Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Rusbehandling TSB poliklinikk Ålesund

Poliklinisk behandling inneber utgreiing, vurdering og behandling av avhengigheit til rusmiddel, legemiddel og spel, utan innlegging. Her kan du få individuelle samtalar og gruppebehandling. Vi ønskjer at du som har behov for poliklinisk tilbod skal få dette så nær heimstaden din som mogleg, og i tett samarbeid med kommunen du bur i. Tilbodet er for alle over 18 år som har ein avhengigheit. Vi har også eige tilbud til pårørande.

Kontakt

Telefon

Resepsjon

70 17 13 62

Mandag til fredag

Forløpskoordinator pasientforløp

91 33 23 55

Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF

Rusbehandling TSB polikinikk Ålesund

Postb. 1600

6026 Ålesund

Behov for å endre timen din?

HelsaMi
Behov for å endre timen din? Ring til avdelinga eller send ei melding via HelsaMi. Logg på helsami.no eller last ned HelsaMi-appen og finn timen din der. Det er viktig at du tar kontakt så snart som råd, og seinast 24 timar før avtalt time for å unngå gebyr. Då kan også andre få tilbod om timen og du bidreg til å redusere ventetidene. Dersom du ikkje melder frå innan fristen, blir du belasta med eit gebyr, sjølv om du er fritatt for eigendel.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Poliklinikken finn du i underetasjen ved Ålesund Behandlingssenter. Inngang fra parkering like ved innkøyrsel. Inngang er merka med skilt til poliklinikken.

En bygning med parkeringsplass

Ålesund behandlingssenter

Ålesund behandlingssenter

Vestmoa 27

Ålesund behandlingssenter ligg ca 5 minutts gange nordvest for bussterminalen på Moa. Gå mot Spjelkavik kyrkje. Det er lagt godt til rette med sykkelveg og fortau. 

Parkering

Merk at nye parkeringasreal ikkje er ferdigstilt enno. Det blir jobba med å få dette på plass så raskt som mogleg. Følg skilting på området for parkering. 

Et skjermbilde av et videospill
Merking på bildet:1. Hovudinngang2. Poliklinikkinngang i underetasjen
Dronebilde av ny veg ved Ålesund behandlingssenter

Foto: Christian Ibsen, Statens vegvesen

Oversiktsbilde Ålesund behandlingssenter.
En vei med sykkelfelt

Foto: Gro Kjoss Lynge

Vegen forbi Ålesund behandlingssenter er den første i Ålesund med sykkelveg med fortau. Ver merksam på mjuke trafikantar ved inn- og utkøyring. Innkøyring til Ålesund behandlingssenter til venstre på bildet.

 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Ta kontakt med personalet for informasjon om trådlaust nett.

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta