Epilepsioppfølging av barn og unge - digital eigenregistrering
Pasientar som blir følgt opp for epilepsi kan registrere informasjon om eige sjukdomsforløp ved å logge inn på ein digital nettportal.

Vi tilbyr oppfølging med regelmessige kontrollar ved barnepoliklinikken for barn med epilepsi. Vanlegvis tilbyr vi slike kontrollar ein til to gonger i året. For somme blir det for sjeldan, medan for andre opplevast slike kontrollar unødvendige fordi alt er i orden.
Derfor har vi etablert digital brukarstyrt epilepsioppfølging for barn og unge som eit alternativ til ordinær poliklinisk oppfølging.
Dette vil gi pasient og/eller føresette høve til å vere med på å styre når og korleis oppfølginga skal skje. Oppfølginga blir tettare og til rett tid og du/de slepp å møte til poliklinisk time med mindre det er behov.
Før
Tilbud om oppfølging ved hjelp av digital eigenregistrering får de anten i samband med ordinær time på barnepoliklinikken, eller ved at vi ringer dykk utanom ordinær time.
Under
Slik fungerer digital brukarstyrt epilepsioppfølging for barn og unge
-
De får SMS med lenke til innloggingssida når det er tid for eigenregistrering. Det går an å logge inn i nettportalen frå smarttelefon, nettbrett eller PC. Innlogging skjer via ID-porten med elektronisk ID (BankID), som er ein føresetnad for å delta. Pasientar over 16 år er helserettsleg myndig og kan velje å rapportere sjølv. Rapporten blir fylt ut på ein sikker nettportal levert av CheckWare.
-
Etter vellykka innlogging kjem det opp eit digitalt spørjeskjema med spørsmål som handlar om anfall, behandling og livet med epilepsi. Dette skal de fylle ut ein gong kvar tredje eller sjette månad, alt etter kva som blir avtalt.
-
Epilepsisjukepleiar går gjennom svara. De kan vidare bli kontakta av epilepsisjukepleiar for ein samtale omkring svara, eller de kan få direkte tilbod om legetime. Dersom det ut frå svara ikkje kjem fram forhold som krev vidare avklaring, høyrer de ikkje frå oss før nytt skjema kjem 3 eller 6 månader seinare. Då har vi oppfatta situasjonen som tilfredsstillande.
Ved behov kan de kontakte oss direkte gjennom innlogging på di side også utanom dei fastsette tidene. Dette gjeld IKKJE dersom det oppstår behov for akutthjelp. Då skal de ringe legevakt eller 113.
Avslutning av digital heimeoppfølging
De står fritt til å avbryte den digitale oppfølginga og gå tilbake til ordinær oppfølging i barnepoliklinikk når de måtte ønske det. Ta kontakt med oss dersom de ikkje lenger ønsker tilbodet om digital eigenregistrering.
Kontakt
Ålesund sjukehus
Poliklinikk barn og ungdom Ålesund
Logg inn i CheckWare
Svar på spørreskjemaOppmøtestad
Poliklinikken held til i barne- og ungdomsavdelinga, eit eige bygg like ved hovudinngangen til Ålesund sjukehus.
Adresse
- I dag 08:00 - 16:00

Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5