Tverrfagleg ryggpoliklinikk
Tverrfagleg ryggpoliklinikk er eit tilbod til menneske med rygg- og nakkeplager. Vi har eit tverrfagleg team og driv med utgreiing og behandling.
Kontakt
Telefon
- Måndag - Fredag 08:00 - 15:30
- Laurdag - Søndag STENGT
- Måndag - Fredag 08:00 - 15:30
- Laurdag - Søndag STENGT
Postadresse
Helse Møre og Romsdal HF Parkvegen 84 6412 Molde
E-post
Videokonsultasjon
Behov for å endre timen din?
HelsaMi
Behov for å endre timen din? Ring til avdelinga eller send ei melding via HelsaMi. Logg på helsami.no eller last ned HelsaMi-appen og finn timen din der. Det er viktig at du tar kontakt så snart som råd, og seinast 24 timar før avtalt time for å unngå gebyr. Då kan også andre få tilbod om timen og du bidreg til å redusere ventetidene. Dersom du ikkje melder frå innan fristen, blir du belasta med eit gebyr, sjølv om du er fritatt for eigendel.
Slik finn du fram
Oppmøtestad
Vi held til i Moldehallen, Verftsgata 10 i Molde på Bolsønesområdet, i 2. etasje inngang A (på sjøsida av bygninga). Kjem du med bil, er det gratis parkering utanfor. Ta av frå Fannestrandsvegen mot fjorden i lyskrysset ved Glamox. Kjem du med buss, er det busstopp like ved – 2-3 minutt å gå. Det er god bussforbindelse med Timeekspressen til/frå Kristiansund og Ålesund.
Adresse
Åpningstider
- I dag 08:00 - 15:30

Moldehallen
Verftsgata 10


