Vi tilbyr ergoterapi og fysioterapi til inneliggande og polikliniske pasientar ved dei fleste somatiske avdelingane ved sjukehuset. Vi samarbeidar tett med dei ulike yrkesgruppene ved avdelingane. Vi har også utlån av hjelpmidlar mens du er på sjukhuset.
Seksjonen har fysioterapeutar, turnuskandidatar (fysioterapi), ergoterapeutar og assistentar.
Fysioterapi tar utgangspunkt i mennesket sine ressursar og stimulerer til ansvar og eigenmeistring. Optimal funksjon og bevegelsesglede er sentrale mål for fysioterapeutars yrkesutøving. Fysioterapi er eit tilbod til enkeltpersonar og grupper av pasientar der siktemålet er å betre og halde ved like funksjon og hindre eller kompensere for funksjonssvikt.
Fysioterapeutane arbeider ikkje på bakgrunn av diagnose, men ut frå funksjon og problemstilling. Det er difor ikkje diagnosen til den einskilde pasient som avgjer om fysioterapeutane skal koplast inn. Vi har faste fysioterapeutar knytt til barne- og ungdomsavdelinga, intensivavdelinga, kirurgisk avdeling, medisinsk avdeling, ortopedisk avdeling og revmatologisk avdeling. Utover dette kan vi koplast inn ved andre avdelingar når det er behov for det.
Fysioterapeutane samarbeidar nært med dei andre faggruppene ved sjukehuset. Vi er med i kartlegging og diagnostisering av pasientar. Vår oppgåve er å kartlegge funksjonsevna og kva for ressursar pasientane har for å betre funksjon og eigenmeistring. I dette arbeidet brukar vi ulike metodar, til dømes funksjonstestar, kartlegging av bevegelsesbegrensningar og smerte, samt analyse av livssituasjon.
Vi kartlegg funksjonsevne og set i verk tiltak i forhold til det. Tiltaka kan omfatte øvingsterapi, funksjonstrening, rådgiving, rettleiing og opplæring. Det bidrar til betre meistring og motiverar til gode arbeidsmåtar og levevanar. Vi tilviser til ulike samarbeidspartnarar for vidare behandling dersom vi finn det nødvendig.
Målet med behandling hos ergoterapeut er å meistre daglege aktivitetar.
Undersøkingar ved ergoterapiseksjonen er ofte ein del av det tverrfaglege diagnostiske arbeidet ved den einskilde avdeling. Den er basert på observasjon og utprøving av aktivitetar, samtaler og testar.
Valg av behandlingstiltak vil avhenge av problemstilling og kompleksitet. Aktuelle tiltak kan være trening, tilpasning og tilrettelegging for aktivitet, planlegging, utforming og tilrettelegging av omgivelser. Trening skjer ved bruk av ulike aktivitetar som fremjar grunnleggande funksjonar. Eksempel på slike funksjonar kan vere balanse, handfunksjon, berøringssans, evne til problemløysing og sjølvinnsikt.
Vi kan også hjelpe til med å søke om hjelpemidler, og vi lagar og tilpassar ortoser/skinner.
Ergoterapeutane arbeider ikkje på bakgrunn av diagnose i seg sjølv, men ut frå funksjon og problemstilling. Det er difor ikkje diagnosen til den einskilde pasient som avgjer om ergoterapeutane skal koplast inn.
Vi har faste ergoterapeutar knytt til medisinsk avdeling, ortopedisk avdeling og revmatologisk avdeling. Utover dette kan vi koplast inn ved andre avdelingar når det er behov for det.
Samarbeid, rådgjeving og rettleiing til kommunehelsetenesta er sentralt ved overføring og oppfølging av tiltak.
Intern utlånsentral har ansvaret for at sjukehuset har hjelpemidlar til utlån til inneliggande pasientar. Tilgjengelige hjelpemidlar for utlån til inneliggande pasientar er:
Rullestolar med nødvendig utstyr
Rullatorar
Preikestolar
Etter bruk, eller når pasienten utskrives frå sjukehuset, skal hjelpemidlane returnerast til oss. Vi har nokre hjelpemidlar for salg. Dette gjeld krykker, ispiggar, tigergrep, gripetenger og strømpepåtrekkarar.
Tilvising:
Tilvising skal i hovudsak skje via behandlande lege ved sjukehuset her, eller frå andre sjukehus i landet. Ved tilvising frå primærhelsetenesta skal dette gjerast via fastlegen.
Vi held til i underetasjen. Lokala våre er store og trivlege med treningssal, gymsal, treningskjøkken og ulike behandlingsrom. Behandlinga skjer både her og på sengepostane.
Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Parkering i parkeringshuset blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning.
Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering
HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget.
Oversikt over sjukehusområdet
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering. Det er i tillegg avsett fleire plassar for HC-parkering i 1. etasje i parkeringshuset.
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Dei fleste bussar stoppar ved Passasjen parkering, parkeringshuset nord for hovudinngangen til Ålesund sjukehus.
Gå via parkeringshuset og ta trappa/heisen ned til første etasje der du kjem rett til hovudinngangen til Ålesund sjukehus.
Fly
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved hovudinngangen.
Kafé
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.
Du finn oss i 1. etasje, fløy M. Velkomen!
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
Helg og høgtid: stengt
Kiosk
I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset.
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
Raude dagar: 10.00 - 18.00
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.