Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Antibiotikabehandling heime

Enkelte infeksjonssjukdommar krev antibiotikabehandling i fleire veker. Ein berebar infusjonspumpe gir deg moglegheit til å fullføre antibiotikabehandling heime. Du må vere tilkopla infusjonspumpa 24 timar i døgnet.

Antibiotikabehandling

Pumpa eller antibiotikaposen må bytast ein gong for dag. Dette kan utførast av sjukepleiar på sjukehuset anten ved poliklinikk eller sengepost. Etter avtale og opplæring med kommunen din, kan også heimetenesta utføre dette. Då vil du få med deg antibiotikaposar heim. Desse oppbevarer du i kjøleskapet. 

Legen din på sjukehuset vurderer når det er trygt for deg å starte opp med antibiotikabehandling heime. 

Behandlinga blir primært gitt til pasientar som får antibiotikabehandling i 1-6 veker, som er klinisk stabile og utan behov for hyppig observasjon av helsepersonell etter utskriving. 

Du startar opp med anitibiotikabehandling på pumpe medan du er innlagd på sjukehuset, slik at du blir vant til å handtere og gå med utstyret. 

Før du kan reise heim

Før du kan reise heim med intravenøs antibiotika, får du lagt inn eit kateter i ei blodåre der antibiotikaen blir gitt. Kateteret blir lagt inn på operasjonsavdelinga, vanlegvis på overarmen med hjelp av ultralyd. Du får bedøving først. Det er vanleg å oppleve lett til moderat smerte i armen den første dagen, men du kan bruke armen som vanleg. Kateteret kan brukast i fleire veker, og sjukepleiaren vil stelle og observere det under behandlinga. Du får nødvendig utstyr med deg heim frå sjukehuset ved utskrivinga. 

Under

Du vil starte med antibiotikabehandling medan du er innlagd på sjukehuset, slik at du blir vand til å handtere og gå med utstyret.

Sjukehuset tilbyr to ulike pumper for antibiotikabehandling: CADD-VIP Solis berbar infusjonspumpe og Baxtor infusorpumpe. Kva pumpe du bruker, avheng av kva type antibiotika som blir brukt.

  • Ei berbar pumpe som bruker 4AA-batteri.
  • Pumpa er innstilt med ein tryggingskode slik at det ikkje er mogleg for deg å gjere uønskte endringar.
  • Før utskriving vil du få informasjon om pumpa av sjukepleiaren.
  • Det er ønskeleg at du eller nokon du bur med, kan følge med at pumpa fungerer normalt.
  • Du vil få opplæring i korleis du byter batteri og handterer enkle alarmar.
  • Du kan handtere pumpa sjølv ved dei fleste alarmar, men ved luftalarm og tomt reservoarvolum må du få hjelp av sjukepleiar.

  • Pumpa er ein eingongsartikkel og blir bytt ut kvar dag av sjukepleier. 

  • Pumpa inneheld ingen elektronikk og treng ikkje batteri eller lading. 

  • Infusjonsfarta er førehandsinnstilt og kan ikkje endrast. Pumpa fungera best i romtemperatur. Høg eller låg temperatur kan påverke infusjonsfarta.

  • Pumpa fungerer best når den er plassert på same nivå som inngangen til kateteret ditt (same nivå som albue/overarm).

  • Ved aktivitet bør veska plasserast over skuldra for å sikre riktig høgde. 

  • Dersom pumpa er høgare eller lågare enn kateterkoblingen kan det påverke infusjonshastigheten. 

  • På natta plasser pumpa på omtrent same nivå som kateteret ditt. Ikkje legg pumpa under dyna – det kan føre til at legemidlet varmast opp. 

  • Du kan fint være aktiv så lenge du unngår at pumpa utsetjast for vatn, sterk varme eller kulde. 

  • Ein vil sjå at ballongen inne i pumpa blir gradvis mindre ettersom medikamentmengda minkar. Når ballongen er tom må pumpa skiftes av sjukepleiar. 

  • Ta kontakt med sykehuset dersom ballongen inne i pumpa forblir uendra i ett døgn.

Etter

Etter utskriving blir du følgt opp med nødvendige blodprøver og polikliniske timar. Du vil ha open retur tilbake til sengeposten ved klinisk forverring, problem med pumpa eller kateteret ditt. Viss du opplever problem med pumpa eller kateteret, må du kontakte sjukehuset med ein gong!

Dagleg aktivitet

Pumpen blir oppbevart i ei skulderveske eller i eit magebelte. Ha pumpa ved sida av deg i senga eller på nattbordet. Unngå å dekke til utstyret med dynen eller puta, då dette kan føre til at legemiddelet blir for varmt. Du kan utføre vanlege aktivitetar medan du er tilkopla pumpa. Unngå at antibiotikaposen kjem i direkte kontakt med sollys og hald avstand frå peisar/omnar som kan varme opp legemiddelet.

Venekateter

Det skal alltid vere ein steril bandasje over innstikkstaden. Bandasjen skal skiftast minst ein gong i veka av sjukepleiar. Kateteret er ikkje sydd fast og blir halde på plass med eit "låseplaster". Ta kontakt med legen eller sjukepleiaren din viss:

  • Det er teikn til rødhet og/eller hevelse rundt staden der kateteret er lagt.
  • Du observerer teikn til lekkasje frå infusjonssettet eller innstikkstaden.
  • Du observerer at kateteret har sklidd ut.
  • Du får feber og frysningar. Dette kan vere teikn på ein infeksjon.
  • Det er vedvarande bløding.

Dusjing

Du må vere tilkopla pumpa også dersom du skal  dusje. Pumpa toler kondens, men ikkje vatn. Det blir tilrådd at pumpa er utanfor dusjen. Pumpa må ikkje ligge på eit vått underlag. Vern pumpa til dømes med ein plastpose eller pakk den inn i ein handduk. Før dusjing dekker du heile kateteret med kompressar og dusjbandasje. Viss bandasjen blir fuktig, må han bytast av sjukepleiar. Legg dusjing til den dagen sjukepleiaren skal byte bandasjen rundt venekateteret ditt.

Antibiotikaposar

Antibiotikaposer eller antibiotikapumper blir produsert på sjukehusapoteket. Antibiotikaposen er haldbar i 24 timar under infusjon (romtemperatur) og fleire dagar i kjøleskapet (avhengig av type antibiotika).

Legg antibiotikaposane i kjøleskapet med ein gong du kjem heim. Oppbevar antibiotikaposane i midten av kjøleskapet (2-8 gradar). Obs, dei skal ikkje ligge i kjøleskapsdøra eller vere i kontakt med kjøleskapsveggene. Hald dei skild frå matvarer, og dei bør helst ligge på ei eiga hylle i kjøleskapet. Dersom du mottar heimesjukepleie til administrering av antibiotika må du oppbevare antibiotikaen heime i kjøleskapet.  

Tomme antibiotikaposar blir leverte tilbake til avdelinga eller på apoteket (pakka inn i plastpose). Viss restavfallet ditt går til forbrenning, kan du legge antibiotikaposane i ein plastpose som blir kasta i restavfallet.

Isoporkassane blir returnerte til sjukehusapoteket eller sengeposten når det er mogleg. Sjukehusapoteket leverer fleire antibiotikaposar heim til deg og tek kontakt med deg ved behov.

Nødvendig utstyr

Viss du manglar utstyr, ta kontakt med sjukehusapoteket. Utstyret kan berre hentast ut på sjukehusapoteket. Utstyret kan hentast eller leverast heim til deg ved behov.

Sist faglig oppdatert 29.01.2026

Kontakt

  • Kontakt Medisinsk sengepost 2 Ålesund

    Oppmøtestad

    4. etasje, fløy HV. 

    Hovudinngangen sett frå utsida.

    Ålesund sjukehus

    Åsehaugen 5

    Transport

    Parkering

    Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.

    Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning. 

    Oppdaterte prisar for parkering finn du på sunnmoreparkering.no

    Betalingsalternativ
    • Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk. 
    • Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset. 
    • Faktura. Ver merksam på fakturagebyr. 
    • På nett innan 48 timar. Gå til sunnmoreparkering.no
    • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
    HC-parkering

    HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget. 

    Oversikt over sjukehusområdet

    Oversikt over sjukehusområdet - Ålesund sjukehus
    Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.  

    Kart

    For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

    Finn fram på sjukehuset med Mazemap

    Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

    Hovudinngang Ålesund sjukehus
    Åsehaugen 5D
    Administrasjonsbygget
    Åsehaugen 1b
    Akuttmottak
    Åsehaugen 5C
    Apotek
    Åsehaugen 5A
    Audiopedagogen
    Åsehaugen 9
    Dagkirurgi aust
    Åsehaugen
    Barne- og ungdomsavdelinga
    Åsehaugen 11
    Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
    Geilebergvegen 20
    Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
    Geilebergvegen 16
    Habiliteringsbygget
    Åsehaugen 3
    Kreftavdelinga
    Åsehaugen 17
    Psykiatribygget
    Åsehaugen 7A
    Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
    Geilebergvegen 20
    Åse hotell
    Åsehaugen 7
    Åsebøen 1
    Åsebøen 5

    ​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

    Ladestasjonar for el-bil

    Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

    Buss

    Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. 

    Fly

    Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
     
    Praktisk informasjon

    ​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

    Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

    Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

    Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

    ​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

    ​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

    ​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

    Åse hotell

    Treng du nokon å snakke med? ​
    Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

    Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

    Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

    Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

    ​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

    Opningstid

    07.30–15.30

    ​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved  hovudinngangen.

    Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

    Kafé

    Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

    Du finn oss​ i 1. etasje, fløy M. Velkomen!

    Opningstider:
    • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
    • Helg og høgtid: stengt

    Kios​k

    I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 
    Opningstider:
    • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
    • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
    • Raude dagar: 10.00 - 18.00

    ​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

    Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

    Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

  • Kontakt Poliklinikk for infeksjonssjukdommar Ålesund

    Oppmøtestad

    1. etasje, fløy L. Meld deg i luka ved medisinske poliklinikkar.